Hopp til innhold

Slik sorterer du avfallet ditt i jula

Korleis skal eigentleg gåvepapiret sorterast, og kva gjer du når du skal kvitte deg med juletreet? Her får du oversikta.

Julegaver under juletreet

GÅVEPAPIR: Veit du korleis du skal kjeldesortere innpakningspapiret i jula?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

I jula er det mykje av alt – også emballasje. Veit du korleis du skal kjeldesortere avfallet ditt i høgtida?

NRK har samla inn gode tips til deg som er i tvil:

Gåvepapir: Restavfall eller papiravfall?

Nordmenn brukar 60 millionar meter med gåvepapir kvar jul. Det er fort å tenkte at innpakningspapir skal rett i papirdunken, men det stemmer ikkje.

– Sjølv om det har «papir» i namnet, er det meste av julepapir restavfall, fortel Dagny Karin Ugulsvik Alvik.

Ho jobbar i SIMAS, eit avfallsselskap i Sogn på Vestlandet.

Julegaver og juletre i bakgrunnen

RIKTIG SORTERING: Gåvepapiret skal kastast i restavfall. Det same skal cellofan. Men grovare innpakningspapir skal sorterast som papiravfall.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Glansa billigpapir er restavfall. Det har nesten ingen papirfiber i seg, og ein kan derfor ikkje gjenvinne det til noko nytt. Ofte lett å kjenne igjen på den kvite innsida.

– Det er fordi det er behandla. Det er farga og glansa. Derfor kan det ikkje resirkulerast, opplyser Alvik.

Gråpapir/grovare papir med og utan farge skal sorterast som papiravfall.

– Du merkar at dette papiret har mykje meir motstand i seg når du riv i det. Det kan også brukast på nytt neste jul, når det er av god kvalitet, informerer Jørgen Bakke Fredriksen.

Han jobbar i renovasjons- og gjenvinningsetaten i Oslo kommune.

Kva med gåvebandet?

Gåveband og hyssing er alltid restavfall.

– Her kan ein bruke gode band som kan brukast igjen seinare, seier Fredriksen.

Dersom du har fått gåver innpakka i cellofan, må denne ikkje kastast i plast, men saman med restavfallet.

Kor skal du kaste adventskalenderen?

Adventskalenderen er kanskje ofte ei blanding av papir og plast. Då er det viktig å ta seg tid til å sortere, seier Alvik.

– Ein vanleg sjokoladekalender er enkel: Ta ut plastbrettet og kast det med plastemballasje, seier Fredriksen.

Eitt unntak er flaxloddet, sidan det har eit lag med aluminium.

Dette vil vi helst ikkje ha inn i papirgjenvinninga, så Flaxlodd er restavfall, fortel Fredriksen.

Adventskalender

RESTAVFALL: Stort sett er adventskalendrane ei blanding av papir og plast. Men skrapelodda har eit lag med aluminium, og hamnar derfor i restavfall.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Når du skal kvitte deg med juletreet

Juletreet er det litt ulik praksis for i dei forskjellige kommunane. Enkelte stader samlar dei inn treet på nyåret. Sjekk om din kommune hentar juletre på ein bestemt dato.

Ein kan levere treet som hageavfall på gjenvinningsstasjonen.

Juletrenettet og vedsekkar skal i restavfallet.

Men du sorterer kanskje løkstrømpa som plastemballasje? Det er korrekt.

Vedsekkar og juletrenett kan sette seg fast i sorteringsanlegga. Restavfall er derfor ei tryggare løysing.

Fyrverkeri og lys

– Brukt fyrverkeri blir kasta som restavfall. Ubrukt fyrverkeri må du levere som farleg avfall, fortel Berit Nordseth i Trondheim Renholdsverk.

Berit Nordseth

SORTERING: – Dersom ein er god på sortering, unngår ein at restavfallsbehaldaren blir overfylt, seier Berit Nordseth i Trondheim Renholdsverk.

Foto: Trondheim Renholdsverk

Ho legg også vekt på at ein må sortere defekte, elektriske julelys som farleg avfall.

Stumpar frå stearinlys kastar ein i restavfallet. Det same gjeld telyshaldarar i plast. Telyshaldarar i aluminium blir sortert som metallemballasje.

– Dersom ein er god på sortering, unngår ein at restavfallsbehaldaren blir overfylt, fastslår Nordseth.

Matavfall: Kva gjer ein med ribbefeittet?

Ikkje alle har moglegheita til å sortere matavfall, der du mellom anna skal kaste skalet frå ein klementin.

Ei kartlegging NRK gjorde i sommar, viser at 1 av 10 norske kommunar ikkje sorterer matavfall.

Storbyar som Trondheim og Bergen har enno ikkje fått ei slik ordning på plass.

Dagny Ugulsvik Alvik, SIMAS

KLART RÅD: Dagny Ugulsvik Alvik i avfallsselskapet SIMAS råder nordmenn til å kaste ribbefeittet i matavfall eller restavfall, eller fryse det ned og bruke det i sausar.

Foto: Privat

I 2023 blir det obligatorisk for alle norske kommunar å kjeldesortere matavfall.

– Nedkjølt ribbefeitt kan kastast i matavfallsdunken dersom ein har det, fortel Alvik.

Ein kan også kaste det i restavfallet.

Fredriksen har ein tydeleg beskjed:

– Regel nummer éin: Det skal ikkje i vasken. Regel nummer to: Det skal ikkje i do.

Matfeitt tettar avløpsrøra og tiltrekker seg rotter.

Ein kan fryse ned ribbefeitt i terningar og bruke feittet som smakstilsetning i sausar.

Sjekk kjøleskåpet før handleturen

Vi storhandlar og fyller opp kjøleskåpet før jul. Men kva bør ein gjere for å unngå å kaste for mykje mat i jula?

Éin av fire nordmenn seier at dei kastar meir mat i jula enn elles i året.

– Det som blir kasta aller mest er middagsrestar, fortel Alvik.

– Ein har jo lyst å lage rikeleg med mat i jula, men tenk gjennom kor mange personar som skal ete, oppfordrar ho.

Ein kjem langt med god planlegging.

– Grunnen til at folk kastar mykje mat, er at ein har gløymt kva ein har i kjøleskåpet. Det kan vere vanskeleg å ha oversikt når kjøleskåpa er overfylte, legg ho til.

Deler tips om kjeldesortering på Instagram

– Kjeldesortering kan sikkert kjennast som ein jungel innimellom. Ulike kommunar kan ha ulike løysingar, og merkinga på avfallet kan vere forvirrande, seier Fredriksen.

Derfor går Oslo kommune ut med informasjon på Instagram-kontoen @kildesorteringioslo.

Kildesortering i Oslo

DELER TIPS: Oslo kommune deler tips med sine innbyggjarar om korleis ein skal kjeldesortere.

Foto: Skjermdump frå Instagram

– Vi forsøker å svare på dei spørsmåla mange har i kvardagen. Vi vil vise fram nytten av kjeldesortering ved å vise det store biletet: Det høge forbruket vårt og kva avfallet blir til, seier han.