Hopp til innhold

Grisebønder treng 16 millionar i MRSA-erstatning

Svinebøndene som måtte slakte ned flokken på grunn av MRSA, søker om til saman 8,5 millionar kroner i erstatning for tapet av dyra. I tillegg kjem erstatningskrav for saneringsutgiftene, førebels 7,5 millionar kroner.

Gris

Tusenvis av grisar i Trøndelag vart slakta ned i samband med MRSA-utbrotet i vinter.

Foto: Tariq Alisubh/NRK

Det viser prognoser utarbeidd av Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, som er bedt av Landbruksdirektoratet om å rapportere inn nordtrønderske talI frå MRSA-utbrotet.

I februar 2015 vart det oppdaga at gris i Trøndelag var smitta av den multiresistente bakterien LA-MRSA.

Slakta tusenvis av gris

16 grisebesetningar i Trøndelag, Nordland og Troms viste seg å vere smitta. 13 av desse var i Nord-Trøndelag, og produsentane vart nødt til å slakte ned all grisen.

På fire bruk i Nord-Trøndelag vart til saman 1379 avlsdyr avliva, det vil seie 791 purker og 588 «rekruttar» (ungpurker eller -rånar). Spedgris og smågris er ikkje rekna med her, og kjem i tillegg. Dei øvrige 12 bruka dreiv med slaktegris, og dyra derfrå vart sendt til slakting som vanleg. Her er det altså berre utgiftar til sanering dei treng erstatning til.

Vanskeleg å vurdere utgifter til sanering

Arbeidet med sanering er nyleg starta, så utgiftsprognosen på 7,5 millionar er usikker. Ein veit enno ikkje kor stor arbeidsmengda og innleigd hjelp kjem seg på.

– Det er vanskeleg å rekne ut saneringskostnadane. Grisehusa må reingjerast, og ein må få bort smittestoffet, seier landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Kirsten Indgjerd Værdal.

– På det viset kan det bli muleg å sette inn gris der på nytt. Og kva det kostar, veit vi ikkje før arbeidet er gjort. Det blir dermed reint prognosearbeid, seier Værdal.

Fylkesagronom Lisbeth Rannem i landbruksavdelinga hos fylkesmannen i Nord-Trøndelag understrekar at tala enno ikkje er sikre, fordi alle søknadane ikkje har kome inn enno.

Landbruksdepartementet har tidlegare vore ut og lova raskt svar til svineprodusentar som ber om erstatning etter at dei måtte slakte all grisen på grunn av LA-MRSA.

På den eine garden i Troms er det søkt om erstatning på 440.000 kroner for utgifter til sanering, opplyser Fylkesmannen i Troms. Tala frå Nordland og Sør-Trøndelag er ikkje klare enno.