Hopp til innhold

Grete visste ikkje at ho budde i eit torturkammer – no har historia blitt teater

TRONDHEIM (NRK): Forfattar Simon Stranger fekk vite at hans jødiske svigerfamilie budde i Rinnanbanden sitt hovudkvarter etter krigen. Det resulterte i boka «Leksikon om lys og mørke», som no er teken til teaterscena.

Grete Komissar og Simon Stranger

TILBAKE TIL BARNDOMSHEIMEN: Grete Komissar visste ikkje kva som hadde føregått i huset ho budde i då ho var lita. No har svigersonen Simon Stranger sin roman om det berykta huset blitt teaterstykke.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Ein tilsynelatande vanleg kvit trevilla i Trondheim skjuler ei mørk historie frå krigen.

– Det er alltid rart å vere tilbake. Eg kjenner meg godt igjen. Det er sju år som sit djupt inne, sjølv om det er veldig lenge sidan, seier Grete Komissar.

I sine sju første leveår budde ho i det berykta huset «Bandeklosteret» i Trondheim.

«Bandeklosteret» står sentralt i fredagens urpremiere av teaterstykket «Leksikon om lys og mørke» på Trøndelag Teater. Huset gjekk under dette namnet då agenten og krigsforbrytaren Henry Oliver Rinnan saman med Rinnanbanden herja bak husets veggar under andre verdskrig.

Rinnan si oppgåve var å byggje opp eit nettverk med agentar som skulle avsløre norske motstandsfolk.

Fleire nordmenn blei mishandla og torturert på det grovaste i kjellaren av huset.

Video Rinnan-banden

OMFATTANDE RETTSSAK: Klipp frå rettssaka mot Rinnanbanden etter krigen.

Forstår ikkje kvifor familien ville bu der

Det var ikkje mange i den jødiske familien til Grete Komissar som visste om valden og torturen motstandsrørsla blei utsett for i huset.

– Viss vi spurte fekk vi høyre at «det var vanskelege tider», og at huset var eit godt kjøp. Vi leika med vener, og hadde ein fantastisk stor hage. Det var ein fin stad å vekse opp, fastslår ho.

Lite visste Grete om kva som hadde skjedd bak husets fire veggar.

– Vi barna hadde ikkje noko forhold til det. Vi var for små til å fatte kva som hadde skjedd. Foreldra mine klarte på eit eller anna vis å neglisjere det.

Grete Komissar

VISSTE IKKJE: – Vi var for små til å fatte kva som hadde skjedd, seier Grete Komissar om dei brutale hendingane som fann stad i «Bandeklosteret» under krigen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Etter at Grete vart vaksen forstår ho ikkje kvifor familien flytta inn i det berykta huset.

– Eg synest det er heilt utruleg å tenkje på. Eg forstår meir av kva familien var utsett for, og kva det gjorde med oss i ettertid, seier ho.

No er ho spent på teateroppsetjinga av den brutale historia til huset.

– Eg trur det blir veldig rart. Det er ei tøff historie som gjer inntrykk på veldig mange. Eg er utruleg glad for at historia har kome ut, seier ho.

Eit hus fullt av hemmelegheiter

«Leksikon om lys og mørke» er eit resultat av at forfattar Simon Stranger blei fortalt om eit lite barneteater som fann stad i huset til den jødiske svigerfamilien hans.

Barna dansa og song i dei same romma som var torturkammer ti år tidlegare.

Forfattaren var fascinert over den brutale historia til huset, og tok pennen fatt.

– Eg tenkjer at dette huset representerer heile verdskrigen. Bestefaren til Grete Komissar blei avretta på Falstad. Nazismen er representert ved Rinnan, seier han.

Simon Stranger og Grete Komissar

SVIGERMORS HISTORIE: Simon Stranger fann tilfeldigvis ut at svigermor Grete Komissar og familien hennar budde i Rinnanbandens hus etter krigen.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Det store spørsmålet er kva som fekk ein jødisk familie til å flytte inn i dette huset, som Stranger omtalar som eitt av dei mest kjende symbola på ondskap i heile Trøndelag.

Forfattaren har forsøkt å finne svar.

– Det er eit pent hus med ein svær hage. Det er sentralt, med gangavstand til byen. Dei klarte sikkert å ta avstand til historia, seier han.

Han hadde utfordringar med å flette saman historia til Rinnan og Komissarfamilien.

– Å skrive romanar er litt som ein ekspedisjon. Du set i gang i ei retning. Før eller seinare møter du på store problem som du må løyse.

Stranger skreiv først romanen som om kvart kapittel var eit rom i huset, og at dei ulike historiene skjedde samstundes.

Bandeklosteret i Trondheim

SKREKKENS HUS: «Bandeklosteret» i Trondheim er eit hus med ei brutal historie.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

– Det tenkte eg var ein god idé, men det fungerte ikkje. Då eg løyste opp alt av tid og rom, og skreiv dette som eit personleg brev til Gretes bestefar, Hirsch Kommisar, gjekk det betre.

LES OGSÅ: «Rinnan» tilbake i skrekk-kjelleren

Forsøkte å forstå krigsforbrytaren

Det var ei dramatisk historie å gå inn i for forfattaren.

– Dette er ikkje berre ein historisk roman, men også ein roman om vår tid. Om korleis skam rundt å bli heldt utanfor forvandlast til sinne og hemntankar, som eg meiner ein kan sjå tydelege trekk av hos Rinnan.

Forfattaren forsøkte å gå inn i tankane og kjenslene hans for å forstå han innanfrå, slik som vi forsvarer handlingar for oss sjølve.

– Då Rinnan først sa ja til å vere hemmeleg agent for nazistane var det ingen veg ut, påpeikar han.

LES OGSÅ: 70 år siden henrettelsen av Norges mest fryktede nazist

Simon Stranger

TORTURKAMMER: I husets kjellar var det torturkammer då Rinnanbanden eigde «Bandeklosteret» i Trondheim. Forfattar Simon Stranger synest det alltid er litt spesielt å besøke huset.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Du har vore i dette huset fleire gonger. Kva slags følelse får du når du kjem hit?

– Eg ser føre meg fengselscellene og torturkammera som var her. Dei skaut vilt rundt seg i desse romma, fortel Stranger.

På eit bord ligg kuler som dagens huseigar har plukka ut frå veggane.

– Eg slutta å telje då eg passerte 100 kuler, seier huseigaren Eilif Hugo Hansen.

Han kjøpte villaen i 1992. Til trass for husets mørke historie, har han ikkje angra på huskjøpet.

Frå bok til teater

Forteljinga frå huset blei suksess som roman. No er det spennande å sjå korleis den treffer folk frå teaterscena.

– Det å få ein roman på scena inneber å gjere den til noko heilt anna, og gjere det til sitt eige. Dei har gjort nokre veldig spennande regi- og scenografigrep, meiner Stranger.

Regissør Maren E. Bjørseth fortel at dei har prøvd å fokusere på at Rinnan hadde fleire val, som avgjorde kven han blei.

– Vi portretterer han ikkje som eit monster, men prøver å sjå det menneskelege bak. Samstundes tek vi tak i mykje av det grufulle han faktisk gjorde, seier ho.

Leksikon om lys og mørke

TEATERSCENA: «Leksikon om lys og mørke» har blitt teaterstykke ved Trøndelag Teater.

Foto: Marco Villabrille

Stranger har ikkje vore så veldig involvert i prosessen, og er overraska over det endelege resultatet. Han var imponert over at skodespelarane syng og spelar fleire karakterar.

– Det var veldig fint. Sjølvsagt var det emosjonelt og rart for min del å sitte der som publikum. Eg håpar folk sit igjen med historia, men også ei påminning om at dette dessverre ikkje berre tilhøyrer fortida. Vi må ikkje slutte å seie namnet til dei som er borte, fastslår han.

Nå har historien om den jødiske familien som flytter inn i Bandeklosteret, havnet på Trøndelag teater.

TEATER: Historia om den jødiske familien som flytta inn i «Bandeklosteret» har hamna på Trøndelag Teater.