Hopp til innhold

Skuldar kommisjon for å ta side i filleristingssaker: – Kan leie til feil dommar og justismord

Forsvarsadvokat meiner viktig kontrollfunksjon favoriserer dei som meiner at omstridt diagnose er reell. Leiaren av kommisjonen svarer at den må ta omsyn til den gjeldande forståinga.

Advokat Frode Sulland foran mørkerøde sofagrupper inne i lokalene hos Kripos i Oslo.

KRITISK: Frode Sulland meiner Den rettsmedisinske kommisjonen tek stilling og er partiske i filleristingssakene.

Foto: Morten Waagø / NRK

For snautt eitt år sidan stod ein far tiltalt for å ha fillerista og mishandla sin då tre månader gamle son. Babyen hamna i respirator og fekk livstruande skadar.

Ekspertane som beskreiv skadane i retten, og vurderte kva dei kunne komme av, var usamde.

Kom skadane av filleristing og/eller annan vald mot hovudet? Eller kunne skadane komme av sjukdom?

Fagpersonar og forskarar over heile verda har i fleire år krangla om diagnosen filleristing, også kjent som Shaken baby syndrome, er godt nok bevist gjennom vitskap og forsking.

Mannen vart dømd i tingretten, men i ankesaka i lagmannsretten vart han frikjend.

Retten kunne ikkje sjå bort frå tvilen til ekspertane om skadane kunne ha andre årsaker enn vald.

Sonen er i dag heilt frisk og bur saman med foreldra sine.

Les også Omstridt barnevold-diagnose: Legehåndbok fjernet artikkel om filleristing

Filleristing

Blir kritisert for å vere samstemde

Under rettssaka kom forsvararane med kritikk av Den rettsmedisinske kommisjonen (DRK).

Før dei medisinske ekspertane får leggje fram funna sine for retten, må DRK ha kontrollert kvaliteten på arbeidet som er gjort.

Kritikken mot kommisjonen gjekk mellom anna ut på at

  • Motstemmene manglar. Kommisjonen har berre medlemmer som representerer eitt fagleg syn i filleristingsdebatten: Dei meiner filleristingsdiagnosen er reell.
  • Erklæringar frå ekspertar som meiner at skadane kan komme av sjukdom får fleire kritiske merknader

Heile kritikken i dommen frå Borgarting lagmannsrett, og DRKs omtale av han i årsrapporten sin, kan du lese i faktaboksen.

– Fagmiljøet vernar kvarandre

Frode Sulland og Henriette Willix var forsvararar for mannen som vart frikjend for å ha fillerista sonen.

Sulland meiner kommisjonen står fram som ein aktør som vil forsvare sine eigne faglege posisjonar.

– Dette verkar jo då som eit lite fagmiljø der ein vernar kvarandre, og kor nye og kritiske stemmer ikkje vågar å stå fram, seier Sulland.

Han meiner DRK favoriserer dei som meiner at den omstridde filleristingsdiagnosen er reell, og at dette svekkjer truverdet til kommisjonen.

Det vil jo føre til at ein kneblar motstemmer. Til saman fører dette til at sakene blir einsidig belyst, noko som igjen kan leie til feilaktige dommar og justismord.

Advokat Henriette Willix og advokat Frode Sulland står og prater i et rom under et Kripos-fagseminar om filleristing i Oslo.

Henriette Willix og Frode Sulland var forsvararar for mannen som vart frikjend for å ha fillerista son sin i Borgarting lagmannsrett. Dei meiner Den rettsmedisinske kommisjon tek stilling og er partisk.

Foto: Morten Waagø / NRK

Brukar «allment akseptert kunnskap»

Leiaren av DRK tilbakeviser kritikken og seier at dei derimot berre gjer det dei er sett til å gjere.

Som fagrevisor, som faktisk kommisjon er, må vi ta omsyn til den gjeldande forståinga av fenomenet, forklarer Karl Heinrik Melle.

Kva som er det rådande synet og kva forsking som blir mest vektlagd, er opp til det medisinske fagmiljøet, ifølgje Melle.

Kommisjonen vurderer rapportane opp mot det som blir rekna som «allment akseptert medisinsk kunnskap».

– Men kjem det til ny forsking eller ny kunnskap som tilseier at den rådande forståinga må endrast, så vil den sjølvsagt også bli endra i praksis både frå det sakkunnig miljøet og kommisjonen.

Melle seier at det skjedde i etterkant av den såkalla Bjugn-saka. Då viste forsking at funn ein trudde indikerte seksuelt misbruk, berre var heilt normale funn i barns underliv.

Men så langt eg ser no så har ikkje det komme den typen forsking på dette feltet, seier Melle.

Karl Heinrik Melle

Karl Heinrik Melle håpar det vil komme ny forsking som vil ta diskusjonen på feltet vidare.

Foto: Erlend Laanke Solbu / NRK

– Ei tvangstrøye

Forsvarsadvokat Sulland seier han forstår at ein må ha yttergrenser for det vitskaplege grunnlaget, men meiner dette fort kan bli det han kallar ei tvangstrøye.

– Når ein er innanfor eit område med store diskusjonar, stor fagleg kontrovers, både nasjonalt og internasjonalt, så blir det ein heilt uakseptabel måte å avgrense sakkunna på, seier Sulland.

Les også «Jon» meiner han er feilaktig dømt for å ha fillerista sonen sin

Ein mann står og held ein tom bilstol til barn. Bilstolen er grå, og mannen har på seg ei grøn jakke.

Kompetanse avgjer

Melle stadfestar at det ikkje er nokon medlemmer i gruppa som behandlar desse sakene som står for det alternative synet på filleristing, altså at skadane kan komme av sjukdom.

– Det vil vere ein tendens til at det fagmiljøet som representerer eit rådande syn på eit fagområde, er det som dominerer både blant fagrevisorane og dei sakkunnige som utferdar erklæringane, seier Melle.

Det er ikkje DRK som innstiller eller bestemmer kven som skal sitje i kommisjonen, men innstillingsrådet.

Ifølgje Melle er det ikkje noko i vegen for å gi ein søkjar med eit alternativt syn plass i kommisjonen så lenge vedkommande har rett kompetanse.

Les også Riksadvokaten vil ha færre eksperter i retten

Filleristing

– Kan ikkje ha medlemmer ut frå meining

DRK er delt inn i fire faggrupper. Rettsmedisinar og professor emeritus ved Universitetet i Oslo, Torleiv O. Rognum, leiar dei som behandlar filleristingssakene, gruppa for rettspatologi og klinisk rettsmedisin.

Han meiner at medlemmene må vere dei som er best kvalifisert og som best meistrar faget, og ikkje kan veljast ut frå kva dei meiner i den faglege debatten.

Professor Torleiv O. Rognum

– Val av kven som skal vurdere ei erklæring blir gjort av dei i leiargruppa som ikkje kjem frå det fagmiljøet der erklæringa er utarbeidd, seier Torleif Rognum. 

Foto: Morten Waagø / NRK

– Det er jo ikkje kommisjonen sjølv som plukkar ut dei som sit der. Det er fagleg kompetanse og erfaring som blir vektlagd av innstillingsrådet, ikkje kva søkjarane meiner i ulike spørsmål.

– Korleis varetek de kontrollfunksjonen internt dersom de representerer berre den eine sida av debatten?

– Det er to viktige forhold: habilitet og kompetanse. Eg vil derfor ikkje bli bede om å fordele eller å vurdere ei erklæring frå fagmiljøet mitt i Oslo, forklarer Rognum.

Var ikkje tema for innstillingsrådet

Tidlegare leiar av innstillingsrådet, Bjørn K. Soknes, var med å velje ut medlemmene i gruppa for rettspatologi og klinisk rettsmedisin som har verva no og fram til 2027.

Han seier at det er heilt tilfeldig at ingen som står for det alternative synet på filleristing er med.

– Eg trur det rett og slett er at dei ikkje har søkt. Også veit eg ikkje om det hadde vore aktuelt å ta dei inn, om dei hadde søkt. Dei kan jo ikkje komme inn berre på grunn av at dei har ein eige teori knytt til filleristingsdiagnosen. Dei må jo også tilfredsstille dei andre krava til å vere i kommisjonen.

Ifølge Soknes fokuserte innstillingsrådet på å sette samen ei gruppe som hadde brei kompetanse og som ville kunne handsame alle typar erklæringar som dei får inn. Syn på filleristing var ikkje noko dei snakka om.

– Eg kan med 100 prosent sikkerheit seie at det ikkje var tema på nokon av dagane vi var samla som innstillingsorgan.

Bjørn Kristian Soknes, førstestatsadvokat

– Dette er ikkje noko vi har ønska, men eit resultat av kven som har søkt, seier Bjørn K. Soknes som var leiar av innstillingsrådet til DRK mellom 2015 og 2023.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Vil nytte kvalifikasjonsprinsippet

Katharina Rise er ny leiar for innstillingsrådet.

– Vil de sørgje for at det blir representantar frå begge sider av debatten neste gong medlemmer skal utnemnast?

– Vi kjem til å nytte kvalifikasjonsprinsippet som det førande ved tilsetjingar og som gjeld generelt ved statlege tilsetjingar også her. Det vil seie at det er den best kvalifiserte søkjaren som skal tilsetjast, skriv ho i ein e-post til NRK.

Same ekspertar med fleire roller

Både NRK og Klassekampen har tidlegare omtalt at det er tre ekspertar som går igjen i filleristingssakene. Dei tre er også medlemmer, eller har vore med, i Den rettsmedisinske kommisjonen.

Les også NRK gransker: De samme ekspertene går igjen når foreldre dømmes for barnemishandling

Få rettsmedisinarar i Noreg gjer at dei som går igjen som sakkunnige i dei fleste filleristingssakene også sit i Den rettsmedisinske kommisjon.

Det betyr at eksperten kan vere sakkunnig i ei sak, og neste gong kontrollere rapporten til ein sakkunnig som vedkommande samarbeider med i kommisjonen.

– Eg kan forstå at forsvarsadvokatar opplever koplinga som problematisk. Men kommisjonen kontrollerer berre skriftlege erklæringar, og har inga anna rolle i rettsprosessen. Det er berre eitt av mange bevis, svarer Melle.

Ifølgje Melle er det umogleg å gjere det på nokon annan måte sidan miljøet er så lite.

Han understrekar at Justis- og beredskapsdepartementet har konkludert med at habiliteten er vareteken.

Les også Uenige om filleristing: Må henlegge saker hvor babyer har hodeskader

Kåre Svang etterforsker vold, overgrep og drap på barn som etterforskningsleder hos Kripos. Han står og prater i et rom under et fagseminar om filleristing.

Hei!

Har du lyst til å dele noen umiddelbare tanker? Eller har du konkrete tips som vi bør kikke nærmere på? Vi er en gruppe NRK-journalister som har rapportert om filleristing og vold mot barn siden 2018.

Signal:+ 47 928 58 483