Hopp til innhold

«Jon» meiner han er feilaktig dømt for å ha fillerista sonen sin

Dersom saka hadde blitt behandla i dag, er advokaten hans sikker på at ho hadde blitt lagt bort. Gjenopninga av ei liknande sak gir «Jon» håp.

Ein mann står og held ein tom bilstol til barn. Bilstolen er grå, og mannen har på seg ei grøn jakke.

TOMT: Bilsetet til sonen står framleis heime på familiegarden.

Foto: Morten Waagø / NRK

På kjøkkenbordet står datamaskina til «Jon». Bakgrunnsbilde viser ein gut som smiler til kamera. Jon er far til guten, men han får berre sjå han til saman fire timar kvart år.

Han vil gjerne sjå han meir, men får ikkje lov.

I 2021 vart han dømt til 10 månader i fengsel. Eit fleirtal av dommarane meinte det var bevis for at han hadde fillerista sonen.

Men Jon meiner dommen er feil.

– Eg har jo ikkje skadd sonen min. Den er ikkje rett, denne dommen. Eg kan ikkje berre gi meg, seier han.

No kjempar han saman med advokaten sin for å bli frikjent. Nyleg vart det avgjort at den såkalla dagmammasaka får ei ny behandling i retten.

I tillegg er fleire saker som handlar om vald mot barn sendt inn til Gjenopptakingskommisjonen.

Det gir håp for Jon.

Ein mann plukker eit raudt eple frå eit epletre. Du ser berre handa til mannen, ikkje fjeset.

Jon er busett på ein gard som ligg på Vestlandet. Der har han mellom anna eple og plommer.

Foto: Morten Waagø / NRK

Natta som snudde om på livet

Det var i 2014 livet endra seg for Jon. I all hast måtte han og sambuaren reise til sjukehuset med den seks veker gamle sonen sin. Guten hadde rykkingar i den eine arma, og gret mykje.

Eg var redd for han då. At han ikkje skulle bli frisk, at det ikkje skulle gå bra, seier Jon.

Etter mange prøver og undersøkingar, blei det klart at babyen hadde skadar i hjernen. Men sjukehuset fann verken blåmerke eller brotskadar på guten.

Politiet mistenkte det var foreldra si skuld at sonen låg på sjukehuset. Midt på natta vart dei arresterte og sikta for å ha mishandla han.

I avhøyra sa Jon at han ikkje visste kvifor sonen har fått dei skadane han hadde.

Nei, du blir jo ganske motlaus då. Du blir ikkje trudd. Det er ein veldig vanskeleg situasjon å vere i. Sonen min låg på sjukehuset, og det blir sagt at det kanskje er du som har gjort noko, seier han.

Klassekampen omtala historia til Jon først.

Hadde berre to av tre skadar

Dei siste åra har forskarar over heile verda krangla om diagnosen filleristing. Den blir også kalla shaken baby syndrome.

Diagnosen går ut på at risting av ein baby kan føre til ein triade av skadar i hovudet. Hjernebløding utanpå hjernen, blødingar inne i auga og hjerneskade.

Sonen til Jon hadde ikkje blødingar inne i auga.

Advokaten til Jon, Jannicke Keller-Fløystad, seier ingen andre i Norden har blitt dømt på bakgrunn av berre to av tre funn.

Dersom saka hadde blitt meld i dag, er eg sikker på at ho hadde blitt lagd bort, slik tilsvarande saker har blitt i etterkant av domfellinga, seier Keller-Fløystad som jobbar ved Elden advokatkontor.

Ho viser til ein sak i Borgarting lagmannsrett der far til barnet vart frikjent.

I Sverige har dei gått heilt vekk frå å dømme folk for dette. Ein svensk ekspert som var henta inn i saka til Jon, sa til NRK i 2021 at om denne saka hadde vore oppe for retten i Sverige, hadde han ikkje blitt dømt.

– Justisfeil frå starten av

No er saka sendt til Gjenopptakingskommisjonen. Keller-Fløystad meiner det er fleire forhold som viser at han er uskuldig:

For det første at det berre er funne to av tre skadar på barnet som tilseier filleristing. Og at avhøyra som vart gjort av foreldra ikkje er gjort på rett måte.

Det som skjer er at vi har ein justisfeil frå starten av saka som forplantar seg vidare.

Advokat Jannicke Keller-Fløystad sit med ei kvit mappe på eit kontor. Ho har blondt hår, og har på seg ei svart jakke.

Jannicke Keller-Fløystad jobbar ved Elden advokatfirma i Bergen.

Foto: Morten Waagø / NRK

Ho har også fått ein avhøyrsspesialist til å sjå på avhøyra. Han er ikkje nådig i kritikken.

I rapporten skriv spesialist Ivar Fahsing at det er brukt dårleg intervjuteknikk, og at avhøyra dermed er lite eigna som bevis i saka.

Vi har aldri gitt oss, men no endeleg så har vi ein slik rapport som gir far fullt medhald i at avhøyrsmetodikken ikkje har vore forsvarleg, seier Jannicke Keller-Fløystad.

Strid i retten

Det tredje forholdet Keller-Fløystad viser til, er det ho meiner er strid mellom ekspertane i retten.

Saka var først innom tingretten, så ei runde i lagmannsretten. Så vart den anka til Høgsterett, som oppheva dommen. Dermed måtte lagmannsretten behandle saka på nytt.

I desse rundane henta retten inn fleire ekspertar som skulle meine noko om kva som hadde skjedd med barnet.

Ifølgje advokaten endra ein av ekspertane forklaringa si frå første runde i tingretten, til andre runde i lagmannsretten.

Ho meiner at han ikkje lengre var like sikker på at filleristing var årsaka til at sonen til Jon hadde fått skadar. Det kunne også ha vore andre grunnar.

Ankesak i Gulating lagmannsrett om filleristing.

Fleire ekspertar var til stades og vitna i rettssaka mot Jon.

Foto: Christian Lura / NRK

Dommaren meinte bevisa var gode nok, og Jon blei dømt.

Eg tenkjer at rettstryggleiken til far i denne saka har ikkje har vore tatt vare på, seier Jannicke Keller-Fløystad.

Statsadvokat Benedikte Høgseth skriv i ein e-post til NRK at ho ikkje ønskjer å kommentere saka så lenge den er til behandling i Gjenopptakingskommisjonen.

Ho har sjølv sendt inn merknadar til kommisjonen i denne saka.

Håper å bli frikjend

Først sju år etter at han vart sikta, blei Jon dømt i 2021. Han fekk ti månader i fengsel, og måtte i tillegg betale 1,8 millionar kroner i erstatning til sonen sin. I 2017 fekk sonen diagnosen cerebral parese.

På grunn av den høge summen risikerer han å misse familiegarden har bur på. No håper han å bli reinvaska.

Ja, det er jo det eg håpar på, at dei kjem fram til at eg blir frikjend. Det vil jo bety veldig mykje.

Ein mann sit med handa på rattet til ein raud traktor.

Ein raud traktor står parkert på garden der Jon bur.

Foto: Morten Waagø / NRK

Motivasjonen til Jon er å kunne få meir tid med sonen, som no bur hos ein fosterfamilie. Han drøymer om at dei to skal kunne ta ein tur på traktoren i lag.

Det hadde sikkert vore stort for han. Han er veldig interessert i traktorar, maskiner og lastebilar. Det hadde kanskje vore veldig kjekt å ha gjort.

Jon er ikkje det eigentlege namnet hans, men av omsyn til familien er han anonymisert.

Hei!

Vi er ei gruppe NRK-journalistar som har rapportert om filleristing og vald mot barn sidan 2018.

Har du tips til oss, eller andre innspel? Ta kontakt. 

Signal:+ 47 928 58 483