Hopp til innhold

Mobiltelefonar og elbilbatteri kan blåse nytt liv i gamle gruver

Det grøne skiftet bidreg til høge koparprisar. Det gjer gamle, nedlagde gruver attraktive for gjenopning.

Råmalmsilo i Joma Gruve i Røyrvik

NEDLAGT: Bilde frå i vinter av ein av siloane der det vart lagra råmalm då gruva var i drift frå 1972 til 1998.

Foto: Anders Selliås

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Blant forfalne bygg og bekkar med forureina vatn kan det reise seg eit nytt gruveeventyr i Røyrvik.

– Vi håpar det kan bli kanskje 115 arbeidsplassar på den norske sida, og 50 halvårsvis på den svenske, seier styreleiar Peter Hjort i Joma gruver.

Det er ikkje reint lite for den vesle kommunen Røyrvik nordaust i Trøndelag. Her bur det berre rundt 450 innbyggarar.

Styreleder Peter Hjorth i Joma Gruver under folkemøtet i Røyrvik i oktober 2021

NYE PLANAR: I førre veke informerte styreleiar Peter Hjorth i Joma gruver folk i Røyrvik om deira planar for ny gruvedrift i kommunen.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Ettertrakta kopar

Sist gong det var drift i gruva var i 1998. No ønskjer Joma gruver og svenske Bluelake Minerals å setje den i drift igjen.

Det er spesielt koparen i gruva som er ettertrakta no fordi mineralet blir brukt i alle elektriske ting.

– Vil ein ha mobiltelefonar og datamaskiner, treng vi fleire mineral og metall. Det går ikkje an å dekke behovet med gjenvinning, seier styreleiar Peter Hjorth i Joma gruver.

Det grøne skiftet krev meir mineraler

MINERALKREVJANDE: Det grøne skiftet krev mineral, mellom anna kopar.

Foto: Norges Geologiske Undersøkelse

«Grønt mineral»

Kopar vert omtala som eit «grønt mineral» av Norsk geologisk undersøking (NGU). Dei meiner det er «et helt uunværlig metall i det grønne skiftet».

– Kopar er spesielt viktig i forbindelse med det grøne skiftet fordi overgangen til fossilfri energiproduksjon krev auka transport av straum, seier geolog og avdelingsdirektør Henrik Schiellerup i NGU.

– Elbilar krev meir kopar enn konvensjonelle bilar. Vi treng også kopar til vindturbinar og mobilteknologi, forklarar han.

Fryktar meir forureining

Fleire er kritiske til å gjenopne gruva, av omsyn til miljøet.

Dei gamle gruvegangane skal innehalde 3,5 millionar kubikkmeter vatn, som må reinsast før det blir pumpa ut i naturen.

– Det seier seg sjølv at det er utfordrande, seier Anders Selliås til NRK.

Han er næraste nabo til gruva, og har ved fleire høve kritisert manglande opprydding i området. Sidan gruva vart lagt ned i 1998 og fram til i år har det runne tungmetall frå den gamle gruva ut i Hudningsvatnet like ved.

– No skal det seiast at dei har gjort ein del oppryddingsarbeid i haust etter ein del påtrykk, seier Selliås.

Ordførar Hans Olav Devik (Sp) lovar at kommunen vil ha fokus på ei berekraftig drift om gruva vert opna igjen.

– VI hugsar godt den førre gruvedrifta der det ikkje var særleg krav til forureining. Det vil vi ha veldig fokus på framover. Vi vil ha ei drift vi kan leve med, seier han.

Anders Selliås ved Joma Gruver

SKEPTISK: Anders Selliås er nærmaste nabo til Joma gruver. Bildet vart tatt i vinter.

Foto: Espen Sandmo / NRK

Leiter etter kopar i fleire gamle gruver

Historisk sett har verda dobla forbruket av kopar med 30–40 års mellomrom. No kjem det grøne skiftet i tillegg, fortel geolog og avdelingsdirektør Henrik Schiellerup i NGU.

– Det grøne skiftet skaper et aukande press på verdas koparproduksjon. Samtidig er kopar eit av dei tre metalla vi bruker mest av generelt, seier han.

Ein drivverdig førekomst, betyr at det kan drivast gruvedrift med økonomisk overskot.

I Noreg går det no føre seg leiting etter drivverdige førekomstar av kopar i mange av dei gamle gruveområda, der vi har produsert kopar og sink gjennom fleire hundreår – for eksempel på Røros, Kvikne, Løkken, Joma og Sulitjelma, fortel Schiellerup.

– Joma er litt unik fordi den gamle infrastrukturen til dels framleis er på plass og kan brukast, seier han.

Ifølgje NGU kan store koparressursar framleis liggje skjult i norske fjell, men også på havbotnen.

Fleirtalet av verdas land har sett foten ned for gruvedrift på havbotnen, men ikkje Noreg.

Det kan du lese meir om her: