Ektemannen er tiltalt for å ha drepe henne med ein overdose morfintablettar.
Han seier ho ville døy på grunn av Parkinson og nektar for anna enn å ha kjøpt tablettar til henne.
Torsdag vitna begge sønene hennar i rettssaka.
Ei mor som ønska å leve trass sjukdomen
Sønene fortalde retten om ei mor som var glad i livet.
– Ho elska sola.
Det var det første den yngste sonen (50) sa då aktor bad han beskrive mora som døydde 29. juni heime i Ørland.
Ho var open, ærleg og blid. Glad i å strikke og halde på i hagen, fortalde sonen.
Sjukdomen prega mora litt. Ho kunne ha vanskar med å reise seg frå stolen. Av og til vart mimikken hennar i andletet litt stiv og ho kunne streve med balansen.
Då ho var på Kastvollen rehabiliteringsenter i januar 2023 besøkte den eldste sonen (55) henne.
– Ho kjem nærast springande med armane strekte ut mot oss.
– Eg tenkte:
– Er dette mamma?
– Det var første gongen på mange år at eg har sett henne sånn. Kastvollen hadde gjort underverk, seier sonen.
Han fortel at ho også gjekk trappene på Kastvollen, i staden for å ta heisen.
Begge sønene meiner at ho vart dårlegare då ho kom heim frå rehabiliteringa. Ho gjorde ikkje øvingane sine og sat mykje i stolen.
Gjorde lydopptak på sjukehuset
Mora vart sendt i luftambulanse til sjukehus i februar. Der vart funne ei dødeleg dose med morfin i kroppen hennar.
Begge sønene fekk sjokk, fortel dei i retten:
Mora brukte medisinar for mellom anna Parkinson. Ingen av dei inneheld morfin.
Då mora fekk vete om funnet av legen, sa ho at ho trudde nokon freista å ta livet av henne. Dette vart dokumentert i eit opptak som eit familiemedlem gjorde med henne på sjukehuset. Mora visste ikkje om at opptaket vart gjort, fortel den eldste sonen.
Han trur ikkje mora hadde gitt samtykke til det om dei hadde spurt, seier han.
Opptaket skal spelast av i retten. Før sønene sin tur torsdag vitna to overlegar som hadde kontakt med kvinna då ho var innlagd i februar.
Dei meinte ho ikkje prøvde å skjule noko.
– Eg trur det er tiltalte som har gjort det
29. juni ringde tiltalte den eldste sonen hennar like før klokka 11. Han sa med ein gong at mamma var død, fortel sonen hennar i retten.
Det kom som eit stort sjokk, trass i det som hadde skjedd i februar. I februar sa tiltalte at kona hadde fått hjernebløding fordi ambulansesjåføren meinte det kunne vere det.
29. juni sa tiltalte at denne gongen var det hjartestopp, fortel sonen.
På sjukehuset møtte dei tiltalte på akutten.
Den yngste sonen hugsar uttrykket i andletet til tiltalte:
– Eg vil kalle det ein smurf som smiler litt. Det var ikkje nokon mimikk. Ikkje noka sorg.
– Eg trur det er han som har gjort det, seier sonen i retten.
Med «han» meiner han tiltalte som sonen stort sett omtaler som «den andre parten» under vitnemålet sitt.
Han meiner mora vart heilt avhengig av tiltalte etter at dei flytta til Fosen. Ho hadde ikkje førarkort og tiltalte var alltid med henne. Det var også han som sytte for at ho tok medisinane sine til rett tid.
Langvarig arvekonflikt
Familien hadde ei langvarig arvekonflikt gåande sidan 2018.
Ein diskusjon om å sitte i uskifta bu kom opp fleire gonger frå tiltalte.
– Eg trur det har skjedd i sinne, affekt, på grunn av det med uskifta bu.
Det seier den yngste sonen i retten når han hevdar det var tiltalte som drap mora.
Tiltalte skal ha sagt på telefon til sønene at dersom han døyr, så går pengane i buet til dei to døtrene hans. Då må kona ta opp lån for å klare seg.
Han har forklart at også kona ville at sønene skulle skrive under på avtaler. Sønene meiner mora vart prega av konflikten.
– Eg trur ikkje mamma ville dette. Då hadde ho tatt det opp med oss, fortel den yngste sonen.
Men det var vanskeleg å snakke med mora på tomannshand, ifølgje sønene. Tiltalte var stort sett alltid med på telefonen.
Han sende også ei tekstmelding til den eldste sonen hennar om at mora var ulukkeleg på grunn av samtalen med den andre sonen like før. To dagar etter døydde May Iren Eliassen.