Han er innkalla som vitnet i saka der ein mann frå Ørland er tiltalt for å ha drepe kona si med ein overdose morfintablettar.
Han seier ho ville døy på grunn av Parkinson, men nektar for anna enn å ha kjøpt tablettar til henne.
Sa at kona var kreftsjuk
Onsdag ettermiddag tok seljaren i slutten av 30-åra vitneboksen i tingretten.
Han fortel at han møtte tiltalte på ein benk i Trondheim sentrum tidleg i januar 2023.
Tiltalte ville kjøpe tablettar og fortalde om ei kreftsjuk kone, seier vitnet.
Kona responderte dårleg på cellegift. Derfor ville ho døy heime, skal tiltalte ha fortalt ifølgje vitnet.
Han sa tiltalte fortalde at ekteparet hadde ein skriftleg kontrakt.
Avtalen var at ektemannen skulle skaffe tablettar og at han skulle gje dei til kona i mat eller drikke utan at ho visste når.
–Er du sikker på at det var slik han fortalde det, spør medaktor Aftret.
–Ja, svarer vitnet.
Han fortel vidare:
Mannen sa han hadde googla seg fram til at det kunne gi inntil tre års fengsel å hjelpe personar med å døy.
Dersom det vart oppdaga så hadde han det skriftleg at ekteparet hadde ein avtale.
Seljaren fortel at tiltalte ikkje presenterte seg med det verkelege namnet sitt då.
Men i avhøyr hos politiet i juli, plukka vitnet ut tiltalte på bilete.
Tiltalte har sagt i retten at paret ikkje hadde nokon skriftleg avtale fordi det ikkje var naturleg for dei.
–Vi forstod kvarandre så godt, har tiltalte sagt i forklaringa si fleire gonger.
–Sa han rørte ut tablettane i teen, men at ho overlevde
Vitnet fortel at han møtte tiltalte på nytt ei stund etter januar.
Han meiner det var ein gong mellom 17. februar og mai.
Då ville tiltalte ha meir tablettar.
–Han sa han hadde rørt ut tablettane i teen hennar, men at ho overlevde.
–Eg trudde han dreiv og selde sjølv, sidan han kjøpte så mykje, seier vitnet.
På spørsmål frå medaktor Aftret om vitnet nokon gong har sett kona til tiltalte.
–Eg har sett henne på TV, men aldri elles, svarer vitnet.
Han seier at personar i miljøet etter kvart ikkje trudde på historia til tiltalte om at kona var kreftsjuk.
Teorien i miljøet var at mannen forsynte kona med narkotika fordi ho var rusavhengig, ifølgje seljaren.
Tiltalte fekk kallenamnet «Idioten frå Fosen» etter å ha kontakta rusmiljøet i Trondheim gjennom våren 2023, fortalde vitnet
Han synest det var rart at mannen ikkje i staden kunne ha ordna med ei reise til eit land der det er lov med aktiv dødshjelp.
Vart forbanna då han fekk høyre om saka
Forsvarer Kristina Jørgensen spør korleis vitnet reagerte då han skjønte mannen han hadde selt tablettar til var tiltalt for drap.
–Eg sa ting som ikkje eignar seg i ein rettssal, svarer vitnet.
Domar Eirik Lereim seier at vitnet gjerne kan seie det.
–Takhøgda er stor her, seier domaren.
Vitnet brukar ord som «idiot» og «håpar han rotnar i helvete» om det tiltalte skal ha gjort.
Forsvarer spør kor mykje vitnet har lese om saka i media.
Vitnet svarer at han har fått med seg noko det som har vorte skrive. Han avviser bestemt at han ikkje kan skilje mellom det han opplevde og det som er kjent.
Nektar for at han selde morfin til tiltalte
Politiet har etterforska grundig kven som kan ha selt morfintablettar til tiltalte.
Vitnet seier han har selt hasj i 20 år, men aldri opiater.
Tiltalte kjøpte flytande nikotin, valium og Sanax av vitnet, men aldri morfintablettar, seier han i retten.
Han viser til at det er mange fleire i miljøet som har vore i kontakt med tiltalte og som har vore i søkelyset hos politiet.
Aktor Sandøy bryt inn og opplyser at tiltalte aldri har sagt at han kjøpte morfintablettar av vitnet.
–Politiet har i etterforskinga avhøyrt to andre for å finne ut kven som selde morfin til tiltalte, men utan å lukkast i å avklare det, seier Ole Andreas Aftret til NRK.
Arvesamtale fekk det til å «bikke over» for kona
Det har vore ein diskusjon i familien om arverett, uskifta bu og om ei såkalla framtidsfullmakt dersom ein av dei skulle døy. Dette har vore tema sidan 2018.
Avdøde lèt etter seg to vaksne søner frå eit tidlegare ekteskap.
Tiltalte og kona har vore gift i 33 år. Han har to vaksne døtrer.
Kona May fekk diagnosen Parkinson i 2022.
Ifølgje tiltalte ønska ho å døy fordi ho ikkje ville bli pleiepasient.
Bistandsadvokat Vibeke Meland representer dei to sønene til avdøde og faren hennar. Meland viste til at økonomi hadde vore eit tema i familien.
Tiltalte avviste at han er opptatt av arverett.
Få dagar før ho døydde heime, hadde May ein samtale på telefon med ein av sønene sine. Temaet var igjen om sønene ville skrive under ein avtale om framtidsfullmakt og det å sitte i uskifta bu.
Sonen avslo å skrive under, ifølgje tiltalte. Han deltok også i samtalen og i retten onsdag sa han:
– Samtalen som May hadde med (N.N. namn på sonen) få dagar før dødsfallet, det var det som kanskje fekk det til å bikke over for May.
Domar Lereim ville vete om tiltalte meiner samtalen førte til at kona tok livet sitt.
Tiltalte sa han ikkje hadde grunnlag for å seie det.
– Eg legg fram ein påstand om at saka med sonen var frykteleg vond for henne, svarer tiltalte.
Meiner sønene hadde for lite kontakt med mor si
Forsvarer Kristina Jørgensen spør om kontakten mellom mora og sønene sine.
Han meiner dei brydde seg for lite om å høyre korleis det gjekk med henne etter at ho vart innlagd i februar.
Tiltalte seier kona synest det var ubehageleg å mase på sønene om avtalen.
Han snakkar også om då ho var innlagd på sjukehuset i februar.
Der fekk ho vete at ho var morfinforgifta.
– Ho fortalde jo ikkje til sønene sine at det var ho som hadde tatt tablettane.
Tiltalte seier han følte sønene hennar oppfatta han som ein mogeleg morder.
– Men ho vart altså med meg heim igjen frivillig, seier ektemannen.
Sønene skal vitne i rettssaka.
Stelte i hagen
Bistandsadvokat Meland stilte tiltalte fleire spørsmål om kva interesser kona hadde og korleis dagane gjekk i heimen saman med ektemannen.
Han fortel igjen at kona ramla mykje på golvet, men at ho aldri klaga. Når ho var ute blant folk gjorde ho alt for å ikkje vise kor dårleg ho hadde det, fortel tiltalte.
På spørsmål om kona hadde nokon hobby svarer han «strikking», ho var glad i å strikke.
– Kva med hagestell, spør Meland.
Tiltalte fortel at dei hadde eit drivhus der kona dyrka squash.
Meland tek fram bilete som politiet tok av eigedomen i fjor sommar. Bileta viser fleire blomsterkasser langs huset og ved parkeringsområdet.
Mykje av plantene var kjøpte, opplyser tiltalte.
Han opplyser at kona etter kvart hadde problem med å vatne blomstrane. Ho greidde heller ikkje å vispe når dei laga mat saman.
– Du freista ikkje å overtale henne til ikkje døy, spør Meland.
Tiltalte gjentek det han har sagt fleire gonger i retten:
Han hadde slik respekt for kona at han ville hjelpe henne når ho hadde bestemt seg.
Sorgenfriseljar: Vart sett ut
Ein som sel Gatemagasinet Sorgenfri fortalde om sine telefonsamtalar med tiltalte i januar 2023.
Han fortalde at ein ven hadde bukspyttkjertelkreft og at tiltalte ville hjelpe vedkomande. å døy.
Derfor ville han kjøpe narkotika, utan at vitnet kan hugse korleis han ordla seg og kva stoff det var.
Han sa også at han ikkje ville ha problem med «å gjennomføre ».
Ho oppfatta det slik at mannen skulle injisere overdose i venen, utan at mannen sa det.
–Eg vart sett ut, seier Sorgenfriselsjaren som har vore rusfri i mange år.
Ho sa ho ikkje ville hjelpe, men varsla andre i Sorgenfri.
Saka vart meldt inn til politiet same dag, har NRK omtalt tidlegare.
Tipset var ikkje registrert. Derfor oppdaga ikkje politiet at tiltalte hadde ønska å kjøpe narkotika ein månad før kona vart innlagd på sjukehus i februar 2023.
–Eg håper politiet heretter tek alle tips like alvorleg, sjølv dei som kjem frå personar som kanskje har ei fortid, sa vitnet til slutt i Trøndelag tingrett onsdag.