Hopp til innhold

Barn med sterke smerter får for lite hjelp, viser forsking

– Alle ser behovet for eit alternativ til sprøyter og Paracet, seier lege ved St. Olavs hospital.

Nesespray med smertestillende for barn

VIA NASEN: Eit alternativ kan vere smertestillande som nasespray, meiner fagfolk. Då slepp ein å stikke små barn med spisse nåler.

Foto: Ella Berit Strugstad Mathisen / NRK

Dei har akkurat komme inn på akutten. Fireåringen hyler av smerte. Armen er brekt. Så ser ho sprøyta – skummel og spiss, og verda rasar.

Det kan vere krevjande å setje sprøyte på eit lite barn som har store smerter. Eg trur alle som har jobba med barn i ein akutt helsesituasjon har hatt opplevingar der dei har følt at dei ikkje har strokke til.

Det seier den nyutdanna legen Marcus G. Prescott. Han har tidlegare jobba som sjukepleiar, og har hatt mange vakter både på akuttmottaket og på legevakta.

Som ein del av legestudiet har han, saman med forskarar ved NTNU, UiO, Sechenov University og Imperial College London, sett nærare på smertelindring hos barn.

Og forsking viser at barn med alvorlege smerter får for lite hjelp. Både på norske sjukehus og i verda generelt.

Les også Unge dropper legetimer og vaksiner på grunn av sprøyteskrekk

Sprøyteskrekk og reagensrør i blodprøvelab.

Spray i staden for nål

Éin av tre ungar på akutten klagar over at dei har vondt. Dette kan vere barn med brot- eller brannskadar.

– Barn som har veldig vondt får vanlegvis Paracet i botn. Og det gjer også dei som ikkje har så veldig vondt. Ideelt sett så vil vi jo gi noko anna om barnet har veldig vondt. Når eg har snakka med kollegaer som jobbar med barn, ser alle behovet for eit alternativ til sprøyter og Paracet, seier Prescott.

Les også Slik så Jessica (14) sine jeksler ut – ikke uvanlig å se hos norske barn

Seksårsjeksler preget av svak emalje.

Saman med førsteamanuensis Bjarne Austad ved NTNU, har legen analysert 12 tidlegare studiar som handlar om barn og smertelindring.

Dei to har komme fram til at smertestillande via nasespray kan vere ei god løysing.

– Vi har funne at det å gi smertelindring gjennom nasespray sannsynlegvis er like bra som å gi det gjennom ei sprøyte i ein muskel, seier Austad.

Problemet er berre at det ikkje finst nasjonale retningslinjer eller godkjenningar for å bruke denne typen behandling.

Nesespray med smertestillende for barn

I den nye studien har ein mellom anna sjekka effekten ved bruk av legemiddelet fentanyl. Då har ein, ifølgje Prescott, god smertelindring etter ti til 20 minutt.

Foto: Ella Berit Strugstad Mathisen / NRK

– Må bruke hovudet litt

I dag blir det gitt roande middel i forkant av ein prosedyre via nasespray ved St. Olavs i Trondheim. Men smertestillande som nasespray er for det meste gitt i studiesamanheng, og aller mest til vaksne folk.

Sjukehuset Innlandet har mellom anna testa det i ambulansetenesta, fortel Prescott.

Han seier det likevel er nokre legar som også gir det til barn ved behov.

– Det er ein gong slik, særleg blant barn og eldre, at vi må bruke hovudet litt og jobbe utanfor retningslinjene når det gjeld medikamentbruk. Men då blir også eventuelle komplikasjonar på kappa vår, seier den nyutdanna legen.

No er det likevel håp for at denne situasjonen kan endre seg om ikkje lenge.

Lege Marcus G. Prescott

Lege Marcus G. Prescott har saman med kollegaer undersøkt 12 tidlegare studiar som til saman har omhandla 1200 barn. Dei har sett på både fordelar og ulemper ved bruk av nasespray.

Foto: Ella Berit Strugstad Mathisen / NRK

Ser på saka neste år

Jesper Blinkenberg er leiar for Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin i Noreg. Han seier dei skal vurdere smertestillande nasespray når Legevakthandboka skal reviderast.

Revisjonen er planlagd til neste år.

– Endring av standard medikamentutval og bruksmåte er ein langdryg affære der mange omsyn speler inn, seier Blinkenberg til Gemini.no.

Les også Runa lever med intense smerter: Ett grep har gjort livet bedre

Runa Helen Olsen på tur.

Han seier dei verdset innspel frå fagmiljø med kompetanse.

– Legevakthandboka grensar til mange fagfelt. Utfordringa vår er at vi ikkje kan følgje all utvikling på alle felt like tett, derfor samarbeider vi med spesialistar og kompetansemiljø.

Marcus Prescott har trua.

– Vi håpar at å gi smertestillande som nasespray kan gi raskare, betre og enklare smertelindring hos barn.

Josefine og Selma ser inn i kameraet. Selma lener hodet sitt på skulderen til Josefine. De sitter i en blå sofa, med hvit vegg bak seg. Josefine har på lys genser, Selma mørk genser. Selma har løst hår med pannelugg, Josefine har delvis oppsatt, langt, blondt hår.

De usynlige smertene