Hopp til innhold

Norske forskarar med gjennombrot: Hudbakterie kan redde liv

Forskarmiljøet på UiT – Noregs arktiske universitet har gjort eit funn som kan hemme veksten av antibiotikaresistente bakteriar.

Stipendiat Runa Wolden

Stipendiat Runa Wolden er blant forskarane som har funne det nye bakteriestoffet. Det kan hemme veksten av antibiotikaresistente bakteriar.

Foto: Jørn Berger Nyvoll / UiT Norges arktiske universitet

Infeksjonar med antibiotikaresistente bakteriar er eit aukande globalt problem. Ein del av løysinga kan liggje i å kopiere bakteriane sine eigne våpen.

Det er nettopp her forskarar ved UiT har gjort eit gjennombrot.

Dei har funne eit nytt stoff i hos ein heilt vanleg hudbakterie. Dette stoffet blir kalla bakteriosin. Det er så lite at det ikkje er synleg i nokon mikroskop.

Men det har ein eigenskap som kan ta knekken på bakteriar som gjer oss sjuke.

– Vi har eit funn der vi ser at bakteriosinet i hudbakterien hemma vekst av andre typar bakteriar, fortel stipendiat Runa Wolden ved Institutt for klinisk medisin.

Funnet er nyleg presentert i Microbiology Spectrum.

Håpar funnet kan bli framtidig medisin

Då Wolden og forskingsgruppa for barne- og ungdomshelse først gjorde funnet, visste dei ikkje om det var eit nytt funn. Etter vidare undersøkingar fekk dei svar.

– Det viste seg at det var eit nytt stoff, som ikkje var beskrive før.

Dei gjorde nye testar. Dei fann vi ut at dette stoffet er hemmande også på antibiotikaresistente bakteriar.

– Det er bakteriar som er eit stort problem, og som det finst få medisinar mot. Så det er eit veldig spennande funn.

– Det er veldig motiverande og artig å finne noko nytt. Dette er noko kan ha stort potensial til å bli utvikla til nye medisinar, som vi treng i framtida, seier ho.

Les også Kor ofte skal du ta antibiotika? Kanskje oftare enn vi gjer no, ifølge forskarar

Laboratorium

Det finst fleire sjukdommar som antibiotikum ikkje klarer å behandle i dag.

Forskaren forklarer at bakteriane er litt i forkant av oss. Mange plassar i verda blir det brukt meir antibiotikum enn det trengst. Det fører igjen til at det blir utvikla meir antibiotikaresistens.

Det blir eit større og større problem.

– På verdsbasis er det rundt ein million dødsfall kvart år, som kjem av antibiotikaresistente bakteriar.

Les også Helsevesenet ville amputere beinet og nekta annan behandling: – Eg har mista tilliten til dei

Soleman Khaled Alhakim

Karakteriserer funne som lovande

Dag Berild er overlege ved Infeksjonsavdelinga Oslo universitetssjukehus og professor i infeksjonssykdommer. Han har forska på antibiotikum og antibiotikaresistens i rundt 30 år.

Les også – Det har ikke manglet på advarsler

Overlege Dag Berild

Han seier til NRK at forsking på bakteriosiner som UiT gjer, er viktig.

Berild seier at vi ikkje kan vinne «kampen mot bakteriane» med antibiotikum.

– Vi selektere frå resistente bakteriar frå den normale bakteriefloraen vår kvar gong vi bruker antibiotikum. Det er ein auke av resistente bakterie også i Noreg, og det har ikkje komme nye antibiotikum på over 30 år.

Dag Berild

Dag Berild er overlege ved Infeksjonsavdelinga Oslo universitetssjukehus og professor i infeksjonssykdommer.

Foto: NRK

Berild seier at det også er lite antibiotikum igjen til å få bukt med dei mest resistente bakteriane. Derfor meiner han funnet forskarane ved UiT har gjort er spennande.

– Vi kan dempe utviklinga av resistens ved å redusere bruken av antibiotikum. Og vi må satse på å forske på alternative metodar til å få bukt med dei mest resistente bakteriane.

Han karakteriserer grunnforsking som blir gjord på ved UIT som viktig.

– Det er lovande funn, men det kan ta årevis og koste mange pengar før funnet eventuelt kan nyttast klinisk.

Les også Norsk antibiotika-forskning kan være med og redde tusenvis av liv

Forsker Rafi Ahmad i laboratoriet.

Kan ta 10 til 20 år

Kanskje har forskarane i Tromsø funne eit svar som i framtida kan redde nokre av dei liva.

Vegen fram til funnet til forskarane i Tromsø kan gjere seg gjeldande som medisin mot infeksjonar og sjukdommar, er lang.

– Som forskar skulle vi gjerne sett at vi hadde noko i morgon, som vi ikkje har i dag. Det er dyrt å utvikle medisinar, og frå ein har eit funn kan det ta 10 til 20 år. Men det er bra for det blir ganske testa grundig.

Stipendiat Runa Wolden

Forskargruppa til stipendiat Runa Wolden på UiT håpar funnet deira kan bli framtidig medisin for bakteriesjukdommar vi ikkje kan behandle i dag.

Foto: JØRN BERGER NYVOLL / UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

Wolden nemner urinvegsinfeksjonar, blodforgifting og sårinfeksjonar som moglege bakteriesjukdommar der det nye funnet kan spele ei framtidig rolle som medisin.

Les også Ny norsk forskning: Sola kan bli et våpen mot farlige bakterier

Hand holder pille mot sola

Håpet er at det kan hjelpe dei som er ekstra utsett for bakterieinfeksjonar. Forskargruppa har menneske med nedsett immunforsvar som forskingsfeltet sitt.

– Dei er ekstra sårbar for infeksjonar frå bakteriar som vanlegvis ikkje er eit problem.

– Eg håpar at vi kan få ein medisin som også kan verke på sjukdommar som det er vanskeleg å behandle i dag.

Les også Lofoten kan bli verdensledende i kampen mot antibiotikaresistens

Bacteriophage

Har fått samisk namn

Funnet har fått eit samisk namn, Romsacin.

Stipendiat Runa Wolden

Funnet har fått namnet det samiske namnet Romsacin, fortel Wolden.

Foto: JØRN BERGER NYVOLL / UIT NORGES ARKTISKE UNIVERSITET

– Det er funne i Tromsø og Romsa, så vi fann det naturleg å gi det eit samisk namn herfrå, seier Wolden.

Les også Forskere advarer: Ikke kast døde hamstre, de kan være i dvale

Hamsteren er i dvale tre til syv dager om gangen i den kalde årstiden.