Hadde dei norske legane fått det som dei ville, hadde Soleman Alhakim ikkje lenger hatt noko høgrebein under hofta.
Å bruke protesar, spele bordtennis, å kunne gå att – alt ville vore umogleg.
I fem år kjempa han mot både smerter og legar. Fem år han heller ville brukt på å ta ei utdanning for å jobbe i nett det norske helsevesenet.
Men han gav seg ikkje. I dag har Alhakim framleis beinet sitt, men står knedjupt i gjeld.
– Eg har mista all tillit til helsevesenet, seier han.
Frå krig til bordtennis
I 2011 bles den arabiske våren over store delar av Nord-Afrika og Midtausten. I Syria var det starten på ein årelang borgarkrig som til no har kosta meir enn 500.000 menneske livet.
I 2013 heldt Alhakim på å bli del av den statistikken.
Ei bombe gjekk av i heimbyen hans Homs. Alhakim vart alvorleg skadd i begge beina. På feltsjukehuset greidde legane ikkje å fjerne alle metallsplintane som hadde trengt seg inn i kroppen til 21-åringen.
På eit borgarkrigsråka sjukehus trong han 70 posar med blod under denne første operasjonen.
Dei greidde leggje inn ei stålstong i det høgre låret til Alhakim. Den og splintane frå eksplosjonen skulle skape problem han må leve med resten av livet.
Alhakim klarte å flykte til Tyrkia saman med delar av familien, mellom anna søstera og svigerbror sin Maher Abdalelah Alrahmoun.
Frå Tyrkia fekk han hjelp av FN til å flykte til Noreg. Då fekk han sin høgre fot amputert under kneet.
– Det var bra for meg. Det var vanskeleg, men eg fekk protese, seier Alhakim.
I to veker hadde Alhakim to føter att. Han lærde seg å gå med krykker og spele bordtennis. Han greidde til og med å vinne ei lokal turnering.
So kom smerta attende.
Håpet i Tyskland
Innan kort tid fekk Alhakim store smerter i nervane i foten. Han prøvde fleire ulike protesar, men det gjekk ikkje lenger.
Han gjekk i årevis på medisinar og smertene gjorde at han sov lite.
I 2021 fann legane ein stor infeksjon i foten hans. Bakterien var multiresistent og dei norske legane trudde ikkje dei kunne sanere infeksjonen.
Dei gav då beskjed om at å amputere foten heilt opp til hofta var einaste moglege behandling. Draumen om å bruke protesar og å gå sjølv att ville bli knust.
Han fekk to veker til å tenke på amputasjonen.
– Eg vil ikkje amputere foten. Det er vanskeleg for meg, seier Alhakim.
Han nekta å miste det han hadde att, og i fleire år utsette han operasjonen.
Alhakim reiste i september 2021 til eit sjukehus i Rostock i Tyskland. Han hadde fått høyre at dei der var dyktige på å behandle andre med plager som han.
Der fekk han beskjed om at det ikkje var naudsynt å amputere beinet hans.
NRK har dokument sendt med frå sjukehuset i Tyskland til Helse Bergen, Helse Stavanger og Alhakim sin fastlege, der spesialistane understrekar at dei trur foten kan reddast.
«Vi meiner at der er ein god sjanse for å oppnå det skildra målet (å ikkje amputere låret heilt opp til hofta, journ.anm.). Vi er villige til å gjennomføre den over skildra behandlinga og er klare til å gjere det so snart dekking av desse kostnadane er klar.»
Spesialistane meinte altso at det ikkje ville vere fåfengt eller umogleg å bli kvitt den multiresistente infeksjonen.
– Eg fekk eit håp, seier Alhakim.
Men den første runden med operasjonar ville koste kring 17.000 euro – nær 170.000 norske kroner.
Han ynskja å søke Helse Bergen sitt utanlandskontor om å få godkjend behandlinga i Tyskland slik at dei ville dekka det.
Det fekk Alhakim ikkje innfridd.
Færre søkjer om hjelp i utlandet
Kravet for å få dekka helsebehandling i utlandet er at ein ikkje har tilsvarande tilbod i Noreg.
Stadig færre nordmenn søkjer om å få dekka slik behandling i utlandet.
I 2021 tok utanlandskontora ved norske sjukehus imot 230 søknadar. Det syner årsmeldinga deira. 70 prosent av desse vart godkjende.
Dei aller fleste søkte om hjelp med genetisk undersøking av celler frå befrukta egg og behandling knytt til svangerskap og fødsel, båe delar meir regulert i Noreg enn i fleire andre land.
I 2021 vart eggdonasjon lovleg i Noreg, noko som kan spele inn på at talet på nordmenn som vil utanlands for å bli behandla går nedover.
Trudde ikkje på tyskarane
Legane i Noreg trudde ikkje på at tyskarane ville kunne fjerne infeksjonen.
Overlegen ved seksjon for ortopediske infeksjonar på Haukeland universitetssjukehus, Håvard Dale, meinte Alhakim sin infeksjon ikkje kunne behandlast.
Metallsplintane etter bomba kunne ikkje fjernast og infeksjonen som var kring splintane kunne ikkje behandlast, fordi den var resistent mot dei aller fleste antibiotika.
Dale fortel at den kirurgiske behandlinga legane i Tyskland skildra er rutinemessige på norske universitetssjukehus.
Dei anbefalte likevel ikkje korkje å gjennomføre operasjonen i Noreg eller å dekke behandlinga i Tyskland. Dei trudde rett og slett ikkje ein ville bli kvitt infeksjonen og dimed plagene til Alhakim.
Han ville då blitt utsett for farane ved eit stort kirurgisk inngrep med «lite sannsyn for eit godt resultat».
– Det er ikkje prislappen, men behandlingsstrategien vi er ueinige i, skriv Dale.
Han har likevel stor forståing for at Alhakim ønska å behalde låret sitt og dimed kunne bruke protese.
– Dette er ein fortvilande situasjon for Alhakim, som allereie har opplevd mykje liding, skriv overlegen.
Før sin neste time ved Helse Bergen hadde Alhakim reist til Tyskland for hjelp.
Operasjonen
I februar 2022, like etter han hadde fylt 30 år, reiste Alhakim til onkelen sin i Tyskland.
Svigerbror Alrahmoun hadde starta ein Spleis i Noreg, men denne fekk berre inn ein tidel av det operasjonen kom til å koste.
Alhakim og Alrahmoun skrapa saman sparepengar og lånte av vener og familie. Onkelen i Tyskland tok også opp store lån for å ha nok til å betale rekningane.
Alhakim gjekk gjennom to operasjonar på dei 16 dagane han var innlagt på sjukehuset i Rostock.
Dei tok fleire mikrobiologiske prøvar for å halde utkikk etter dei multiresistente bakteriane som hadde gjort at han fekk avslag på å få dekka behandlinga si.
Dei fann ingenting. Nokre bakteriar var der, men i alle fall ikkje den pan-resistente Pseudomonas aeruginosa som legane i Noreg frykta.
– Paraklinikken synte ingen teikn til forbigåande eller permanent infeksjon, skriv doktor Thomas Mittlmeier i den medisinske rapporten.
Alhakim fekk fysioterapeutisk behandling og tok til med å gå med krykker. Han vart so sendt heim med beskjed om å ta ut stinga sine og vente nokre veker før han tok til med protese.
Har inga god forklaring
Attende i Noreg reiste Alhakim igjen til Haukeland for å få oppfølging. Her vart han følgd opp av Håvard Dale igjen.
I sin endelege rapport etter oppfølginga skriv Dale at dei ikkje fann bakterien som var grunnen til at dei hadde anbefalt Alhakim å amputere heile låret. Den same bakterien som gjorde at han ikkje fekk dekking av behandlinga i Tyskland.
– Vi har ikkje ei forklaring på misforholdet mellom funn av den svært resistente mikroben i Noreg, men ikkje i Tyskland. Alhakim er kronisk berar av denne mikroben, og den er funnen fleire gongar over fleire år på hud og i sår, skriv Dale i eit svar til NRK.
I sluttrapporten skriv Dale at han ynskjer at Alhakim og familien skal få hjelp frå helsemyndigheitene med gjelda si:
«Pasienten har økonomiske krav mot seg grunna behandlinga i Tyskland og han ynskjer at vi skal søke om refusjon av dette slik at han kan gjere opp for seg.»
«Eg informerer om at eg vil gå inn for at han skal få dekka behandlinga i Tyskland sidan det er mogleg at vi har vurdert feil preoperativt.»
Vil lære av hendinga
– Dette er dramatisk for Alhakim, og eit uventa forløp for oss, og vi vil ha ein gjennomgang av korleis dette kan hengje saman, skriv Dale.
Han seier dei tilsette ved sjukehuset heile vegen har hatt forståing for Alhakim sin frustrasjon. Kommunikasjonen har likevel til tider har vore vanskeleg, då dei har hatt behov for tolk.
– Vi håpar at han etter kvart kan vinne att tilliten til helsevesenet, som han også vil måtte ha kontakt med i framtida. Vi har beklaga og beklagar tilleggsbelastinga Alhakim har blitt utsett for, og er glade for at det går betre med han. Sjølv vil vi bruke sjukehistoria til læring, skriv overlegen.
Han opplyser også om at han vil hjelpe Alhakim melde saka til Norsk Pasientskadeerstatting som kan vurdere om det har vore svikt i behandlinga og om han har rett på erstatning.
Framleis i stor gjeld
Heime i Stavanger att har Alhakim nett hatt sin første time og teke mål for å få nye protesar. Han har mindre smerter og klarar faktisk sove godt om natta.
Han er glad, men likevel tynga ned av alvor.
– Operasjonen kosta minst 180.000 kroner. Vi har litt over 60.000 att. Onkelen min har fått to åtvaringar om å betale attende lånet, seier Alhakim.
Han og svogeren har skrapa saman alt dei greidde før operasjonen. Dei har allereie lånt det dei kan, og no anar dei ikkje korleis dei skal hjelpe familien sin.
Deira siste håp er at det norske helsevesenet gjer ei ny vurdering, sidan dei ikkje fann spor av den infeksjonen som var grunnlaget for avslaget.
– Det er alt eg går og ventar på, seier Alhakim.
So snart han er ute av gjeldsmyra, vil han gjere det han skulle ynskje han kunne gjort dei siste fem åra – å byrje studere og få seg jobb som helsesekretær.
– Og eg vil spele bordtennis att, seier han og smiler.
Hei!
Har du tankar om artikkelen eller tips til andre saker eg bør sjå på? Har du eller nokon du kjenner ei god eller dårleg oppleving med helsevesenet? Eg er alltid interessert i å høyre om kva som interesserer deg.
Eg har tidlegare arbeidd med saker om mellom anna: