Vi har alle fått beskjed om å alltid fullføre antibiotikakuren for å unngå antibiotikaresistente bakteriar.
Men kor ofte bør vi ta antibiotika under ein kur? Kanskje oftare enn det vi gjer no, ifølge forskarar ved UiT – Noregs arktiske universitet.
– Vi prøvde å sjå på kva som skjer med bakteriane når konsentrasjonen med antibiotikaa er låg, rett før du skal ta neste dose.
Det seier professor i biomolekylær og strukturkjemi ved UiT, Hanna-Kristi Schrøder Leiros.
Forsking frå Centre for new antibacterial strategies (CANS) ved UiT viser nemleg at det ikkje berre er viktig å fullføre kuren.
Også korleis vi tek kuren kan vere viktig for å unngå at bakteriane skal bli resistente mot antibiotika.
Antibiotikaresistens vil seie at bakteriane ikkje døyr sjølv om du tek antibiotika. Då kan bakterien leve vidare, formeire seg, og framkalle eller forverre sjukdom, ifølgje FHI.
Endringar i bakteriane
Kor mykje antibiotika som er i kroppen varierer under ein kur. Mengda er minst, like før du skal ta neste antibiotikatablett.
I denne perioden fann forskarane endringar – eller mutasjonar – i protein i bakteriane. Forskarane trur at desse mutasjonane på sikt kan gjere bakterien resistent mot antibiotika.
Forskar Hanna-Kristi Schrøder Leiros er ein av forfattarane bak studien.
Foto: Privat– Mutasjonen vi fann var ved veldig låge konsentrasjonar av antibiotika. For å unngå desse kryptiske mutasjonane, må ein kanskje ta antibiotikakuren litt oftare enn det som er anbefalt i dag, seier Leiros.
Leiros understrekar at dersom du tek ein antibiotikakur, skal du lese det som står på pakken og gjere slik som legen har sagt.
Ikkje overraska
Professor i infeksjonsmedisin ved OsloMet, Dag Berild, er ikkje overraska over funna i UiT-studien.
Ifølge han kan ein antibiotikakur vere meir effektiv dersom ein tek antibiotikadosane hyppigare, over ein kortare periode.
Dag Berild meiner at vi må bruke mindre antibiotika.
Foto: Hans Erik Lindbom / NRK– Viss du då gir penicillin for eksempel fire gongar dagleg i fem dagar, i staden for tre gongar dagleg i ti dagar, frå du sannsynlegvis mindre resistens.
Han understrekar likevel at det ikkje er gjort nok forsking på dette til å vite det heilt sikker.
Alvorleg antibiotikaresistens
– På verdsbasis er antibiotikarasistens ein mykje større og alvorleg pandemi enn covid-19, seier Berild.
– Vi er sakte, men sikker på veg mot den post-antibiotika era, med mindre vi tek oss saman og bruker mindre antibiotika. Det er den einaste måte vi kan avgrense resistens
Berlid fortel at vi i Noreg har vore meir nøktern med antibiotikabruk, samanlikna med andre land.
Situasjonen er difor handterleg i Noreg. Vi må likevel vere ekstra påpasselege med korleis vi bruker antibiotika.
– Ein skal aldri bruke det for sikkerheitsskyld, berre når det er naudsynt.