Hopp til innhold

Kronprinsen på Nordic Response: – Fint å kunne øve med våre nyaste allierte

Tysdag er Kronprins Haakon til stades under militærøvinga Nordic Response. Der snakka Kronprinsen om dei nyaste allierte i Nato og gav snøskutertips til soldatar.

Kronprins Haakon møter menige

Kronprins Haakon besøkte militærøvinga Nordic Response og gav tips til rekruttane om snøskuterkøyring.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

Kronprins Haakon sa sjølv at det er fint å sjå mange soldatar ute i felt som får erfaring.

– Det er og fint å sjå at dei får eit godt utbyte av det som føregår desse dagane. Dette veit eg òg at Kongen er oppteken av.

Kronprinsen påpeiker at det er spesielt at ein får trent saman med Noregs allierte.

– Det er eit større innslag frå Sverige og Finland i år. Det er fint å kunne øve med våre nyaste allierte, seier Kronprinsen.

Prinsesse Ingrid Alexandra er vernepliktig i ingeniørbataljonen på Skjold leir og Kronprinsen vil ikkje seie noko om framtida hennar i Forsvaret enno.

– Ho trivast og har vore heime på sin fyrste perm. Ho er tilbake igjen no, seier Kronprinsen.

Les også Kong Harald med råd til barnebarnet i militæret: – Ikke spør for mye om hvorfor

De første bildene av prinsesse Ingrid Alexandra (rekrutt Alexandra) i Ingeniørbataljonen i Skjold leir.

Les også Her tar soldaten prinsesse Ingrid Alexandra fatt på sin nye hverdag: – Jeg angrer ikke

De første bildene av prinsesse Ingrid Alexandra (rekrutt Alexandra) i Ingeniørbataljonen i Skjold leir.

Morosamt

To av dei som møtte Kronprins Haakon var soldat Mille Berg (20) frå Bærum og Vebjørn Hove Lia (19) frå Nesodden.

– Veldig hyggeleg å få møte ein i kongeleg slekt. Det var kult å få sitte med Kronprinsen og vise sambandsloggen. Vi skriv ikkje berre samband i han. Vi skriv rating av beste FR-snacks. Det er litt gøy å få vise, seier Lia.

Mening Vebjørn Hove Lia og Mille Berg møter Kronprins Haakon.

Meining Vebjørn Hove Lia og Mille Berg møter Kronprins Haakon.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

– Kan du utdjupe det?

– Vi et feltrasjonar, og då er det ulike typar middagar i feltrasjonen. Torsk i crema liker vi ikkje heilt, men kylling karri, den er god. Så då skriv vi rating på dei, seier han.

Lia legg til:

– Kronprinsen synest det var gøy. Det var berre morosamt at vi fann på litt anna enn berre samband.

Les også Nato-øvelse i nord: – Shit, tenk hvis dette var i virkeligheten

En finsk leopard stridsvogn på øvelsen Nordic Response. Her på grensa mellom Norge og Finland, Geađgejávri i Finnmark.

Hoppe av på rett side

Berg seier det var veldig spennande å møte kronprinsen.

The mountain Infantry from Mittenwald are training north of the Arctic Circle. Driving in arctic conditions and deep snow is extremely important. They are the German part of Nordic Resposne 2024.

Kronprinsen gav rekruttane tips om snøskuterkøyring. Dette er eit bilde frå tidlegare.

Foto: Sven Fischer / Bundeswehr

– Eg har ikkje opplevd noko liknande før. Eg trudde det skulle bli litt meir formelt, kanskje. Det var veldig hyggeleg. Vi sat inne i teltet og hadde ein fin samtale om snøskuterkurs og opplæring, seier Berg.

Kronprinsen gav dei vernepliktige tipsa om snøskuterkøyring.

– Det var viktig å hoppe på rett side av skuteren når ein eventuelt fall av skuteren. Så det var kult å sjå at Kronprinsen hadde litt peiling på det òg. Så det var spennande å høyre litt innblikk, seier Lia.

– Så det høyrdest ut som Kronprinsen hadde peiling?

– Absolutt. Kronprinsen har verkeleg peiling, seier Lia.

Les også Nato-øvelse: Helikoptre skremte bort reinflokk

Et militært helikopter i lufta under øvelsen Nordic response.

Nye rekruttar

Frå 27. februar til 20. mars vil det vere militær trafikk og øvingsaktivitet på vegane i Finnmark i samband med øving Nordic Response 2024.

Over 20.000 soldatar deltar på øvinga. Av desse vil cirka 10.000 vere på land, og dei vil vere dei mest synlege under øvinga.

Soldatane fekk vite om oppdraget for ikkje så veldig lenge sidan.

Kronprins Haakon møter menige

Kronprins Haakon møtte meinige i Alta under øvinga Nordic Response 2024.

Foto: Jan-Erik Steine / NRK

– Vi fekk ikkje så mykje tid til å førebu oss. Det var det presentasjon av utstyr og område, sånn som det pleier å vere, seier Berg.

Dei vernepliktige soldatane har vore rekruttar i to månader.

– Vi har ikkje vore her så lenge. Kronprinsen syntest også det var interessant å høyre korleis vi opplevde Forsvaret og øving, og det å vere på øving utan så mykje opplæring, seier Berg.

Ho seier at ho har vore i Forsvaret omtrent like lenge som Prinsesse Ingrid Alexandra, men har ikkje møtt henne.

No som besøket er over må dei unge soldatane slå seg litt til ro og tenke over møtet.

– Vi skal vel pakke saman og dra tilbake til kommandoplassen til kompaniet vårt, som er Radio 1. Så er vi klare til å enten dra ut på nytt oppdrag eller drive kommandoplassen, seier Berg.

Les også Sverige er blitt Nato-medlem

Sverige ble medlem av Nato torsdag 7.mars, 2024

Les også Fire kinesiske fotografer fløy drone ved Nato-kai – nå er de sluppet fri

Morgendagens kampenhet under Nordic Response 24
Morgendagens kampenhet og Combat
Lab (v/ HVS) flyr dronesverm styrt fra
ombygd CV90 stormpanservogn.