Hopp til innhold

Stor Nato-øving i mars: Slik blir du påverka

Militære kolonnar, soldatar i hopetal og russisk påverknad. Øvinga vil ha fleire konsekvensar for deg i Troms og Finnmark.

Oberst Øyvin Ravndal, sjef for øving og treningsavdelingen ved Forsvarets Operative Hovedkvarter.

Øyvin Ravndal, sjef for øving og treningsavdeling ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Foto: Vanja Ulfsnes / NRK

– Øvinga Nordic Response går føre seg både til lands, vatns og i lufta. Det folk flest kjem til å merka, er sjølvsagt det som går føre seg på land, seier Øyvin Ravdal.

Han er sjef for øving og treningsavdeling ved Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Øvinga skal vare i 12 dagar frå 3. til 14. mars, men det vil vere ein god del militært nærvær i forkant og etter desse datoane.

Det er mange vegstrekningar som vil vera utsette under øvinga. I Finnmark er spesielt E45 Kløfta, E6 Sennalandet og E6 Hatter strekningar der ein kan merka endring i trafikken.

– Øvingsaktiviteten er i tilknyting til vegane. Folk vil både sjå og høyre denne øvinga. Me skal sjølvsagt gjera det me kan for å samarbeida med lokalbefolkninga, slik at det ikkje oppstår situasjonar der me går i beina på kvarandre.

I Troms vil E6 frå Bjerkvik til Indre Troms og frå Nato-kaien i Sørreisa og opp til E6 i Indre Troms vera spesielt utsett. I tida før og under øvinga kjem Forsvaret og Statens vegvesen til å informera om endringar.

Trafikken til lands og på havet blir påverka

Under øvinga vil det bli skilta når ein køyrer inn og ut av eit øvingsområde. Det vil også vera ein del militærkolonnar langs vegane.

Dersom ein møter på ein kolonne må ein ikkje prøva å køyra forbi eller køyra inn i ein av dei, legg Ravndal til.

Hans tips er å la kolonnen komma fram dit han skal, sjølv om du har dårleg tid. Om du skulle hamna midt i ein kolonne, rår Ravndal at du skal halda farten til kolonnen til det er trygt å køyra ut, så la den passere.

Militærøvelsen Joint Viking 2023

Her frå øvinga Joint Viking i 2023.

Foto: Torbjørn Kjosvold / Forsvaret

Det er også snakk om stor aktivitet langs kysten av Troms og Finnmark og i havområda utanfor.

– Det er klart det vil vera fartøy og flyaktivitet i øvingsområda. Befolkninga langs kysten er vand til å forhalda seg til dette og andre fartøy som er der.

Det er inga skarpskyting i samband med denne øvinga og blir ingen spesielle tiltak, fortel Ravndal.

Les også Vinterøvelse i rasutsatt område: – Trenger utbedring

E45 ved Kløfta

Forandrar tryggingsstrukturen

Ravndal seier man må forvente at Russland kjem til å sette i gang påverknadskampanjar mot befolkninga. Det kjem til å skje både før og under øvinga. Det viktigaste blir å vere førebudd.

– Folk må vere klar over at det vil skje og søke etter kva som er fakta.

Les også Tror Russland bruker krigsminnesmerker for å påvirke nordmenn

Avduking av krigsminnesmerke i Sørvær

Eit nytt aspekt er Finlands innsteg i Nato og mest sannsynleg etter kvart også Sveriges.

– Det forandrar tryggingsstrukturen på Nordkalotten ganske mykje. Då er me nøydde til å øve på dette saman med våre nye allierte, Finland og etter kvart kanskje Sverige.

Mannskapet på fire var ute på treningsoppdrag i flyet av typen MV-22B Osprey. Her er flyet på Evenes, Flyet tilhører den amerikanske marinen og deltok i militærøvelsen Cold Response.

Her frå øvinga Cold Response i 2022.

Foto: Trygve Grønnning

Russland har hatt mange tilsvarande øvingar i Barentshavet der dei har stengt av store havområde og bede folk halda seg unna.

– Me kjem ikkje til å stengja av nokon havområde. Russiske fiskarar skal sjølvsagt få lov å fiska der dei normalt pleier å fiska. Me har elles god kontroll over kva russarane gjer, seier Ravndal.

"Skadd" soldat under øvelse.

Her frå øvinga Joint Viking i 2023.

Foto: Kari Anne Skoglund / Kari Anne Skoglund

Redusera skadar

Ved tidlegare militære øvingar har store utmarksområde vorte skadd eller øydelagt. Ravndal forklarer at det viktigaste er å unngå at dette skjer.

– Der har me mange tiltak som er sett i verk og som me har planlagt å jobba med i eit heilt år. Så me skal søkja å redusera skadane i størst mogleg grad. Nokre skadar vil det bli, og då er det sjølvsagt sånn at Forsvaret gjer opp for seg dersom skadane er forårsaka av oss.

Les også Forsvaret raserte matfatet til kuene

Stridsvogner kjørte tvers gjennom gjerder

Ravndal seier og at dei ser på løysingar for å gjennomføre øvinga utan at rein skal plages.

– Det handlar om å vere på forskjellig tid til forskjellige tidspunkt slik at me ikkje forstyrrar reinen som er på beite. Då må me få ein dialog med reindrifta for dei veit kor reinen er. Det må me forhalde oss til.

Les også 13 nasjoner skal trene på missilvern i Norge: – Veldig viktig for Nato

En rakett fyres av fra en HIMARS (hjulgående rakettartilleri) fra det amerikanske marinekorpset (USMC) under en samtreningsøvelse med Artilleribataljonen/Brigade Nord på Setermoen.

Les også Frykter «krøttersti» på E6 kan gjøre oss sårbare i krig

Sørfold

Flere nyheter fra Troms og Finnmark