Bernard og Kjell
Foto: BT STOKKE / BT STOKKE

Avisnotisen som gav nytt liv til draumen

Eit tilfeldig møte med eldsjela Kjell Sørum i ein lagerhall på Hadeland skulle endre livet hans. No er han Noregs beste.

Året er 2011 og Bernard Torres har budd i Noreg eit års tid. Frå heimen i Hardanger har han og familien reist på ein liten ferietur til Hadeland. Der er dei på besøk hjå ein familieven.

Det siste året har Bernard kjent på fleire sakn. Han saknar faren sin som døde. Han saknar heimlandet, og han saknar det han brukte all tida si på før han som 14-åring reiste til Noreg.

For etter at han kom til Noreg har han ikkje fått snørt på seg boksehanskane ein einaste gong, og draumen han hadde med far sin om å bli proffboksar er i ferd med å svinne.

Men så opnar han tilfeldigvis lokalavisa på Hadeland.

Bilde av et avisutklipp fra Avisa Hadeland som viser notisen i august 2010
Foto: Avisa Hadeland

Dødsfallet

Bernard Torres vaks opp i ein ganske vanleg familie på Filippinane. I byen Tagbiliaran på øya Bohol budde han saman med sine fem søstrer, mor Marillo og hans store førebilete far Bernardo. Han var politimann. Og lidenskapeleg oppteken av boksing.

bernard torres arkiv

Bernard Torres sin far Bernardo sitt med Bernard og to av søstrene.

Lidenskapen gav far Bernardo vidare til sin einaste son. Så da Bernard var åtte år gamal starta han å trene boksing.

– Boksing har blitt min identitet. Det er det eg er, seier Bernard Torres.

bernard torres arkiv

Bernard Torres, her til høgre, byrja tidleg med boksing.

Men berre to år seinare, når Bernard er ti år, får faren eit hjarteinfarkt og døyr.

– Han var min beste ven.

Han får ei tåre i augekroken når han fortel om faren.

– Eg var jo med han heile tida. Eg var med han på jobb og vi trente boksing saman.

bernard torres arkiv

Bernard Torres på toppen av sigerspallen. Far Bernardo held han i handa.

Saman hadde dei ein draum om at Bernard skulle bli proffboksar og verdsmeister i boksing.

Men plutseleg var han som var spira til draumen borte. Bernard hugsar at han måtte ta seg ei pause frå boksing og at familien sjølvsagt var i stor sorg.

Men, det var boksinga som hjelpte han attende. Det var på bokseklubben han følte seg vel.

– Det var på bokseklubben eg hadde alle venene mine, seier Bernard.

Og difor kunne han likevel klamre seg til eit lite håp om at han ein dag kunne ta steget inn i bokseverda som proff og kjempe om titlar.

«Militærregler»

Men no vart det vanskeleg for familien Torres heime på Filippinane. Mor Maria «Marillo» Luz såg ingen anna utveg enn å forlate borna og reise utanlands for å skaffe pengar. Fyrst prøvde ho lukka i Irland, før ho til slutt enda opp i Kinsarvik i Hardanger.

Søstrene til Bernard budde hjå besteforeldra. Men det ville ikkje han.

Som elleveåring flytta han difor inn på bokseklubben for å følge draumen han og faren hadde om å nå verdstoppen og bli proffboksar.

– Det var strengt og store krav. Der var det militærregler altså, seier han med største alvor.

bernard torres arkiv

Bernard Torres heilt til høgre i dette bilete frå bokseklubben han budde på etter at faren hans døydde.

På bokseklubben var det knallhardt regime der ein streng timeplan måtte følgast. Stå opp grytidleg, gjere dei faste arbeidsoppgåvene, frukost, joggetur, boksetrening, skole, boksetrening igjen og kvile.

– Det var strengt ja. Vi trena både morgon og kveld, og vi boksa turneringar sjølv om vi berre var born.

Innimellom vart turneringane sendt på fjernsyn. Og det var ingen tvil om at Bernard viste stort talent i bokseringen.

Da han deltok i turneringar stod han som oftast att som sigerherre. Her er han ikledd den raude hjelmen.

Han rakk å gå 60 kampar som amatørboksar før han var 14 år. For kvar kamp han vann kom proffdraumen nærare og nærare.

Hardanger

Han treivst på bokseklubben han budde på. Sjølv om mora hadde reist frå familien for å forsørgje dei, så hadde han søstrene sine og besteforeldra på Filippinane.

Men i 2010 så skulle det brått endrast.

For da hadde mora hans vore i Noreg i fleire år, og no kunne ho få hente borna under 18 år til Kinsarvik i Hardanger der ho budde og hadde ein god jobb.

Bernard kjente at han ikkje ville flytte frå den tropiske heimeøya, med store boksetradisjonar, til det kalde nord der boksing er meir som ein breiddeidrett å rekne.

Det var på Filippinane proffdraumen låg nærast.

Men det å vere att einsleg på Bohol som 14-åring utan familie, vart til slutt for vanskeleg å sjå for seg. Difor pakka også Bernard baggen med boksehanskane og sette seg på flyet mot Noreg.

I Kinsarvik var det som han frykta ikkje ein bokseklubb i mils omkrets. Mora tykte det var like greitt at han heldt seg unna slåssesporten. Proffdraumen til Bernard såg ut til å gå opp i røyk.

Bernard Torres

Familien Torres samla. I midten står Bernards mor Marillo omkransa av borna.

Foto: Privat

Notisen

Eitt år gjekk og Bernard mistreivst berre meir og meir blant høge fjell og epletre i Hardanger.

Ikkje ein einaste gong hadde han fått snørt på seg boksehanskane.

Men på sommarferien på Hadeland i 2011 skulle lykka snu. For da ein opna avisa Hadeland den 4. august det året kunne ein lese følgande:

Bilde av notisen i avisa Hadeland om at Gran Bokseklubb arrangerer Boksing for alle.

– Endeleg får eg bokse att, fortel Bernard at han tenkte da han såg annonsen i avisa.

Bernard si søster ringde til arrangøren med ein gong og lurte på om dei kunne kome.

– Det var berre eit arrangement eg kasta saman da.

Orda høyrer til Kjell Sørum. Sjølv ein tidlegare boksar. No boksefar, trenar og ein veldig stor entusiast. Han er vaktmeister på Hadeland Folkemuseum på dette tidspunktet og har fått låne ein stor lagerhall som står tom denne sommaren.

– Eg tenkte at no skal vi lage boksing her, slik at alle i Gran kunne kome og sjå kva boksing var for noko.

Om fredagsettermiddagen den 5. august 2011 køyrer Kjell Sørum til lagerhallen der han skal arrangere treninga. Der sit allereie ein 14-åring frå Filippinane klar og ventar.

– Han var beskjeden og veldig forsiktig i sin framtreden.

Men da dei knytte på han boksehanskar endra den sjenerte 14-åringen seg.

– Da var han ikkje så sjenert lenger, fortel Kjell Sørum og skrattar.

Og videoen som familien tok da Bernard for fyrste gong gjekk i ringen att på lang tid bekreftar det Kjell Sørum fortel. I svart overdel kan ein sjå Bernard Torres køyre over motstandaren sin.

Kjell Sørum står utanfor og ser på, og kjem med formaningar om at Bernard ikkje må slå så hardt.

Anbefaling: Ta på lyd på videoen. Bernard Torres, i svart overdel, leiker med motstandaren sin på Hadeland Folkemuseum i 2010. Kjell Sørum må fleire gonger be han om å ta det roleg med motstandaren.

– Det var veldig deilig å få bokse att, seier Bernard Torres sjølv om augneblinken.

Kjell Sørum fortel at han også hadde nokre ungdomsboksarar frå området som var ganske gode i norsk målestokk.

– Men for Bernard ... Kjell tenkjer seg om før han fortset:

– Det var berre leik for han. Han hadde full kontroll og gav dei ein skikkeleg lærepenge i kva boksing var for noko og kor standarden låg, seier Kjell Sørum.

Bernard kjente at bokseflamma framleis brann godt i han.

Som ein far

Likevel måtte han reise attende til Hardanger etter ei fantastisk boksehelg i lagerhallen på Hadeland Folkemuseum.

Men Kjell Sørum greidde ikkje å legge frå seg tankane på det unike talentet han hadde sett køyre over elevane sine.

Utover hausten måtte han høyre korleis det stod til med Bernard.

– Eg tok kontakt med mora og søstera hans, men mor var ikkje så interessert i at Bernard skulle bokse meir, seier Kjell Sørum.

Men Kjell gav seg ikkje, og ikkje lenge etterpå var han ein tur i Bergen. Da ringde han Bernard og familien att og lurte på om han kunne kome innom dei på heimvegen.

– Eg trur mor til Bernard da hadde sett kor dårleg han fungerte utan at han fekk bruke tid på lidenskapen sin, boksing.

Og dermed fekk Kjell lov til å ta med seg Bernard attende til Gran på Hadeland, så dei fekk trena litt meir saman.

Dei neste åra pendla Bernard Torres frå Hardanger til Gran på Hadeland ein gong i månaden for å trene boksing i garasjen hjå Kjell. Og da byrja mykje meir enn berre boksinga å falle på plass for han.

Bernard Torres og Kjell Sørum

Etter ei tid med pendling over fjellet tok Bernard avgjerda som skulle føre han heilt inn i hjartet til Kjell.

Han flytta til Gran.

Da starta samarbeidet for fullt og no skulle barndomsdraumen som Bernard hadde med faren sin heime på Filippinane, realiserast saman med Kjell på Hadeland.

– Kjell betyr veldig mykje for meg altså. Utan Kjell hadde eg ikkje komme dit eg er i dag, seier Bernard før han fortset:

– Eg mista jo faren min da eg var ti år. Eg sakna jo å ha ein far, og så møtte eg Kjell. Han har vorte som ein far for meg.

For Kjell har også forholdet til Bernard vorte spesielt.

– Han er minsteguten vår her. Vi er jo så glad i han.

Kjell Sørum held kring Bernard Torres etter ein boksekamp. Ein ser at kjenslene sitt utanpå kroppen til Kjell når han omfavner Bernard.
Foto: Fotograf BT Stokke / Fotograf BT Stokke

Proffdraumen

Da Torres flytta til Gran og byrja å trene med Kjell Sørum vart Team Torres etablert. Da fekk heile Noreg raskt sjå kor stort talent han var. Seniortitlane i bokse-NM vart erobra på rekkje og rad frå 2015 til 2017.

Og mens amatørkampane vart vunne på løpande band skjønte dei at proffdraumen verkeleg kunne bli ein realitet.

I 2017 kom moglegheita. Med 3000 tilskodarar på eit boksestemne i Skien vart georgiske Jano Partsvania fullstendig overkøyrt. Dommarane var aldri i tvil og Torres fekk neven strekt mot himmelen av dommaren og kåra til vinnar.

I proffkampane som følgde vart motstandarane nedkjempa ein etter ein.

Fem år seinare hadde Bernard Torres enda ikkje tapt ein einaste proffkamp på 15 forsøk. På starten av 2022 vann han ein mindre tittel og no forventa mange at han kunne ta det store steget opp mot dei absolutt beste i verda.

På hausten reiste dei til ei av dei største scenene i bokseverda. Nemleg USA.

Tapet

På andre sida av Atlanterhavet fekk han sjansa til å vise seg fram for det største publikummet og dei viktigaste folka i bransjen.

Men i kampen mot Frency Fortunato Saya vart Torres eit lite nummer for liten, og hans fyrste profftap var eit faktum.

– Det var veldig tungt. Eg øydela for meg sjølv og var ikkje til stades i ringen, seier Torres om tapet.

Bernard Torres sitter i hjørnet av bokseringen. Han svetter. Fremfor han sitter Kjell Sørum som snakker til Bernard. Utenfor ringen står manager Roar Sørum som tørker svette av ansiktet til Bernard.

Bernard Torres får instruksjonar frå trenar Kjell Sørum. Manager Roar Sørum (i midten) tørkar litt sveitte av Bernard.

Foto: Fotograf BT Stokke

Men sjølv om vegen mot toppen fekk seg ein trykk i fjor, lét ikkje Torres seg sjølv vere skuffa meir enn ei vekes tid.

Team Torres har i etterkant fått ein ny støttespelar på laget. Mentaltrenar Erik Bertrand Larsen har slått følge for å hjelpe Torres med å fokusere på dei riktige tinga undervegs i kampane han går.

– I dei siste kampane har vi merka at Bernard mister litt fokus undervegs i kampane. Han byrjar å tenkje litt for mykje, seier Kjell Sørum.

Med tankane forhåpentlegvis på rett stad er målet for 2023 er å bli Europameister. Det kan vere mogleg om han vinn kampen på Chateau Neuf den 9. juni.

Og trass i at tapet i USA vart ein hump på vegen, er draumen til Bernard Torres like klar.

– Faren min og eg drøymde om å bli verdsmeister. Det er framleis målet. Enkelt og greitt.

217YG1Q2zak
Foto: Alf Simensen / NTB