Hopp til innhold

Slår alarm pøbel­oppførsel blant born i idretten: Her har klubben tatt heilt nytt grep

Idrettslag i heile landet slit med problem med oppførsel i barneidretten. Kalandseid IL har funne tiltaket dei håpar skal hjelpe.

Camilla Haugland er klubbkoordinator i Kalandseid I.L.

Klubbkoordinator Camilla Haugland, på heimebane på Kalandseid.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Klubbhuset til Kalandseid I.L. er fylt opp av frivillige trenarar.

Dette er det andre møtet dei har for å få bukt med bornas oppførsel i idretten.

– Vi opplever stadig aukande problem med barn som skaper uønskte hendingar, seier Camilla Haugland.

Ho er tilsett i idrettslaget sør i Bergen.

Møta haldast med spesialsjukepleiar Martin Solberg, som har lang erfaring frå korleis ein kan handtere barn og unge med ulike åtferdsvanskar.

kurs hos Kalandseid I.L.

Trenarar i fleire ulike idrettar får kursing i korleis dei skal ta tak i problematisk åtferd.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Klubben meiner noko må gjerast, og for første gang ser dei seg nøydd til å gjere et slikt tiltak.

– Det går på manglande respekt for trenarar, med- og motspelarar. Sinneutbrot. Stygt språk. Vi har og nokre meir kompliserte saker, seier klubbkoordinatoren.

Les også Ølsal i «saftbygda» vekkjer debatt: – Idretten sviktar 90.000 born

Fosshaugane Campus

Små barn skaper problem

Erfaringane dei har gjort seg i Kalandseid er ikkje unike.

I Idrettsforbundet ser dei ein trend som gjer dei uroa.

– Vi får fleire og fleire førespurnader frå idrettslag der trenarar opplever at det er vanskeleg å gjennomføre ein god trening fordi det er mange barn som oppfører seg ugreitt.

Det seier Grethe Hillestad, som er rådgjevar i Vestland Idrettskrets. Ho seier biletet er det same i andre delar av landet.

Grethe Hillestad, Vestland idrettskrets

Grethe Hillestad i Vestland idrettskrets slår alarm om dårleg oppførsel blant barn i idretten.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Kva aldersgrupper peikar ut seg?

– Tilbakemeldingane vi får er at problema startar når barna er ganske unge. Allereie frå førsteklassingar. Det samsvarar med mi erfaring og, seier den erfarne trenaren og lagleiaren frå fleire idrettar.

Hillestad fryktar at mange vil bli skremde vekk frå idretten om tendensen dei har sett dei siste åra ikkje snur.

Dette har allereie skjedd hos Kalandseid.

– Vi har hatt spelarar som har slutta fordi dei ikkje har orka meir. Og vi har trenarar har vore veldig fortvila og leie.

Barn spiller fotball på Norway Cup.

Idrettslaga og foreldra må jobbe saman for å få bukt på oppførselen, meiner Hillestad. Bildet er eit illustrasjonsbilete frå Norway Cup.

Foto: Javad Parsa / NTB

Vil ha foreldre med på laget

I klubbhuset på Kalandseid får trenarane i fotball, turn, innebandy og e-sport nokre innspel frå Martin Solberg om korleis dei kan ta betre kontroll på treningane.

Det går på struktur, god planlegging, forståing av korleis barn tenker.

– Trenarane treng hjelp til å vite kvar grensene går med tanke på når dei skal involvere seg. Og så er det viktig at dei deler erfaringar og metodar som fungerer, seier kurshaldaren.

Martin Solberg er spesialsjukepleiar i Helse Bergen, og har lang erfaring med åtferdsvanskar hjå barn og unge.

Martin Solberg er spesialsjukepleiar i Helse Bergen.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Han leier eit pilotprosjekt som idrettskretsen vonar kan bli eit tilbod for alle idrettslag.

Men samstundes er dei klare på at dette ikkje er ei utfordring idretten kan løyse åleine. Dei meiner foreldra sit med nøkkelen.

– Vi i idretten er veldig opptekne av å legge til rette. Og så tørr vi ikkje ansvarleggjere korkje ungane eller foreldra, seier Hillestad i idrettskretsen.

Ho får støtte av Haugland i Kalandseid I.L.

– Vi ser stadig oftare at foreldre berre køyrer ungane til trening, og så ventar dei at vi skal ordne resten. Det er nesten som dei ser på seg sjølve som kundar hos idrettslaget.

Les også Regjeringen innrømmer: Barn ble ikke godt nok beskyttet under pandemien

Gorm Kallestad, NTB