Hopp til innhold

Lever på 15.000 i månaden: No skal Bernard (27) bokse sin største kamp

Bernard Torres blir omtalt som Noregs beste mannlege boksar, men lever godt under fattigdomsgrensa. Ein siger i New York kan gjere noko med det.

Bernard Torres

KLAR FOR KAMP: Bernard Torres (27) har store ambisjonar. No ventar ei ordentleg utfordring i Madison Square Garden Theatre.

Foto: Henrik Haug Laursen / NRK

Han har alltid vore ein sparsam type. Han klarer seg med lite, seier manager Roar Sørum til NRK.

I fjor boksa Bernard Torres to kampar – begge i Noreg. Han fekk 12.000 kroner per kamp.

Saman med relativt beskjedne sponsorinntekter og nokre tilkallingsvakter som barnehageassistent var det alt han tente i 2023.

Fjørvekt-boksaren deler ei lita leilegheit med kjærasten. Den leiger dei billig av familien hennar.

Slik får han det til å gå rundt med cirka 15.000 kroner i månadleg inntekt (rundt 180.000 kroner årleg).

Til samanlikning var EU si fattigdomsgrense ei inntekt på omtrent 250.000 norske kroner i fjor.

Torres sine næraste støttespelarar er far og son Sørum – manager Roar og trenar Kjell.

Dei tener ikkje ei krone for bidraga sine, men gjer det av lidenskap for sporten og eit sterkt ønske om at Bernard skal nå draumane sine.

Bernard Torres

TETTE BAND: Kjell Sørum og Bernard Torres møttest for første gong på ei boksetrening i 2011. Sidan den gong har dei fått til store ting i ringen.

Foto: Henrik Haug Laursen / NRK

NRK møter Torres i gymmen heime i Gran på Hadeland.

I ein provisorisk boksering av enkle tau, i trenar Kjell Sørums (63) garasje, trenar dei beinhardt dag inn og dag ut.

Økonomien gjer det vanskeleg å drive proffboksing i Noreg. Han må til utlandet for å få sparring og matching. Det kostar mykje pengar og tek mykje av sponsorinntektene.

Torres har nettopp vore i London i litt meir enn to veker for å førebu seg til det foreløpige høgdepunktet i karrieren:

16. februar går han nemleg i ringen mot det amerikanske boksehåpet Bruce Carrington (26) i Madison Square Garden Theatre.

Det er den viktigaste kampen i karrieren. Det er ein storkamp. Viss eg vinn kan det opne mange dører. Det vil føre til enda større kampar og ei betre ranking, seier Torres til NRK.

Det er i USA pengane ligg

For snart 13 år sidan møttest Torres og Kjell Sørum for første gong. Det blei starten på eit eventyr for dei begge to.

Vi er sanne amatørar, men vi reiser rundt i verda for å lære heile tida, seier trenar Sørum.

No ventar New York og heimlandet til boksinga for «Team Torres».

Trenaren er klar på kva kampen betyr for det norske boksehåpet

Ein siger ville vore eit gjennombrot i USA. Han har ikkje noko namn i USA, og det er jo boksaranes Mekka, seier trenar Sørum.

Bernard Torres

RUTINERT: Kjell Sørum har drive med boksing i ein mannsalder. Han kjenner seg trygg på at dei har gjort det dei kan før den viktige kampen.

Foto: Henrik Haug Laursen / NRK

I 2021 var det 6,7 millionar amerikanarar som dreiv med boksing, følge statistikkplattforma Statistia.

I tillegg er det ein stor marknad for kampsport i USA, med gode sponsoravtalar og svære arrangement som gir stor økonomisk gevinst.

Det er i USA pengane ligg. Så med ein god kamp 16. februar får han eit løft, uansett, seier trenar Sørum.

Les også Avisnotisen som gav nytt liv til draumen

Bernard og Kjell

Dessutan vil ein siger mot Carrington gjere at Torres er garantert tre nye kampar med gigantselskapet Top Rank. Det vil merkast i lommeboka til 27-åringen.

– Han får nærare 210.000 kroner for denne kampen. Det er det beste han har fått, seier manager Sørum.

Blir det siger og tre nye kampar vil det med andre ord gi summar som ikkje kan samanliknast med kva Torres får for ein kamp i Noreg.

Han skal bokse i Oslo i april, der får han rundt 10.000 kroner, seier manageren vidare.

Bernard Torres sitter i hjørnet av bokseringen. Han svetter. Fremfor han sitter Kjell Sørum som snakker til Bernard. Utenfor ringen står manager Roar Sørum som tørker svette av ansiktet til Bernard.

TEAM TORRES: Bernard Torres, manager Roar Sørum (i midten) og trenar Kjell Sørum gjer det dei kan for å nå toppen med avgrensa midlar.

Foto: Fotograf BT Stokke

Eg er skikkeleg underdog

I Noreg er Torres den boksaren som er mest på veg opp og fram, ifølge NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti.

– Bernard har tatt steg heile vegen. Han er heilt klart den mannlege proffboksaren i Noreg på høgast nivå, seier Øfsti.

Anders Werner Øfsti

SPENT: NRKs bokseekspert Anders Werner Øfsti er spent på kva Bernard Torres kan få til i USA.

Foto: NRK

Bokseeksperten påpeikar at det er få andre som kan skimta med å vera både proffboksar og barnehageassistent på ein og same tid.

Han meiner det seier noko om innstillinga til 27-åringen:

Han er ein teknisk god boksar og dedikert så det held. Han legg ned jobben som trengst, sjølv med eit lite budsjett. Det er ein av dei største idrettane i verda og det kryr av folk som vil bli verdas beste i boksing. Det krev enormt mykje å vere i toppen.

Kampen blir den 20. proffkampen til Torres. Nordmannen er rangert som nummer 46 i fjørvekt-klassen.

Motstandar Carrington er nummer 45 i verda og utan tap i dei ti proffkampane sine.

Han er spådd ei svært lysande framtid og blei kåra til «Årets nykommar» av anerkjente The Ring Magazine i 2023.

Rankingmessig er ikkje Carrington så høgt enno, fordi han har så få proffkampar, men ferdigheitsmessig er han blant dei fem beste i klassen sin, seier manager Sørum.

Han boksar på heimebane og har alt å tape. Eg er skikkeleg underdog, men eg er roleg og gleder meg, seier Torres.

Bruce Carrington

INGEN KVEN SOM HELST: Bruce Carrington, her etter å ha slått Ecuadors Luis Porozo i New York i 2023. Med dei 173 centimetrane sine er amerikanaren ein frykta motstandar i fjørvekt-klassen.

Foto: AP

Rosar valet: Ordentleg tøft

Øfsti meiner det vil vere ein «skrell» av dimensjonar om Torres skulle vinne.

Det er vanskeleg å sjå korleis Bernard skal slå han. Carrington er roleg og fin i ringen. Han rasar ikkje av garde og er flink til å variere mellom å slå oppe og nede, seier bokseekspert Øfsti.

Likevel ønsker han ikkje å avskrive Torres av den grunn og trekker fram at Torres er venstrehendt, noko mange synest er utfordrande.

– Alt kan skje i boksing. Det er det som er så gøy med denne sporten, seier Øfsti.

Bernard Torres

MODIG: Bernard Torres er ikkje redd for ei utfordring og med ein tidlegare boksar som far, bestemte han seg tidleg for å bli best.

Foto: Henrik Haug Laursen / NRK

Han rosar Torres for å tore å ta ei skikkeleg utfordring.

I motsetning til mange andre proffboksarar, er han ikkje redd for å møte betre motstand. Ein del av dei mannlege proffane i Noreg har vore for varsame. Bernard søker ordentlege utfordringar. Det er tøft.

Manager Sørum er ikkje i tvil om at Torres er henta til USA for å tape mot det mange spår som USA sin neste stjerneboksar.

Vi ønsker å gjere noko anna enn dei har tenkt. Dei kjem nok til å bli overraska, for det kjem noko anna enn dei ventar, seier han.

Revansjelyst

Dette er ikkje første gong Torres får vist seg fram for det største publikummet og dei viktigaste folka i bransjen i USA.

Torres møtte Frency Fortunato Saya til kamp i Atlantic City hausten 2022, men då blei det eit hårfint tap. Hans einaste tap til no.

Bernard Torres

ENKLE KÅR: Bernard Torres og teamet hans har nyleg vore på treningsleir i London, men det er i gymmen heime på Hadeland der dei fleste treningstimane blir lagde ned.

Foto: Henrik Haug Laursen / NRK

Torres og trenar Sørum understrekar at dei har tatt lærdom av førre kamp i over dammen.

Eg trur han er veldig godt førebudd denne gongen. Han har aldri vore betre enn han er no. Eg trur han vinn, seier trenaren.

Den gode forma og sjølvtillit bør komme godt med på «bortebane», der han ikkje vil få noko gratis, ifølge Øfsti.

Han må vinne klart og tydeleg. Aller helst på knockout. Då slepp ein trøbbel med poengdommarane.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal