Hopp til innhold

OL-klare Sunniva (19) blei hetsa for teknikken: – Blir heilt sjokkert

19 år gamle Sunniva Hofstad klarte det ingen andre norske kvinner har klart før henne: Å kvalifisere seg til OL. Men på vegen dit har ho opplevd hets for måten ho boksar på.

Sunniva Hofstad mot Love Hoglersson i OL-kvalifisering.

FÅR TYN: Sunniva Hofstad har fått kritikk for måten ho boksar på. Sjå forskjellen på måten ho har armane samanlikna med motstandaren.

Foto: Skjermbilde Olympic Channel

«No må du vakne. Dette er for dårleg. Begynn på skolen igjen! Boksing er ikkje noko å satse på viss du ikkje skjønner at slik du boksar nå ikkje når fram»

– Når eg høyrer det igjen nå, så blir eg heilt sjokkert, seier Sunniva Hofstad til NRK.

Denne er blant fleire kritiske meldingar 19-åringen fortel at ho og trenaren har fått på vegen fram til den historiske prestasjonen hennar.

I sommar blir Hofstad ein av 125 kvinnelege boksarar i OL i Paris. Dermed blir ho den første norske kvinnelege boksaren i OL etter at greina kom på OL-programmet i 2012.

Da vankar det ros frå proffboksar Cecilia Brækhus.

– Ho har eit stort talent, men nesten enda viktigare er det at ho har forståinga for arbeidet som må leggast ned, og tolmodet og vilje til å følge det opp, seier Brækhus til NRK.

sunniva hofstad

ARMANE NED: Det er denne teknikken mange reagerer på.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Blir kritisert for teknikken

Men Hofstad har merka at det er ikkje alle som liker det ho driv med. Ho får tyn for måten ho boksar på.

Ho og trenaren fortel om fleire kritiske meldingar:

«Du kjem ingen veg viss du ikkje løftar hendene».

«Sunniva var god som junior, men som senior så må ho ha hendene opp».

– Det er jo klart at sånne kommentarar kan bli litt sånn: «hmm, ja, bør eg vakne, er det her for dårleg?», seier Hofstad.

Bakgrunnen er Hofstads bokseteknikk. For i bokseringen lèt ho ofte armane henge lågt og ikkje vere oppe i forsvarsposisjon ved ansiktet, ein såkalla «guard». Det er det ho får kritikk for.

Sunniva Hofstad mot Love Hoglersson

Sunniva Hofstad kvalifiserte seg til OL tidlegare i vinter. Her i kamp mot svenske Love Hoglersson.

Foto: Skjermbilde Olympic Channel

Frå Brækhus får Hofstad derimot støtte.

– Det går heilt fint å bokse med hendene ned i amatørboksing der hanskar og hjelm er tjukke. Du må sjølvsagt ha gode refleksar og vere komfortabel med det. Det trur eg ikkje vil vere eit problem. Sunniva viser gong på gong at ho kan meistre det, seier ho.

Folk får seie det dei vil

– Det er mange som har sagt at ho må få opp hendene, seier trenar Ole-Arne Næsgård, som har vore Hofstad trenar sidan 2019.

sunniva hofstad

STÅR PÅ SITT: Sunniva Hofstad og trenaren Ole-Arne Næsgård.

Foto: Hans Solbakken / NRK

Han fortel om fleire meldingar av same sort.

– Det har vore litt sånn «æææh, vær så snill da». Eg har tenkt nå skal vi «bætre dæ» vise dei. Så det var litt godt det òg, da, eg må innrømme det, seier Næsgård om da dei greidde å kvalifisere seg til OL, og fortset:

– Det er nokre trenarar som har vore i kommentarfelta og skrive at «nå må de få hendene opp». Både i innboksen vår og i opne kommentarfelt.

Sjølv meiner Hofstad at ho er i flyten når ho boksar med hendene ned.

Sunniva Hofstad portrett OL-samling
Foto: Annika Byrde / NTB

– Blikket blir betre. Alle vurderingane mine blir på mange måtar betre. Når eg boksar med hendene opp så blir eg ofte «andreboksar». Eg kjenner eg ikkje rekk fram og at eg bommar og blir treft, seier Hofsad.

– Folk får seie det dei vil. Fordi eg veit fasiten for meg sjølv i alle fall. Og nå har dei vel eit litt anna perspektiv når eg har kvalifisert meg til OL med hendene ned, seier ho og smiler lurt.

Første gong sidan 1996

Saman med 25 år gamle Omar Shiha skal Hofstad altså forsvare Noregs ære i bokseringen i Paris. Det er første gong sidan 1996 at nokon med norsk pass boksar i eit OL.

OL-deltakinga gleder Cecilia Brækhus.

– Det er stort og eit skikkeleg løft for bokseforbundet og boksing generelt i Noreg. Eg både håpar og trur det vil gi ein auke i rekruttering til idretten, seier ho.

Brækhus

BOKSEPROFIL: Cecilia Brækhus er positiv.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

Da ho sjølv var amatørboksar, drøymde ho òg om OL, men den gong fekk ikkje kvinnelege boksarar delta.

– Først var medisinske grunnar argumentet for å hindre jenter i å delta. Da dei argumenta sjølvsagt ikkje heldt vatn blei vi fortalde at jenter ikkje var gode nok, seier ho og fortset:

– Det var sjølvsagt eit gap mellom kvinneboksing og herreboksing, men så fort OL blei lov for jenter eksploderte sjølvsagt rekrutteringa. I tillegg til at ressursar og midlar fann vegen til kvinneboksing.

Siste nytt

  • Haavi og Sønstevold vant serien i Italia

    Roma er mester i kvinnenes Serie A for annet år på rad ettersom Juventus tapte hjemme mot Inter fredag kveld.

    Det betyr Emilie Haavi har to strake seriegull med Roma, mens også Anja Sønstevold, som signerte for hovedstadsklubben i januar, kan juble over ligatittelen.

    På Instagram har Haavi delt et bilde i anledning den ferske tittelen. Roma spiller ikke denne helgen, men kan likevel feire seriegull.

    – Italienske mestere! skriver den norske landslagsspilleren.

    Roma ledet Serie A med elleve poeng før helgens runde, og Juventus trengte seier over Inter for å ha teoretisk sjanse til å ta igjen Haavi og Sønstevolds lag.

    Med 0-2-nederlag er avstanden for stor til at Juventus kan tette luken på sine tre gjenstående kamper.

    (©NTB)

    vHO2bp7V33w
    Foto: NTB
  • OL-kravet glapp for Grøvdal i Tyskland

    Karoline Bjerkeli Grøvdal deltok lørdag under «Adizero: Road To Records» - et friidrettsstevne i regi av hennes sponsor Adidas.

    Det norske OL-håpet stilte til start på 10 kilometer gateløp, med håp om å kvalifisere seg til sommerens leker i Paris.

    Kravet for å kvalifisere seg direkte til Paris er 30 minutter og 40 sekunder. Grøvdal kom i mål på 30.52 i Tyskland.

    33-åringen kan kvalifisere seg på ranking, men kan ikke føle seg trygg på det slik situasjonen er nå.

    Agnes Jebet Ngetich vant løpet, bare to sekunder bak verdensrekorden på 10 kilometer. Hun kom i mål på 30,03.

    Friidretts-VM 2023: 5000 meter forsøk
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Breigan nær norgesrekord

    Ida Breigan har vært i fyr og flamme så langt denne sesongen. Innendørs satte hun norgesrekord i lengde i februar, og hun flyr langt utendørs også.

    Under Texas Invitational fredag hoppet hun 6,65 meter. Det er bare tre centimeter bak norgesrekorden utendørs, som tilhører Margrete Renstrøm.

    Vindresultatene fra konkurransen er ennå ikke kjent. Breigan har tidligere hoppet 6,74 meter, langt forbi norgesrekorden, med da med for mye medvind.

    Breigans personlige rekord utendørs fra tidligere er 6,58 meter. Om vindforholdene i Texas blir godkjent, er den nå altså forbedret.

    Ida Andrea Breigan
    Foto: PRIVAT

Sendeplan

Kl. Program Kanal