Hopp til innhold

Granfoss tilbake til Norge: – Veldig letta over å vere heime

Jan-Egil Granfoss, kjent som «Bamsegutt», og familien er tilbake i Norge. Dei er svært letta, seier advokaten.

Bamsegutt

HEIME IGJEN: Jan-Egil Granfoss og familien er no tilbake i Norge.

Illustrasjon: NRK

– Eg visste jo at dei ville kome, men det kom litt brått på at dei kom så tidleg, seier advokat Leif Strøm til NRK.

Det var VG som først melde at Granfoss var komen til heimlandet.

Den uføretrygda mannen har dei siste åra vore på Filippinane saman med kona og sonen.

Dei siste vekene har det vore stor merksemd rundt han etter NRK-serien «Ingen elskar Bamsegutt».

Etter publisering kom det fram at hovudpersonen hadde ein 30 år gamal overgrepsdom mot seks born. Dette var NRK klar over og valde å ikkje nemne det i dokumentaren.

Serien blei difor avpublisert og fjerna frå NRK TV.

Lang reise

Advokat Leif Strøm seier søndag morgon at heile familien no er i Norge, men at det ikkje er avklart kvar dei skal bu framover.

Strøm fortel vidare at han har snakka med sin klient etter heimkomsten.

– Han og familien er veldig letta over å vere heime. Men det er jo ei lang reise og ikkje så mykje krefter igjen, seier advokaten.

Det har blitt samla inn fleire millionar kroner til Granfoss etter at dokumentaren blei sendt på TV.

– Innsamlingane har jo hatt den positive effekten at han no har kome seg heim.

– Hardt køyr

NRK er klaga inn for Pressens faglege utval (PFU) og saka vil også bli handsama av Kringkastingsrådet.

– Kva tenker Granfoss om alt det mediekøyret som har vore dei siste vekene?

– Det har vore eit hardt køyr, også retta mot han og familien. Men han er likevel letta over å kome heim til Noreg no, seier Leif Strøm.

Han opplever at Granfoss og familien framleis har sympati og støtte.

– Sjølv om det har vore mykje negativt her, så var jo situasjonen på Filippinane heilt uhaldbar, seier advokaten.

Les også NRK droppar doku­mentaren om «bamse­gutt»

NRK sin dokumentar «Ingen elsker Bamsegutt» blir ikke publisert på nytt.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger