Det vart høgt konfliktnivå då Fifa sette foten ned for regnboge-markeringar i VM.
Totalt sju nasjonar hadde planlagt å bruke såkalla Onelove-kapteinsbind: Belgia, Danmark, Tyskland, Wales, Sveits, England og Nederland.
«Berre» dei tre sistnemnde tok seg vidare frå gruppespelet.
Det har Arsène Wenger bite seg merke i. Den tidlegare Arsenal-manageren er i dag sjef for global utvikling i Fifa, og franskmannen kommenterte VM-starten frå ei scene i Qatar.
– Når du går til eit VM, kan du ikkje tape den første kampen. Lag med erfaring til å prestere i meisterskap, som Frankrike, England og Brasil, spelte bra i den første kampen, sa Wenger og heldt fram:
– Laga som var mentalt klare til å fokusere på kampen og ikkje politiske demonstrasjonar.
Seansen, som vart filma, vart delt mellom anna av Sky Sports søndag.
– Tull
Sjølv om Wenger ikkje nemner nasjon ved namn, er det openberre dømet Tyskland. Tyskarane protesterte mot Fifa og regnboge-nekten før opningskampen mot Japan, som vann 2–1.
Tyskland rauk til slutt ut av gruppespelet på målforskjell.
Dette blir likevel ein altfor enkel konklusjon, meiner tidlegare fotballtrenar og Viaplay-kommentator Lars Tjærnås.
– Har alltid hatt enorm respekt for Wenger. Her meiner eg han rett og slett snakkar tull. Det er mogleg å finne 100 faglege grunnar til at nokon har prestert betre enn andre. Då bør han halde seg til det – ikkje bli ei motstemme til dei få som har våget markere avstand til «VM-et til skamma», skriv Tjærnås på Twitter.
Han utdjupar til NRK at det er mange faglege grunnar til at til dømes Tyskland rauk ut.
– Då bør han og gruppa hans ta tak i det, i staden for å gå inn i tematikk som i beste fall blir antakingar, og i verste fall kan takast til inntekt for Fifas feige linje i konfliktane rundt VM, seier Tjærnås.
The Times-reporter Martyn Ziegler trekkjer også fram Wengers Fifa-rolle.
– Wenger er så indoktrinert av Fifa at han no hevdar at Tysklands «politiske demonstrasjonar» kosta dei utslagsplass i VM, kommenterer Ziegler på Twitter.
– Rein propaganda
NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt påpeikar at Wenger også tidlegare har komme med kontroversielle, men «Fifa-vennlege» meiningar.
– Wenger blir betalt veldig gode pengar av Fifa for å styre utviklinga i fotballen på verdsbasis. Men det er tydelegvis ikkje nok. I fleire saker, inkludert forslaget om VM kvart anna år, har han høyrdest ut som tredokka til buktalar Infantino. Og han gjer det også her. Det Wenger seier er totalt udokumentert og mest av alt opportunistisk – og openbert eit forsøk på å plante ei slags sanning om følgja av politisk og idealistisk engasjement rundt VM, seier Saltvedt.
Wenger skapte overskrifter verda over då han i fjor foreslo å arrangere fotball-VM kvart andre år.
Saltvedt legg til at Wenger i teorien kan ha rett i noko av det han no seier, men:
– Det er lettvint, populistisk og umogleg å bevise. Og det veit Wenger godt. Så då blir dette rein propaganda. Tyskland hadde ein dårleg førstekamp, men neppe på grunn av at dei heldt hendene framfor munnen i ti sekund.
Danmark klarte «berre» 0–0 mot Tunisia i opningskampen, men dette skulle vise seg å vere det einaste poenget dei tok.
Det enda nemleg med ein overraskande sisteplass i gruppe D. Danskene ynsksja saman med tyskarane å ta eit standpunkt for menneskerettar, og landslagssjef Kasper Hjulmand fortalde openhjarta at han sleit med seg sjølv etter regnboge-bråket.
Sjølv om han ikkje ville bruke det som ei unnskyldning, innrømde Hjulmand at det utanomsportslege preget laga.
– Det er inga unnskyldning. Men eit ville vore merkeleg å tru noko anna enn at det har hatt påverknad på det heile. I eit eller anna omfang. Om det har betydd noko som helst ute på banen eller ikkje, det veit eg ikkje, sa Hjulmand på ein pressekonferanse dagen etter VM-exiten.