Gareth Bale stadfesta klar for Real Madrid

Den lengste overgangssagaen denne sommaren er endeleg over. – Eg ser fram til eit nytt kapittel, seier Bale.

Gareth Bale

Gareth Bale kan endeleg sette seg på flyet til Madrid og bli verande.

Foto: John Powell / Liverpool FC via Getty Images

Tottenham og Villas-Boas

Tottenham sin portugisiske manager André Villas-Boas stadfesta at Gareth Bale var klar for Real Madrid etter 1-0-tapet for Arsenal søndag.

Foto: CARL COURT / Afp

– Han er klar for Real Madrid. Vi ønskjer han alt godt, sa Villas Boas på ein pressekonferanse etter kampen mot Arsenal søndag .

– Han har forlate oss med gode minne frå sist sesong, noko eg trur alle Tottenham-fans verdset. Han har gått vidare, og no må vi gå vidare òg, konkluderte Tottenham-manageren då han stadfesta overgangen.

Blir presentert i morgon

Klokka 20.03 stadfestar London-klubben i tillegg overgangen på sin eigen Twitter-profil:

– Klubben kan annonsere at ein avtale med Real Madrid for Gareth Bale har kome i hamn. Gareth kom frå Southampton mai 2007, og har gjennom hans seks år i klubben spelt 203 kampar og scora 55 mål, skriv Tottenham.

Klokka 20.07 kom stadfestinga frå den spanske klubben òg.

– Gareth Bale signerer for Real Madrid dei neste seks åra. Han vil bli presentert i morgon klokka 13.00 på Santiago Bernabeu, skriv Real Madrid på sin offisielle Twitter-profil.

Levy: – Hadde ingen intensjon om å selje

Styreformann i Tottenham, Daniel Levy, seier via klubben at interessa frå Real Madrid, og Bale si interesse om å skifte klubb, var så stor at dei måtte la han gå.

Daniel Levy

Tottenham-styreformann Daniel Levy let superstjerna forsvinne til Madrid med tungt hjarte. Samstundes har Levy vore svært aktiv på overgangsmarknaden for å erstatte lynvingen.

Foto: ADRIAN DENNIS / Afp

– Gareth er ein spelar som vi hadde ingen intensjon om å selje, då vi byggjer eit lag for framtida. Han er ein spelar med ein karriere vi har fostra og utvikla, og han var berre eitt år inne i fireårskontrakten.

Overgangen var – dessverre for Tottenham og Levy – uungåeleg, ifølgje styreformannen.

– Ønsket hans om å skifte klubb var så stort at synet vårt blei at han ikkje var tilstrekkeleg forplikta til vårt prosjekt denne sesongen. Vi har derfor, med stor motvilje, gått med på å selje og vi gjer det med, med vissa om at vi har ei utruleg sterk tropp, fortel Levy – som har vore svært aktiv på overgangsmarknaden.

Sky News: 100 millionar euro

Kva prislappen på Bale blir er framleis ukjent, men det er venta at han blir tidenes dyraste fotballspelar.

Sky News melder derimot at overgangen er verdt 100 millionar euro. Dette er enn så lenge ikkje stadfesta.

Christian Ronaldo gjekk i si tid frå Manchester United til Real Madrid for 94 millionar euro.

Gareth Bale

Gareth Bale har spelt sin siste kamp i Tottenham-trøya – i alle fall for ei stund.

Foto: GLYN KIRK / Afp

Bale: – Vil alltid vere i hjartet mitt

I ei utsegn på Tottenham sine nettsider takkar Bale alle i klubben og «fantastiske supporterar» som han håper ha forståing for overgangen.

– Eg er ikkje sikker på om der finst eit godt tidspunkt å forlate ein klubb eg følte meg heime i, og der eg spelte min beste fotball i karrieren så langt.

– Eg veit mange spelarar pratar om deira ønskje om å skrive under for klubben frå barndomsdraumane, men eg kan heilt ærleg seie at dette er min draum som går i oppfylling, seier Bale.

Han fortel vidare at han er fullt klar over at han ikkje ville vore der han er i dag utan både Southampton og Tottenham.

– Dei har stått ved meg gjennom tunge tider og gjeve meg miljøet og støtta dei har hatt.

– Tottenham vil alltid vere i hjartet mitt, og eg er sikker på at denne sesongen vil bli ein suksess for dei. Eg ser no fram til det neste spennande kapittelet i livet mitt, som fotballspelar for Real Madrid.

Les også:

Fotballnyheter

På innsiden

Kippe klikket i garderoben: – Jeg vurderte å fly på kameraet

Frode Kippe (40) stengte seg like greit inne på do etter tapet for Vålerenga. Alternativet var hakket mer brutalt.

Videoklipp

En viktig scoring for Norge av Martin Ødegaard mot Irland.
Sarpsborg 08 vant hele 3-0 over Vålerenga borte i semifinalen i cupen onsdag kveld. De møter vinneren av kampen Molde-Lillestrøm som spiller torsdag.
Se alle målene her.
Se alle målene her.