– Å slå Tottenham er den beste følelsen vi kan ha, sa ein fornøgd Theo Walcott etter kampen, i eit intervju vist på TV2
– Utanom Aston Villa-kampen har det vore veldig bra, og vi reagerte godt etter tapet. No er det veldig godt med ein siger før vi skal ut i kamp i Europa, slo Arsenal-favoritten fast.
Fjorårets fjerdeplass mot fjorårets femteplass i Premier League. Begge frå Nord-London, med eit styrkeforhold som har vore svært nære dei siste åra.
Men i sommar har Tottenham og André Villas-Boas storhandla, medan Arsenal og Arsène Wenger har heldt lommeboka i lomma. Akkurat det har gjort at mange har tippa Tottenham framfor rivalen i år.
På Emirates i 3. runde var det derimot Arsenal vassast.
Klikk-klakk til flikk i mål
Kampens einaste scoring kom etter 23 minutt og etter svært vakkert angrepsspel–ikkje uvanleg av eit leikent Arsenal.
Heimelaget angrip kjapt, og ballen går frå Tomas Rosicky til ein Walcott på veg gjennom. Arsenal-favoritten kjem seg fri, og slår hardt inn på første stolpe. Der har franske Olivier Giroud bevega seg perfekt, og med ein enkel flikk blir ballen lagt i nettet bak ein utspelt Hugo Lloris til 1–0.
Det mangla ikkje på sjansar, til verken Tottenham eller Arsenal.
Santi Cazorla var nære for Arsenal heilt i opninga av kampen på frispark, men Lloris avverja–noko han gjorde mykje av gjennom kampen. Etter seks minutt var Lloris på plass på ny når Cazorla svinga eit frispark mot vinkelen.
Den første Tottenham-sjansen kom etter 13 minutt, men skotet til Soldado–som scora på straffe i Spurs sine to første seriekampar–blei kroppsblokkert av Per Mertesacker.
Før pause var begge lag nære ved fleire høve, men langskot frå begge lag gjekk anten midt på keeper eller over mål.
Saka held fram under bildet.
Høge bølgjer og høg temperatur
I andre omgang opna bortelaget i eit forrykande tempo på Emirates, men det gjekk nesten 20 minutt før den første målsjansen kom. Og den var ikkje til Tottenham.
Det var målscorar Giroud som var nære, og berre ei feberredning frå Lloris hindra 2–0. Franskmannen fekk ballen på 20 meter, og banka til med venstrefoten, men Tottenham-keeperen i full strekk slo til corner.
Gjennom andre omgang blei det delt ut to gule kort, og dommar Michael Olivier hadde sett lista høgt–for temperaturen var tidvis høg.
Det som i hovudsak prega kampen var derimot høgt tempo og to angrepsvillige lag. Etter 76 minutt var Spurs svært nære utlikning.
Først hindra Arsenal-keeper Wojciech Szcesny eit skot frå 20 meter, før returen frå Roberto Soldado blei redda på streken.
Den siste store målsjansen kom etter 79 minutt og det var heimelaget som igjen var nære å doble leiinga, men verken Walcott og innbytar Nacho Monreal fekk ballen i nettet.
Dei siste 15 minutta, fem av minutta overtid, var svært spennande, men bortelaget fekk aldri utlikna og Arsenal kunne juble hemningslaust for 1-0-siger.
– Det ser ikkje bra ut
Den største grunnen til mange tilleggsminutt var – det som såg ut som – ein stygg skade på Tottenham sin Étienne Capoue.
I det 72 minutt enda ein heller uskuldig duell med at Cazorla fell over ankelen til Capoue. Franskmannen skreik av smerte, og reprisane viste det som kan vere eit beinbrot.
Etter kampen sa manager Villas-Boas dette om situasjonen for Capoue.
– Han blir tatt røntgen av no. Det ser ikkje veldig bra ut.
1-0-tapet gjorde ikkje at den portugisiske Tottenham-manageren blei gladare.
– Det blei ein spennande kamp med sjansar til begge lag. For oss var uavgjort aldri nok, vi ville vinne, men Arsenal var betre framfor mål og tok sigeren, sa Villas-Boas.
– Innsatsen frå spelarane er glimrande i andre omgang. Det trur eg vil hjelpe oss gjennom sesongen, men i dag gjekk resultatet til dei.