NRK Meny
Normal

Klaveness: - FIFA må offentleggjere heile Garcia-rapporten

– FIFAs handtering av Garcia-rapporten er i beste fall klønete handtert, og gir berre eit endå større behov for at heile rapporten må offentleggjerast, seier Lise Klaveness.

Lise Klaveness er ikke nådig i kritikken mot FIFA og mener total åpenhet om hva som står i den mye omdiskuterte rapporten fra FIFA om korrupsjon innad i organisasjonen. Reporter: Jørn Andre Lien.

NRKs fotballekspert meiner rapporten er lite verdt før den blir offentleggjort, og også før det blir kjent kva mandatet Garcia og hans folk hadde, eller kor mykje eller lite materiale dei fekk tilgang til .

Tyske Hans-Joachim Eckert i FIFAs etikkutval la torsdag fram eit punktvis utdrag av rapporten. Men det var berre eit punktvis samandrag, ikkje heile rapporten. Den har FIFA bestemt seg for å ikkje offentleggjere.

Klaveness meiner at det no er viktigare enn nokosinne at rapporten blir offentleg.

– Før det skjer, er ikkje rapporten eigna verken til å reinvaske eller noko anna, seier ho.

– Viktig at vi krev innsyn i rapporten

– Kvifor trur du FIFA vel å presentere rapporten på denne måten?

– Det kan ein berre spekulere i. Derfor er dette med å legge fram rapporten som punkt, eigentleg berre med på å auke mistanken mot FIFA. Det er lett å tenkje at dei gjer dette fordi dei vil skjule resten av rapporten. Det er ikkje sikkert det er slik, men då har FIFA alt å vinne på å legge fram rapporten.

– Det er viktig at alle vi andre rundt krev å få innsyn i rapporten. Det er einaste måten FIFA kan reinvaske seg fullstendig mot korrupsjonspåstandane , seier Lise Klaveness.

Overraska over kritikken

Michael Garcia og Joachim Eckert

Hans-Joachim Eckert (t.h.) er overraska over kritikken frå sjefsgranskar Michael Garcia (t.v.)

Foto: Walter Bieri / Ap

Eckert er overraska over kritikken han har fått frå amerikanske Michael Garcia etter at han la fram deler av Garcias granskingsrapport .

Eckert er leiar FIFAs etiske utval, som har granska skuldingane om korrupsjon rundt tildelingane av fotball-VM til Russland i 2018 og Qatar i 2022.

Garcia var mannen bak rapporten, som vart overlevert til FIFA i september. men etter Eckerts presentasjon i går, kritiserte Garcia FIFAs handtering av rapporten . Han vurderer å klage saka inn for FIFAs appellkomité.

Eckert meinte at rapporten frikjenner Russland og Qatar for korrupsjon i samband med tildelinga.

– Eg har prøvd å kome i kontakt med Garcia, men utan å lykkast, seier Eckert til telegrambyrået Reuters.

– Heile prosessen er ein vits

Greg Dyke

- Heile denne prosessen er ein vits, seier den engelske fotballpresidenten Greg Dyke

Foto: Handout / The FA via Getty Images

Den engelske fotballpresidenten Greg Dyke klarer ikkje å ta rapporten frå FIFAs etiske komité om tildelinga av VM 2018 og 2022 alvorleg.

– Heile prosessen er ein einaste stor vits, seier Dyke til BBC, og legg til at prosessen er «stygg for FIFA».

Leiaren av FIFAs etiske komité, Hans-Joachim Eckert, presenterte i går konklusjonane av ein granskingsrapport der han frikjende Russland og Qatar frå alle skuldingar om korrupsjon i samband med tildelinga av VM 2018 til Russland og 2022 til Qatar.

Men mannen som leia granskingane, advokaten Michael Garcia frå USA, reagerte og sa at granskingsrapporten vart presentert heilt feil. Han varslar at han vil anke dette.

Tidlegare har Garcia sagt at heile granskingsrapporten bør offentleggjerast. Men dette vil ikkje FIFA.

Tar ikkje konklusjonen alvorleg

– Derfor kan ikkje eg ta FIFAs konklusjon og rapport alvorleg, sa Dyke til BBC-programmet Newsnight i går kveld. – Dette (at Garcia ikkje aksepterer FIFAs konklusjon, red.anm.) undergrev heile prosessen, sa Dyke.

– Det ser stygt ut for FIFA, dette, når mannen som leia granskinga ikkje går god for oppdragsgjevarens konklusjonar, seier Dyke.

Det engelske fotballforbundet (FA) var sjølv søkjar til VM 2018. Dei blir av FIFA skulda for å ha prøvd på snarvegar i prosessen, ved å smørje dåverande FIFA-styremedlem Jack Warner. Warner fekk seinare sparken.

«Kvitvasking»

Også på politisk plan er det britiske reaksjonar på FIFAs handtering. Parlamentsmedlem Damien Collins kallar Eckerts rapport om rapporten for «kvitvasking».

Labours sportstalsmann i «skuggeregjeringa» seier at FIFA no ikkje har noko anna val enn å offentleggjere Garcia-rapporten fullt ut.

Fotballnyheter

Videoklipp

Se alle målene her.
Se alle målene her.
Se alle målene fra kampen mellom Manchester United og Basel.