– Vi har enno ikkje vore i Russland for å sjå på kvar vi skal ha basecamp, fordi det først no er klart at vi er i VM. Men dei store laga har allereie vore der og valt sine stader. Kanskje kan vi overta Italia sitt val? smiler den danske suksesstrenaren.
NRK møter han i sofaen heime i Molde der han kan falle til ro etter storkampen mot Irland og euforisk jubel saman med laget etter heimkomsten til København. – Her kan eg finne roen, seier han.
Han ser fram til ein fin vinter og vår fram mot VM i Russland. Dit blir det nokre turar. Først til trekninga av gruppene 1. desember. Så skal basecampen plasserast og logistikken planleggast.
– Helst vil vi ha basen vår ved Svartehavet, seier Hareide.
Ønskjer Russland og Panama – eller England
– Kva blir drøymegruppa i VM?
– Vi vil gjerne ha Russland som det toppseeda laget, ein enkel motstandar frå gruppe to og Panama frå gruppe 4.
– Eg kunne også tenke meg England. Det har ekstra klang for meg, og er eit lag vi likar å spele mot og kan slå, seier Hareide, som i sine aktive år spela for Manchester City og Norwich.
Genierklært «fjeldabe»
No er sunnmøringen genierklært i Danmark, men det er ikkje meir enn eit år sidan han var sjølve prototypen på «fjeldabe». Med to tap på dei tre første kampane var VM langt unna. Særleg ille var heimetapet for Montenegro.
– Då var tommelen ned på alt. Då var det å stå i vindtunnelen medan det bles som verst. Men det er ein trenars lodd. Du taper og blir dømd på det. Då er pressa etter deg med ein gong. Men heldigvis har eg levd ei stund og kjenner til det. Det gjeld å kunne stå i det og iallfall ikkje få panikk.
– Er dette det største du har opplevd som trenar?
– Ja, saman med å ta Malmö til meisterligaen.
Kapteinsgruppe
Åge Hareide har også fått ros for å ha involvert spelarane.
– Vi har laga ei kapteinsgruppe med fire mann (Simon Kjær, William Kvist, Christian Eriksen og Kasper Schmeichel), som blir involvert om planane før kampane og på trening. Då får du involvering og eigarskap, og det er viktig i ei gruppe som ikkje møtest til dagleg, og som har kort tid på å førebu seg.
– Eg er eit kjenslemenneske. Du er litt inne i galskapen før, under og etter ein kamp. Du er ikkje heilt i vater før du kjem heim til Molde og let alt synke ned, seier Danmarks norske suksesstrenar.