Det er Russlands eiga forklaring på grunnen til at FIFAs granskingskomité fekk få opplysningar om kva som skjedde i den russiske prosessen fram mot tildelinga av VM 2018.
I den 42 sider store rapporten som
, blir Russland skulda for å vere svært lite samarbeidsvillige med granskingskomiteen og komiteleiar Michael Garcia. Berre ein liten del av dokumenta frå søkjeprosessen kom komiteen i hende.Den russiske forklaringa er at datamaskinene som søkjarkomiteen brukte, var innleigde. Etter at prosessen var slutt og Russland var tildelt VM 2018, vart maskinene returnerte til eigaren, som seinare destruerte dei. I farten kom også alle e-postane bort.
– Veit ikkje kvar maskinene blei av
Russland slår fast at det ikkje var noko uregelmessig med søknadsprosessen.
– Vi har heile tida visst at det ikkje ville kome noko negativt ut av granskinga, seier Alexej Sorokin, leiaren i organisasjonskomiteen for VM 2018, til Sky News.
Sorokin seier at ingen e-post var sletta.
– Men vi leverte tilbake maskinene vi lånte. Eg veit ikkje eingong kvar dei blei av etterpå, seier Sorokin.
– Vi samarbeidde (med granskingskomiteen) så godt vi kunne. Kva anna kunne vi gjere? spør Sorokin.
– Tvers igjennom ærleg
Idrettsminister Vitalij Mutko er glad saka er over og kan avsluttast.
– Vi har ikkje gjort noko bak kulissene. Vår bod-prosess var tvers igjennom ærleg, seier sportsministeren.