Hopp til innhold

Noreg-debutanten trudde ho var ferdig med fotball – blir spådd som neste «wow»-spelar

NRKs fotballekspert spår at Anna Jøsendal blir den norske kometen i sommar i EM. Men så seint som i fjor trudde 21-åringen at fotballkarrieren kunne vere over.

Football, Norway, Women, training

OVERRASKING?: NRKs ekspert trur Jøsendal kan vere ein joker i årets meisterskap.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Ada Hegerberg, Caroline Graham Hansen og resten av Noregs landslagstropp har landa i England, og det er berre to dagar til EM blir sparka i gang.

For fleire av Noregs stjerner blir dette ein moglegheit til å revansjere fiaskoen frå 2017. Samstundes får unge spelarar som Anna Jøsendal oppleve alt for fyrste gong.

Det er skikkeleg kult. Det er jo ein draum som går i oppfylling, fortel Jøsendal.

Det er ikkje så uvanleg at ein debutant er ekstra spent og glad før ein meisterskap – men for denne 21-åringen er det ekstra spesielt.

Det har nemleg ikkje vore sikkert at karrieren skulle vare så lenge at ho rakk EM-et i sommar.

Fekk skumle tankar

Football, International friendly, Norway - New Zealand. Anna Jøsendal.

DEBUTÅR: Dette er Jøsendals første år på A-landslaget.

Foto: MARIUS SIMENSEN / BILDBYRÅN NORWAY

Jøsendal går sitt aller første seniormeisterskap i møte, i hennar første år på A-landslaget. I generalprøva mot Danmark fekk ho plass i startellevaren, men ho er førebudd på hard konkurranse om speletid i meisterskapen. Men på mange måtar er det også ein stor siger å vere med i troppen.

For ein langvarig skade har vore nære ved å setje ein stoppar for draumen.

Eg har slite med ein lyskeskade i nokre år faktisk, så det har vore skikkeleg kjipt. Det var litt ulikt med alt omkring lysken. Litt ulikt ting, litt i beinet og betennelse og sånn, seier ho.

Det har faktisk vore så kjipt at ho trudde at karrieren stod i fare.

Kor kritisk var det på det verste?

Det var jo tankar som gjekk gjennom meg, at eg kanskje måtte slutte med fotballen og at det aldri kom til å gi seg, då det kom for 5. og 6. gong, fortel 21-åringen.

Men Jøsendal ville ikkje gi opp. Og Rosenborg vart ein del av redninga.

Les også Program for fotball-EM 2022

Fotball-EM kvinner

– Ein av toppseriens beste

Etter fire år i Avaldsnes signerte ho nemleg for trønderane i starten av året. Og sidan det har ting verkeleg sett annleis ut for Jøsendal.

Eg har jo komme til Rosenborg og fått skikkeleg god hjelp der av fleire fysioer. I tillegg har eg funne litt ut av ting, korleis det kan gå vekk igjen og veldig bra på belastningsstyring, så det er ein miks av mange ting som har hjelpt meg, seier ho.

Landslagssjef Martin Sjögren har følgt Jøsendal over lang tid, og har også måtta ta omsyn til skadeproblematikken til 21-åringen.

Trening kvinnelandslaget i fotball

FØLGT MED: Sjögren har følgt med på Jøsendal lenge.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Vi støttar jo med det vi kan, men først og fremst er det arbeidet til klubben å planleggje og gjennomføre opplegget hennar sånn at det blir så bra som mogleg. Det viktigaste av alt for Rosenborg er jo også at ho er frisk, for dei vil jo ha henne i spel, seier Sjögren.

No har ho fått kontinuitet, og eg synest ho har vore ein av dei beste spelarane i toppserien.

Ikkje berre har ho halde seg skadefri det siste halvåret, men ho har også imponert stort i den nye klubben sin. Den kombinasjonen var så god at Sjögren gav henne ein plass i troppen til EM.

Heldigvis gav eg ikkje opp, og heldt fram med å kjempe hardt, og her står eg. No er eg tilbake og har ikkje kjent noko sidan januar og er veldig glad for det, seier Jøsendal.

Les også Hegerberg hetses etter pride-støtte: – Vi har en lang vei å gå

Ada Hegerberg og kommentarfelt

Kan bli «wow»-speler

Sjögren meiner Jøsendal har mange kvalitetar som kan komme godt med i ein meisterskap.

Anna har mange kvalitetar som allereie no er på veldig godt, internasjonalt nivå, seier han.

Medietreff kvinnelandslaget i fotball

HØGT NIVÅ: Landslagssjefen skryter av Jøsendals kvalitetar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ho har ei gjennombrotskraft og også ein venstrefot som er veldig, veldig fin. Ho har dei fysiske parametrane som trengst for å spele på øvste nivå internasjonalt.

Også NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp har late seg imponere av 21-åringen. Han meiner ho kan bli Noregs EM-komet.

Ho er ein joker. Eg har sagt det før at eg trur ho kan ha litt den rolla som Karina Sævik hadde i 2019, då ho kom inn og vart «wow»-spelaren den meisterskapen, seier Torp.

Ho er i form, ho har eit internasjonalt steg, ho har bra fysikk, er ung og uredd. Kjempeform i Rosenborg. Det er ein joker i den meisterskapen her, absolutt.

Carl-Erik Torp

JØSENDAL-JOKER: NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp.

Foto: NRK

Brukte EM som gulrot

Etter fleire år med skadeproblematikk er ho i full gang på landslagssamling med Noreg. Om få dagar ventar avreise til England.

Då det stod på som verst, hadde du sett for deg at du skulle til EM då?

Nei, det hadde eg ikkje. Men samtidig var det jo det som gjorde at eg jobba hardt og ville komme tilbake. Så EM-målet hjelpte meg i dei verste periodane med å jobbe skikkeleg hardt, fortel Jøsendal.

Men sjølv om målet på éin måte er nådd, så står det framleis att ein veg frå å vere ein del av troppen, til å få plass i ellevaren.

Ho kjempar jo med Julie Blakstad i utgangspunktet om den posisjonen. Men ho kan brukast i andre roller òg, så det kan vere at ho kan erstatte offensive spelarar også mot slutten av kampar når vi treng litt meir gjennombrotskraft, for det har ho veldig mykje av, seier Torp.

Det er skikkeleg hard konkurranse, det er jo min første meisterskap på seniornivå. Eg skal ikkje ha så altfor store forventningar til så mykje speletid, men eg skal i alle fall gjere jobben min og vere klar til kvar kamp, viss det eventuelt skulle skjedd, seier ho.

Les også No kan du velje Fantasy-lag: Slik blir du best i vennegjengen

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway - Poland

Siste nytt

  • Jakob Ingebrigtsen fikk pris tross skademareritt i utendørssesongen

    Jakob Ingebrigtsen slet med en skade gjennom hele sommersesongen, men hans sterke prestasjoner innendørs i vår skaffet ham tittelen som årets navn i norsk friidrett.

    I februar satte 25-åringen to verdensrekorder innendørs under løpet på en engelsk mil i franske Lievin. Han slo i samme løp bestenoteringen på 1500 meter. I mars kunne Sandnes-løperen juble for to gull både under VM i Kina og EM i Nederland (1500 og 3000 meter).

    Selv om skadetrøbbel førte til at han ikke stilte opp i konkurranser utendørs før i VM i Tokyo i september, er han årets navn i friidretten, heter det i begrunnelsen.

    Prestasjonsprisene gikk til tikjemper Sander Skotheim og løpestjernen Henriette Jæger.

    Skotheim ble nylig kåret til den beste mangekjemperen i verden denne sesongen til tross for at han feilet under tikampen i VM.

    Løpefenomenet Håkon Moe Berg og Skjalg Kongssund fikk utviklingsprisen, som er en utmerkelse for utøvere under 23 år, mens svaksynte Salum Ageze Kashafali fikk paraprisen.

    (©NTB)

    en person med armene hevet
    Foto: JEWEL SAMAD / AFP / NTB
  • To utvisninger for Lilleberg i Tampa-tap mot Washington

    Norske Emil Lilleberg pådro seg to utvisninger da Tampa Bay Lightning tapte 3-2 mot Washington Capitals i den amerikanske hovedstaden.

    Det stod 2-2 ved full tid, og lagene måtte derfor ut i overtid.

    Der trengte Washington Capitals-spiller Jacob Chychrun bare et drøyt minutt før han sørget for 3-2 til hjemmelaget.

    Emil Lilleberg fikk 16 minutter på isen og 4 i utvisningsboksenfor Tampa Bay Lightning. Nordmannens første tominutter kom i andreperiode for tripping, mens en krysstakling i den siste perioden kostet ham ytterligere to minutters utvisning.

    (©NTB)

    Emil Lilleberg i NHL-drakt skøyter i en ishall.
    Foto: Reuters
  • Ronaldo med ny rekord

    Cristiano Ronaldo (40) så ut til å sende Portugal til fotball-VM, men på overtid fikk Ungarn med seg 2-2.

    Dermed må portugiserne vente på å booke plass i neste års sluttspill i Nord-Amerika. Festen ble spolert av Dominik Szoboszlai i det 91. minutt.

    Ronaldo har allerede mange rekorder på merittlista, og tirsdag kom det en ny ved å bli tidenes mestscorende spiller i kvalifiseringer til VM.

    Ronaldo satte milepælen da han fra kort hold gjorde 1-1 halvveis ut i første omgang. Med det var han forbi tidligere Guatemala-spiller Carlos Ruiz, som stoppet på 39 mål.

    Rett før pause rykket han ytterligere ifra. Ronaldo tok Portugal i ledelsen på en ball fra Nuno Mendes.

    40-åringen står med 143 landslagsmål og 948 totalt i karrieren.

    (NTB)

    Ronaldo
    Foto: Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal