– Det blir nesten i overkant symbolsk når den einaste farga spelaren kjem inn i det 119. minutt for å dryge tid, seier NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt.
Dei engelske løvinnene sikra eit historisk EM-gull etter ein dramatisk finale mot Tyskland søndag. Men det er ikkje berre lovord som blir hausta til dei ferske meistrane.
Den engelske fotballspelaren Anita Asante med ghanesisk bakgrunn er blant dei som er kritisk til mangfaldet i laget.
– Mangel på mangfald i det engelske damelandslaget stoppar mange jenters draum, skriv Asante i ein kommentar hos The Guardian.
Då dei engelske spelarane sabla ned Noreg i gruppespelet med siffera 8–0 sa TV-kommentator for BBC og Sky Sports, Eilidh Barbour, følgjande:
– Alle elleve spelarar som starta, og dei fem innbytarane som kom inn var kvite, og det peikar på ein brest i mangfaldet i damefotballen i England.
Frankrike skil seg ut
På Frankrikes EM-lag er situasjonen litt annleis.
– I det franske laget har vi eit mangfald som kanskje ikkje finst i dei andre laga. Det er styrken vår og eg trur det er bra for landet vårt, seier Frankrikes Kadidiatou Diani til Aftonbladet.
STØRRE MANGFALD: Frankrikes startellevar i kvartfinalen mot Nederland.
Foto: CARL RECINE / ReutersPSG-spelaren er fødd i ein familie med opphav frå Mali.
– Alle små jenter i Frankrike kan identifisere seg med spelarar frå landslaget vårt. Same kvar vi kjem frå er alle franskmenn og stolte over å representere landet sitt.
– Det kom ei anerkjenning for kvinnefotballen i Frankrike mykje tidlegare enn i andre land, og dei har også gitt moglegheiter til jenter med ein annan bakgrunn. Dei er mange år framfor oss, seier NRKs kommentator.
PSG-stjerne: Kadidiatou Diani feirar etter skåringa mot Tyskland i semifinalen av EM.
Foto: Alessandra Tarantino / APFleire store nasjonane slit
Ser ein på Englands herrelag som òg spelte EM-finale for eitt år sidan, er det stor forskjell frå damelaget. Elleve av dei 26 spelarane til EM-troppen hadde ein bakgrunn som ikkje var engelsk.
Det engelske fotballforbundet kan forstå kritikken og synest det er viktig å dele jobben dei gjer for å finne løysingar på problemet.
– Vi erkjenner at ei endring ikkje vil skje over natta. Men vi kan forsikre om at vi i framtida vil gjere alt i vår makt for å få eit større mangfald i ungdomslaga våre med spelarar som seinare vil gå inn på seniornivå, seier Kay Cassington i det engelske fotballforbundet til ESPN.
Men det er ikkje berre det engelske kvinnelandslaget som slit med integreringa.
Tysklands lag før semifinalen mot Frankrike.
Nederlands lag før kvartfinalen mot Frankrike.
Noregs startellevar før den avgjerande gruppespelskampen mot Austerrike.
Tysklands herrelandslag.
Nederlands herrelandslag.
Noregs herrelandslag.
– Sjå på Tyskland. Sjå på Nederland. Sjå på Noreg, seier Saltvedt.
– Dei beste nasjonane har heilt openbert ikkje klart å inkludere ein integreringsprosess inn i fotballen på same måte som herrane.
– Vi er ikkje i nærleiken
Noregs Fotballforbund har sjølv innrømt at dei slit med å få jenter med innvandringsbakgrunn til å spele fotball.
– Det er berre å erkjenne at vi ikkje har nok jenter med fleirkulturell bakgrunn som vel fotball. Ein har prøvd mange ulike ting, men den koden er ikkje knekt, erkjende fotballpresident Lise Klaveness overfor NRK.
I EM-troppen var det ingen innvandrarar. Maria Thorisdottir er dotter av Thorir Hergeirsson frå Island, medan Celin Bizet Ildhusøy har ei mor frå Cuba. Det er det næraste Noreg kjem eit mangfald i troppen.
– Akkurat same situasjon er det med det fantastiske J-19-landslaget vårt, der ein heller ikkje ser noko av det som har vore vellykka på herresida. Landslaga på kvinnesida speglar ikkje det norske samfunnet. Vi er ikkje i nærleiken, seier Saltvedt.
– Noregs Fotballforbund verkar nesten tomme for idear for kva dei kan gjere?
– Det må setjast av ressursar til utdanning av trenarar med kulturell bakgrunn. Vi må få ned barrierar når det gjeld å komme til trening på dei tidene som passar. Det må bli ein større aksept for ulik kledning. Viljen er ikkje god nok, same kva vi seier.