Hopp til innhold

No kan du velje Fantasy-lag: Slik blir du best i vennegjengen

Klarer du å slå fantasy-ekspertane til NRK og TV 2?

Football, FIFA Women's World Cup Qualifier, Norway - Poland

EM-MANAGER: No kan du spele TV 2s og NRKs EM-manager.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

6. juli blir fotball-EM sparka i gang, og no kan du velje fantasy-laget ditt for turneringa.

Fotball kvinner, A-landslaget trener før EM

STJERNE: Tete Lidbom og Mina Finstad Berg meiner ein bør ha Ada Hegerberg på Fantasy-laget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

TV 2 og NRK samarbeider igjen for å tilby fantasymoro gjennom fotballfesten.

Her kan du setje opp laget ditt.

Bør ein kjøpe Hegerberg?

TV 2s sportskommentator og fantasy-ekspert Mina Finstad Berg meiner det er viktig å bruke gruppefavorittane for alt det er verd. Ho peikar ut England, Nederland og Frankrike som store favorittar i gruppene sine.

I tillegg er det éin spelar ho må ha inne på laget sitt.

– Nummer éin på lista mi er Vivianne Miedema, fordi Nederland har ei ålreit gruppe. Eg tenkjer også Ada Hegerberg, rett og slett fordi mange kjem til å ha henne på laget og Noreg opnar mot Nord-Irland. Då kan ho vere mogleg kaptein i første runde, seier Berg.

Mina Finstad Berg

EKSPERT: Mina Finstad Berg vil satse tungt på dei store kanonane.

Foto: Julia Marie Naglestad / TV 2

Det er også éin joker som peikar seg ut for TV 2-eksperten.

– Den aller største jokeren er Fran Kirby. Men vi veit ikkje om ho startar eller ikkje, for ho har slite veldig med skadar. Men potensialet hennar er skyhøgt. I tillegg vil eg nemne vår eiga Julie Blakstad.

NRKs ekspert Tete Lidbom går på si side tungt inn på det norske laget.

– Gå «all-in» på Hegerberg, Graham Hansen og Reiten frå start. I tillegg er Fran Kirby bankers på laget mitt. Ellen White har ikkje berre lik nase som Harry Kane, men ho er også like målfarleg og god. Det er ikkje dumt å starte med White og Hegerberg på topp frå start, seier Lidbom.

Tete Lidbom.

SATSAR NORSK: Tete Lidbom tilrår å bruke tre norske spelarar frå start.

Foto: NRK

Også han meiner Hegerberg er eit godt val som kaptein til første kamp.

– Ta dei openberre vala

Berg har også nokre gode tips for å ta innersvingen på venner eller kollegaer.

– Eg trur det er viktig å sjå kven laga møter i gruppespelet, og så satse tungt på dei beste laga i gruppa, seier ho.

I tillegg bør ein ikkje sjå seg blind på kvalifiseringa, meiner eksperten.

– EM-kvalifiseringa er lenge sidan, for EM vart jo utsett eitt år. I tillegg møter dei nokre lag som er mykje dårlegare, og då kan statistikkane til spelarane bli misvisande. Eg ville heller sett på korleis spelarane har gjort det for klubben sin og i treningskampar mot betre nasjonar, seier Berg.

Lidboms tips er å gå for dei trygge vala.

– Det beste tipset mitt er å gjere det alle andre gjer, ta dei openberre vala. Få så mykje verdi på laget som mogleg. Ikkje prøv for hardt.

Slik speler du

Reglane i EM-manager minner om reglane til Fantasy Premier League.

Den store forskjellen du må ta omsyn til, er at spelarane og laga dine plutseleg kan ryke ut av turneringa.

Det er også nokre små tilleggspoeng å hente for spelarane. Mellom anna får spelarane poeng for skot på mål og for å «vinne» kampen i perioden spelaren er på banen.

Du får 105 – ikkje 100 – millionar i budsjett til å setje saman det laget du har tru på. Laget ditt består av 15 spelarar, og så må du velje 11 av dei for kvar runde.

For kvar runde kan du også gjere eitt gratis byte på laget ditt. Du kan gjere fleire, men då får du fire minuspoeng.

Du har også eitt wildcard du kan bruke fritt gjennom meisterskapen. Talet på frie byte aukar etter kvart som vi kjem til kvartfinale, semifinale og finale.

Du kan gjere så mange endringar du vil på laget fram til onsdag 6. juli klokka 21.00.

Siste nytt

  • Bodø/Glimt møter Dinamo Zagreb i playoff til mesterligaen

    Dinamo Zagreb blir Bodø/Glimts motstander i kampen om en plass i Champions League. Kroatene vant 6-3 sammenlagt over Ludogorets.

    Kroatene hadde med seg 2-1-ledelse fra den første kampen, og på hjemmebane ble det 4-2-seier. (NTB)

    Tredje kvalifiseringsrunde til Champions League 2022/2023: Bodø/Glimt - Zalgiris Vilnius (5-0)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB
  • Medier: Børven på vei til Vålerenga

    Angrepsspiller Torgeir Børven (30) er på vei tilbake til sin gamle klubb Vålerenga, melder flere norske medier.

    Varden erfarte først at Børven hadde bestemt seg for sin nye klubb. Nettavisen har i likhet med skiensavisen kilder på at Børvens tyrkiske klubb har gått med på å slippe ham.

    Ifølge VG er det snakk om en 2,5 års avtale i Oslo-klubben hvor han spilte i to år.

    Vålerenga er i medvind om dagen og sikret seg sist uke landslagsstopper Stefan Strandberg. VIF har vunnet fem strake kamper i Eliteserien.

    Børven har siden i fjor vært under kontrakt med Gaziantep. (NTB)

    Eliteserien fotball 2020: Strømsgodset - Rosenborg (3-3)
    Foto: Trond Reidar Teigen / NTB
  • Vos til topps i åpningen av Tour of Scandinavia

    Syklist Marianne Vos vant den første etappen av Tour of Scandinavia etter en jevn spurt i Helsingør.

    Nederlandske Vos (Jumbo-Visma) vant foran Megan Jastrab (DSM) og Shari Bossuyt (Canyon) i den 145 kilometer lange etappen fra København til Helsingør.

    – Det gikk veldig veldig fort. Jeg var veldig nervøs. Alle ønsker å være langt framme, men jeg er veldig glad for å kunne ta det, sa Vos til TV 2 etter seieren.

    Det norske håpet Susanne Andersen kom seg aldri i en god posisjon i massespurten og havnet utenfor topp ti. (NTB)

    First stage of the women's Tour of Scandinavia
    Foto: RITZAU SCANPIX / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Spilleliste med 52 klipp
Sport
Spiller nå
Her stagediver Vetle Sjåstad Christiansen etter den fjerde Blink-seieren 00:55
Neste