Hopp til innhold

Noregs nye stjerne vekker oppsikt: – Ser aldri fotball

Landslagsspelar Celin Bizet Ildhusøy gjør som Ronaldinho, Carlos Tevez og Gareth Bale.

Celine Bizet Ildhusøy

MØTER NEDERLAND: Celin Bizet Ildhusøy før møtet med Nederland i EM-kvalifiseringa.

Foto: Yann Belov / NRK

Noregs EM-kvalifisering starta med ei vakker og iskald skåring mot Finland frå Tottenham-spelar Celin Bizet Ildhusøy.

22-åringen har også fått stor merksemd for eitt av sesongens vakraste mål i England.

Men det er ikkje «nerding» av fotball framfor TV-skjermen som har gjort henne god.

Snarare tvert imot.

– Eg ser aldri fotball, eigentleg.

– Kvifor ikkje?

– Eg veit ikkje kvifor. Det berre har liksom ikkje gitt meg... Kanskje eg synest det er nok med å spele, seier Ildhusøy.

Fotballandskamp for kvinner: Norge - Finland

FEIRING: Celine Bizet Ildhusøy feirar 1-0-scoringa mot Finland i EM-kvalifiseringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Utradisjonelt å seie så tydeleg

Så når Erling Braut Haaland pøser inn mål for Manchester City eller Caroline Graham Hansen briljerer for Barcelona sit ikkje Ildhusøy benka framfor skjermen.

Lagvenninne Cecilie Fiskerstrand trur Ildhusøy høyrer til fåtalet av toppfotballspelarar som ikkje interesserer seg for å sjå kampar.

– Ja, det trur eg, og i alle fall er det kanskje utradisjonelt å seie det så tydeleg, seier ho til NRK.

Landslagssjef Hege Riise presenterer troppen til sommerens VM

– UTRADISJONELT: Cecilie Fiskerstrand trur Ildhusøy høyrer til fåtalet.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Nokon spelarar vil sjå kvar einaste kamp. Andre vil ikkje sjå på fotball, men berre spele. Celin er veldig fokusert på detaljane når vi spelar, så eg kan forstå kvifor ho vil bruke fritida til å koble av. Det hjelp ho til å vere på sitt beste, seier landslagssjef Gemma Grainger.

Ildhusøy er i det minste ikkje aleine om å vekke oppsikt for manglande iver for å sjå TV-kampar.

– Eg ser eigentleg ikkje så mykje fotball, sa Gareth Bale til ESPN i 2018.

– Eg har aldri vore fanatisk etter å sjå kampar, sa Carlos Tevez til magasinet Clarin.

– Eg ser høgdepunkt, men liker ikkje å sjå 90 minutt, sa Ronaldinho til Ibai Llanos i 2021.

Italy Ryder Cup Golf

LITE INTERESSERT 1: Fotballstjerna Gareth Bale har uttala at han ikkje likar å sjå fotballkampar.

Foto: Alessandra Tarantino / AP
Ronaldinho

LITE INTERESSERT 2: Ronaldinho sit truleg ikkje benka framfor skjermen når Noreg møter Nederland tysdag kveld.

Carlos Tevez

LITE INTERESSERT 3: – Eg har aldri vore fanatisk etter å sjå kampar, sa Carlos Tevez.

Foto: ANDREW YATES / AFP

– Må ikke elske fotball

NRKs fotballekspert Carl Erik Torp ser eit mønster i trioen Bale, Tevez og Ronaldinho - og ser Ildhusøy som ein lignende type. Det er artistar som gjør ting på egen måte, med en friere innstilling til fotballivet.

Han har sjølv spelt med gode spelarar, men som ikkje nødvendigvis brukte fritida framfor skjermen. Torp meiner imidlertid at det kan vere ein fordel å følge med på annan fotball enn den ein speler sjølv.

– Eg trur på generelt grunnlag at det å ha ei gjup interesse for fotball utanfor eigen aktivitet, er med å gje betre innsikt og forståing. Ser ein fotball, forstår ein meir fotball. Men det handlar om å vere best ut i frå eigne føresetnaer. Så for nokre kan det vere lurt å ta eit steg tilbake, seier han.´

Carl Erik Torp, NRK-ekspert

EKSPERT: Carl Erik Torp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Torp tenker at kapteinar, spelarar som «er hjernen i laget», og dei med ambisjonar om ein jobb i fotballen etter spelarkarrieren, meir naturleg har interesse for fotball også på fritida.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at ein må elske fotball for å spele fotball, seier eksperten.

Slåsting og raske bilar

Der fleire store fotballstjerner seier at dei heller koplar av med å sjå golf enn fotball, koplar Ildhusøy av med å sjå TV-seriar og filmar.

– Eg har andre ting å sjå på.

– Kva andre ting?

– Netflix. Alt mogleg rart, seier Ildhusøy og bekreftar at ho liker action, slåsting og raske bilar.

Les også NRKs ekspert bekymret tross drømmestart: – Urovekkende

Fotballandskamp for kvinner: Norge - Finland

Ho trur ikkje det medfølger store ulemper å ikkje sjå potensielle motstandarar spele fotball.

– Eg bryr meg ikkje så mykje om kven eg speler mot, eigentleg. Eg tenker aldri på om ein spelar er sånn eller sånn. Eg må berre gi mitt beste uansett. Og prøver å ikkje sette meg så mykje inn i motstandaren, eigentleg.

Ho understrekar at drivkrafta for å spele fotball og vinne kampar er svært høg.

– Eg vil vinne alt. Og eg tenker litt sånn at «Det eg trur på, det skjer», seier Ildhusøy.

Men ho vil ikkje seie om ho har fått ekstra trua på at Noreg kan slå gruppefavoritt Nederland etter at Nederland tapte for Italia i første EM-kvalifiseringskamp.

– Eg trur ikkje det har så mykje å seie kven som taper eller vinn mot kvarandre. Nederland blir tøft uansett, seier Ildhusøy.

Fotballandskamp for kvinner: Norge - Finland

GOD START: Landslaget opna med siger over Finland i EM-kvalifiseringa.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal