Tor-Evert Johansen plukkar blomster til bryllaupskransen, Øvre Brekkebakkane, 7. august 2021
Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Brudgom – mot alle odds

Tor-Evert Grøndal Johansen bur i ein gamal låve på høgdegarden i Valdres og blir oppsett på å flytta inn i nytt, trygt hus. Det set kjærleiken på spel.

August 2021: I tre år har Tor-Evert Grøndal Johansen kjempa for å byggja opp ein gard - og eit liv - høgt oppe i ei li i Valdres.

Høgdegarden han flytta til i 2018, var ubebueleg. Og den unge mannen mangla både pengar og innlagt straum, kloakk og vatn. Mange ville ha gitt opp, men Tor-Evert har halde ut, så vidt.

Denne laurdagsmorgonen står Tor-Evert i ei bratt eng i flor. På seg har han ein blå lindress. Det er ikkje akkurat kvardagskleda her på slitne Øvre Brekkebakkane.

Tor-Evert trudde at dette aldri ville skje, men 506 dagar etter at kjærleiken ramla inn i livet hans, på merkelegaste viset, skal han stå brudgom.

Tor-Evert tenkte at han kom til å bli ein del av statistikken over einslege menn i bygdenoreg, men pandemien ville det annleis:

Han møtte den danske ingeniøren Line Raunkjær på eit meditasjonssenter i Sverige. Dei kyssa, fekk korona begge to og måtte gå i karantene saman. Det skulle endra alt, for dei begge.

I dag er det gifting. Brudgommen må berre rekka å fletta ein blomekrans til brura før bryllaupet.

TorEvert Johansen plukkar blomekrans til bryllauypet Øvre Brekkebakkane 7. august 2021
Ole André Rekkedal

Tor-Evert trudde han skulle bli verande singel på høgdegraden.

Line Grøndal og TorEvert Grøndal i koronakarantene i Sverige.

I mars 2020 endra det seg: Tor-Evert møtte plutseleg danske Line i Sverige.

Line Raunkjær

Dei kyssa på ein torsdag, fekk korona på laurdag og måtte to veker i karantene saman i denne vesle leilegheita.

Line Raunkjær og TorEvert G. Johansen i drivhus på Øvre Brekkebakkane
Torje Bjellaas / NRK

Line blei med Tor-Evert til Øvre Brekkebakkane. Det enkle, jordnære livet stemde med verdiane til Line.

Tor-Evert og Line Grøndal på Øvre Brekkebakkane
Torje Bjellaas / NRK

Tor-Evert er drøymaren. Line er realisten som dreg Tor-Evert ned når han flyg høgt i tankesvev.

Det har gått raskt for dei to som i dag skal gifta seg. Sidan Line og Tor-Evert sat i karantene saman på 20 kvadrat, har dei vore saman kvar dag.

Medan dei fleste andre par gradvis blir kjende med kvarandre, gjekk me frå null til hundre, og så har me berre funne ut av det etter kvart.

Tor-Evert plukkar ein prestekrage og prøver å fletta dei inn i kransen, men får det ikkje heilt til.

Me har hatt forholdet vårt på denne garden. Dette har blitt leikeplassen vår, der me har krangla, blitt vener att, innsett at me har gjort feil, skværa opp og halde fram, men gjort den same feilen att. Gradvis har me byrja å forstå kvarandre, så det kjennest berre rett å gifta seg tidleg.

Leikeplassen er meir ein byggjeplass.

Den restaurerte laftestova som Tor-Evert tenkte han skulle få raskt ferdig, er langt ifrå ferdig.

Brudeparet bur framleis i den 90 år gamle låven på garden.

TorEvert Johansen vaske seg i bekken
Ole Andre Rekkedal

Komforten var endå enklare heilt i starten, før Tor-Evert møtte Line. Då måtte han vaska seg i bekken.

TorEvert Johansen framfor glavahola på høgdegarden Øvre Brekkebakkane i Valdres
Ole Andre Rekkedal

Heimen var eit telt på låven. Då vinterkulda kom, måtte Tor-Evert isolera teltet med Glava-matter.

Tor-Evert Johansen feirar jul på Øvre Brekkebakkane
NRK

Han greidde å byggja seg eit varmt krypinn på låven til jul.

TorEvert Johansen har tatt over ein ubebueleg høgdegard.

I 2019 starta Tor-Evert restaureringa av det forfalne våningshuset.

TorEvert G. Johansen berkjer ei furu på Øvre Brekkebakkane
Torje Bjellaas / NRK

Han gjorde mykje av arbeidet på gamlemåten, og for hand. Sjølv om Tor-Evert òg fekk mykje hjelp, tok det tid.

Line Raunkjær på veg til jobb frå Øvre Brekkebakkane Valdres

Nesten to år seinare skal Line på jobb – høggravid, i ein meter snø og minus 18 grader. Framleis er den nedsnødde låven heimen til dei to, som snart skal bli tre.

Mars 2021: Noko har skjedd med låven, som absolutt ikkje skulle skje.

Tor-Evert som skal bli far om tre veker, sit skrevs over mønet. Snømoka han held i handa er lita, og låvetaket er stort. Og taket er dekt med mykje tung snø.

I dei stadige skifta mellom mildvêr og frost har snøen limt seg fast på det bratte taket og vil ikkje skli av bølgjeblekket. Difor må Tor-Evert moka, det han maktar å få tak i.

Line ser opp på mannen som strevar med snøen på taket:

Eit par dagar før det skjedde, spurde Tor-Evert: Kva skal me gjera for at alt er klart til babyen kjem? Eg svarte: Eg føler alt er klart. Og så skjer det her...

All snøen på taket blei for tung for den gamle låven. Ein av bjelkane som heldt bygningen saman, knakk. Med eit brak byrja veggane å gli frå kvarandre.

Inne i låven var Tor-Evert og gravide Line.

Den morgonen der var adrenalinet mitt sinnssjukt høgt. Det var ekkelt. Plutseleg var den trygge heimen vår vekk, fortel Tor-Evert.

Line var ikkje mindre redd:

Eg stod med mobiltelefonen i handa, klar til å ringja 113. Tor-Evert gjekk oppe på låveloftet og prøvde å festa jekkestropper rundt stenderane for å hindra at låveveggane seig heilt ut, og at heile bygningen kollapsa.

Tor-Evert Johansen mokar låvetaket på Øvre Brekkebakkane

NESTEN KOLLAPS: – Det kjendest ut som om heile verda ramla saman. Det var ikkje bra å vera her, så me ville berre vekk og reiste frå garden, seier Tor-Evert.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Jekkestroppene som Tor-Evert festa, heldt den gamle låven saman. Og denne dagen kjem hjelpa.

Den røynde tømraren Harald Jevne ser på skadane og forklarar Line og Tor-Evert korleis han og tømrarane han har med seg, skal reparera låven.

Låven bør vera trygg no når babyen kjem, ser Tor-Evert.

Ja, det blir spennande, med fødselen, svarar Harald:

De har ikkje den raskaste vegen når de skal gå ned.

Harald tenkjer på den lange, bratte gardsvegen som er gjensnødd og uframkomelege både for ambulanse og andre rullande farkostar.

Kanskje de kan skli ned på akebrett, ler Harald.

Me har ein hyggjeleg nabo som seier at han kan henta oss med snøskuter om det skulle bli krise, seier Tor-Evert.

Me satsar på at eg kan gå, seier Line.

Når Harald går ned att brattbakkane i djupsnø, står Tor-Evert att i låven.

Eg føler meg litt dum at me bur her, men eg har heile tida tenkt at det berre er mellombels. Så får me svaret: Når ulukka er ute, kan det gå gale. Nei, det er siste gongen eg bur i ein låve. Eg lovar!

30 meter unna står våningshuset.

Me lengtar ekstra dit no, å koma seg inn i ein skapleg heim, som me kan kjenna oss trygge i.

Laftet er kome opp, men innreiinga står att.

Tor-Evert trur han skal få huset klart til seinsommaren. Det trur ikkje Line. Kanskje til jul, seier ho.

25. mars 2021 blir det fødd ein velskapt gut. Vesle Emil er den fyrste odelsguten som kjem til Øvre Brekkebakkane på 77 år.

Om han ikkje blei fødd i ein stall, veks han iallfall opp i ein låve, som no er sett i stand att.

Babyen til Tor-Evert og Line Grøndal på Øvre Brekkebakkane i Valdres

ODELSGUT: Vesle Emil i Brekkebakkane veks opp i enklare kår enn mange andre born.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Desember 2021: Gardsfolket skulle ha vore i nytt hus for lengst. Men seinsommar blei haust, og haust blei adventstid, og framleis er ikkje nyeheimen klar, så langt ifrå.

Nei, det var liksom ikkje ein så stor jobb å gjera ferdig dette, ler Tor-Evert sjølvironisk. Han står ved gjæringssaga og skråskjer panel til gavlen på stoveveggen.

Eg trur aldri eg har teke så grundig feil som i år, seier tidsoptimisten.

Ingen skal skulda Tor-Evert for at det har stått på innsatsen. Medan han har arbeidd med huset seint og tidleg, har Line teke seg av vesle Emil i låven.

Hausten har vore vanskeleg mellom Line og Tor-Evert.

Det blei ein distanse mellom oss, og me var på veg til ein stad eg ikkje likte heilt. Eg har høyrt nok historier om forhold som tek slutt medan ein byggjer hus. I eit så stort prosjekt, som dette er, er det fort å gløyma kvarandre.

For nokre veker sidan fekk Line… ikkje eit samanbrot akkurat, men ho gret, og det var vanskeleg.

Tor-Evert Johansen restaurerer det gamle våningshuset på Øvre Brekkebakkane.

BYGGJEKAOS: Tor-Evert blir så slukt opp av å få ferdig huset at han mister Line og vesle Emil av syne.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tretti meter unna sit Emil ved bordet i låven med ei smekke rundt halsen. På bordet framfor står tutkoppen, og snart kjem Line med grauten og byrjar å mata guten med det lyse håret.

Der Line har knytt sterke band til Emil, har Tor-Evert vore slukt opp av husbygginga.

Tor-Evert var så innstilt på å flytta inn i til jul. Det sette seg liksom fast i hovudet hans og gjorde han blind på ein eller annan måte, alt han gløymde oss. Så langsamt vaks frustrasjonen min til det eksploderte. A major breakdown, fortel Line.

Inne i våningshuset spikrar Tor-Evert fast det skråskore panelbordet oppe på veggen.

Eg må bli flinkare å lytta til Line og Emil sine behov og bruka meir tid med dei. For plutseleg er dei borte frå livet mitt, fordi eg forsvinn inn i eit prosjekt. Eg blir så engasjert. Eg har alltid prosjekt eg drøymer om å setja ut i live.

Tor-Evert slår inn den siste spikaren. På nyåret skal han ut i pappapermisjon, og då skal han få huset ferdig, tenkjer han, iallfall før påske.

Line og Tor-Evert og Emil flytta inn i det nye våningshuset på Øvre Brekkebakkane

ENDELEG: Line, Tor-Evert og vesle Emil kan flytta inn i det nye våningshuset

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Juli 2022: Det har gått både vinter, påske og vår. Enno har dei ikkje flytta inn i det nyrestaurerte huset. Før i dag. Lenge etter Tor-Evert sin plan.

Line og Tor-Evert ber ein kommode mellom seg, frå låven og bort i den nye heimen. Framom dei stabbar Emil, snart halvtanna år gamal.

Ein stor letnad, seier Tor-Evert.

Det er deilig å bu her no. Det har vore ein lang, lang prosess. Så det er nesten ikkje til å forstå, seier Line.

Dei to set seg ved stovebordet. Rundt dei blenkjer dører og panel nymålt, tregolvet er høvla og lagt for hand – og heimen som var rotna opp og falleferdig, er blitt innreidd med både nye benkeplater og skåp, men òg med det gamle laftet godt synleg på endeveggen.

Så lenge me har vore saman, har dette huset vore midtpunktet. Me har brukt meir tid på å byggja dette enn å byggja forholdet vårt. Så det blir merkeleg at me no skal bruka tid på kvarandre, ler Tor-Evert.

– No skal me ha helgene fri og reisa på turar, legg optimisten til.

– Det får me no sjå på, svarar Line.

Tor-Evert blei oppslukt av husbygginga. Så oppslukt at han nesten mista Line og Emil av syne.

Nokre gonger kan ein bli frustrert i det ein forelska seg i, fortel Line:

Me er veldig forskjellige, og han er drøymaren og den kreative, og det var det eg tykte i var fascinerande og forelska meg i, men det er også det som er frustrerande.

Berginga var at Tor-Evert greidde å endra seg, i tide.

Han prøver veldig. Han er ikkje slik: «Eg gjer det rette, og det du gjer er feil.» Han vil alltid snakka om tinga. Han vil erkjenna at han har gjort noko feil, og prøva å gjera det om.

Line meiner det redda forholdet.

Hadde han vore som meg, hadde me ikkje vore saman meir.

Tor-Evert festar den siste taklista i nyehuset på Øvre Brekkebakkane.

SISTE HAND PÅ LIVSVERKET: Tor-Evert festar den siste taklista i nystova

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Tor-Evert har flytta 25 gonger i livet, og ofte brote opp og rømt når han har støytt på vanskar. Men på Øvre Brekkebakkane har han halde ut, sjølv om det enklaste mange gonger hadde vore å flykta.

På høgdegarden har den 41 år gamle mannen greidd å slå rot, og saman med Line har han fått den heimen han har strevd så lenge med å laga seg.

Men heilt ferdig er ikkje huset enno. Ei taklist på kjøkenet står att, og det er ikkje kva som helst slags list.

Då Tor-Evert flytta inn på Øvre Brekkebakkane i 2018 og skulle ta ned dei oppmorkna veggane i våningshuset, datt det plutseleg ut eit brudebilete bak ei taklist. Biletet var av ekteparet som var dei siste som budde på garden, på 1930- og 40-talet.

Tor-Evert tok vare på biletet, og no skal han fullføra noko som er blitt gjort iallfall éin gong før på Øvre Brekkebakkane: putta eit brudebilete bak lista og gøyma det til framtidige huseigarar.

I handa held han ikkje berre det gamle brudebiletet som han fann for fire år sidan, men også eit heilt nytt av ei kvinne og ein mann med kvar sin blomekrans på hovudet.

Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen giftar seg.

KYSSET: Line og Tor-Evert giftar seg 506 dagar etter at dei kyssa for fyrste gong på ein benk i Sverige.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Tor-Evert stikk dei to brudebileta inn i glipa der taket møter veggen, og i det han spikrar lista på plass, går tankane til den store dagen i august i fjor:

Der ved breidda av vatnet Vangsmjøse, mellom sju mektige valdresfjell - Grindane, Bergsfjellet, Skutshorn, Vennisfjellet, Hensfjellet, Slettefjellet og Hugakøllen - står Tor-Evert med blomekransen som han greidde å fletta saman med hjelp av litt ståltråd.

Medan forlovaren rettar på slipsknuten hans, ser Tor-Evert plutseleg Line koma gåande nedover graset mot vatnet berande på vesle Emil. Line er kledd i ein djup blå, enkel kjole. Ho gir frå seg Emil, og kjem fram til han ho møtte i Sverige og valde å kryssa landegrenser for.

Og der står dei to ved sidan av kvarandre og høyrer ordføraren som giftar dei, tala:

Det me er med på i dag, er også eit stort eventyr: Frå den dagen Tor-Evert fekk lov til å kjøpa Øvre Brekkebakkane, starta oppattbygginga der, fekk Line som kjærast og så kom vesle Emil. Korkje Asbjørnsen og Moe – eller for den saks skuld, H.C. Andersen – kunne ha skrive eit så fantastisk, romantisk og så levande eventyr, som dykkar liv.

Tor-Evert legg blomekransen på hovudet til Line, og Line legg sin krans på hovudet til Tor-Evert.

Og 506 dagar etter at dei kyssa for fyrste gong, kyssar Line og Tor-Evert på nytt, denne gongen som kone og mann, mor og far.

Storhendingane står i kø på Øvre Brekkebakkane: Line Raunkjær og Tor-Evert Johansen giftar seg, og vesle Emil blir fødd.

SJÅ NYE EPISODAR: Tor-Evert får sin eigen familie - Line og vesle Emil. Det har han drøymt om lenge.