Hopp til innhold

– Vi må ikkje bli hjelpelause

På Verdensdagen for selvmordsforebygging vart det holdt ein fagdag på Universitetet i Agder om det tabubelagte temaet. Fokuset for dagen var barn og sjølvmord.

Verdensdagen for selvmordsforebygging arrangerte fagdag på Universitetet i Agder i Kristiansand. Temaet var "barn og selvmord".

Auditoriet på universitetet i Kristiansand var torsdag fylt til randa av folk som ville høyre om det viktige temaet. Det var så stor pågang at arrangørane måtte endre det som i utgangspunktet var eit ope arrangement til berre for påmelde.

Kan gløyme at barn blir direkte råka av sjølvmord

I år er det eit spesielt fokus på barn og unge på Verdensdagen for selvmordsforebygging 10. september. Prosjektleiar Renate Grønvold Bugge seier ein ofte kan gløyme at barn blir direkte råka av eit sjølvmord.

– Barn vil alltid vere etterlatne der vaksne, foreldre eller søskjen tek livet sitt. I tillegg blir det veldig lite snakka om at barn kan ha så mykje smerte at dei gjer slutt på livet sitt.

Grønvold Bugge meiner det er viktig at ein får meir kunnskap om sjølvmord.

– Det er viktig å få kunnskap om korleis vi kan førebyggje, vere oppmerksame og sjå når nokon har det vondt. Og ha kunnskap om kva vi kan gjere, slik vi ikkje blir hjelpelause.

Selvmords-foredrag

Rundt 300 hadde møtt opp på fagdagen på UiA på Verdensdagen for selvmordsforebygging.

Foto: Tor Saltrøe / NRK

– Barn tek ofte krisene veldig tungt

Grønvold Bugge fortel at ein må hugse at barn tenkjer veldig annleis enn vaksne.

– Vi må ikkje bagatellisere når barn har det vondt. Dei tek ofte krisene veldig tungt, og tenkjer på ein annan måte enn vaksne gjer, og det må vi vere merksame på.

Grønvold Bugge trekk parallellar til ulykker i trafikken, og vil at Verdensdagen skal utfordre samfunnet, politikarar og den enkelte på å tenkje førebygging.

– Vi veit at det er altfor mange sjølvmord. I Noreg har det haldt seg stabilt på vel 500 i året, og den siste statistikken frå 2013 viser 554 sjølvmord. Ein kan jo berre tenkje seg merksemda det hadde fått viss det hadde vore 550 bilulykker, og korleis ein hadde byrja å tenkje på førebygging.

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,58 kr
Dyrest kl. 20 2,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %