NRK Meny
Normal

No er Norges verste veg historie – dermed skal dette skiltet gravast ned

OLDEN (NRK): Ni år etter at skiltet «Norges verste veg» vart spikra opp, skal ordførar Sven Flo (H) bokstavleg talt grave det ned. Det skjer ved sida av ein topp moderne og langt tryggare veg mellom Olden og Innvik.

Sven Flo, Jenny Følling og Dina Lefdal under vegopninga ved Vanbergtunnelen

– Planen er å få det ned i bakken så fort som mogleg, seier ein tydeleg oppglødd ordførar der han står midt blant ei stor folkemengde av store og små.

Som fleire andre hadde han kledd seg i bunad for å delta på den høgtidelege opninga som markerer slutten på ein årelang vegkamp på fylkesveg 60 i Nordfjord.

82 år etter at kong Haakon VII opna den smale og svingete vegen langs fjorden, fekk fylkesordførar Jenny Følling (Sp), regionvegsjef Helge Eidsnes og Stryn-ordførar Sven Flo (H) æra av å skjere over snora for å opne ein veg med ein heilt annan standard.

– Dette har vore ein verkebyll i lang tid. Mange har kjempa for denne vegen, men det har stått på pengar. Vi har teke parti for parti fordi det har vore så stor vilje til å få dette til. No er vi her, og dette fortel at det nyttar å stå på, seier fylkesordførar Jenny Følling til lyden av barn som syng nasjonalsongen i bakgrunnen.

Også ordførar Sven Flo er tydeleg på at vegen betyr mykje for mange.

Det betyr mykje for dei som brukar vegen fast kvar dag, for dei som har jobben sin på vegen, for pendlarar, turistar og ikkje minst for barna og ungdomane som har dette som skuleveg. No ser vi endeleg slutten på det som har blitt skildra som Norges verste veg, seier Flo.

Torsdag 1. mars var det storstila opning av nyanlegget på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

ENDELEG: Det var eit stort folkehav som følgde med då fylkesordførar Jenny Følling skar over snora. FOTO: Wilhelm Støylen.

– Vi får ein påliteleg og trygg veg

Vegstrekninga langs Nordfjorden har hatt eit rykte som har vore omtalt i det ganske land, og sidan 2009 har det smale og svingete partiet gått under tilnamnet «Norges verste veg», etter ei kåring i Nettavisen.

Gamle Vangbergtunnelen frå 1936

GAMLETUNNELEN: Gamle Vangbergtunnelen har vore i bruk sidan opninga i 1936. Denne tunnelen blir no pensjonert og erstatta med ein toppmoderne tunnel.

Foto: Silje Guddal / NRK
Opning av den siste strekninga på fylkesveg 60 Olden-Innvik

KORPSMUSIKK OG HØGTIDELEG STEMNING: Lokalbefolkninga og andre hadde møtt opp i hopetal for å få med seg snorklippinga som markerte slutten for det som har blitt kalla Norges verste veg.

Foto: Silje Guddal / NRK

Vegen har mange stader vore så smal at ikkje eingong to personbilar kan passere kvarandre. Etter mange år med etappevis utbetring opna dei siste kilometerane med ny veg i dag.

Der trafikken fram til no har snirkla seg gjennom ein 94 meter lang, smal og einvegskøyrd tunnel frå 1936, kan folk no breie seg i den 1170 meter lange nye Vangbergtunnelen. Også fleire kilometer ny veg ute i dagen mellom Ugla og Skarstein står omsider heilt ferdig.

I tillegg til at fylkesvegen mellom dei to bygdene har vore smal og kronglete, har han også vore rasfarleg i lang tid. For Jogeir Agjeld, som bur langs vegen, er det ein stor dag.

– Dette betyr at ungane mine, og resten av ungdomskullet i Vikane, får ein sikker skuleveg. Vi får ein veg der vi veit at vi kjem oss fram. Der vi slepp å risikere venting i fleire timar både sommarstid og vinterstid. No får vi ein påliteleg og trygg veg, og vi får også avslutta eit ualminneleg langdrygt anleggsarbeid.

No må andre «konkurrere» om å vere verst

Historia om vegstykket langs Nordfjorden går heilt tilbake til 1920, då mangemillionæren William Singer flytta til Olden og la ekstra vegpengar på bordet. Etter at vegen 72 år seinare vann den lite flatterande kåringa Norges verste veg, har kravet frå innbyggjarar, transportnæring, kommune, næringsliv og andre vore massivt.

Fastbuande har vore redde det skulle gå liv tapt når bilar, campingvogner, turistbussar og tungtransport stadig vekk har skapt eit salig, timelangt kaos på vegen.

Regionvegsjef Helge Eidsnes hadde nesten tårer i auga etter at snora var skoren over.

– Dette er ein viktig milepæl. Vi er veldig fornøgde med å kunne la andre vegstrekningar konkurrere om den heller tvilsame æra av å vere Norges verste veg.

Bubilsjåførar nekta rygge på "Norges verste veg"

NEKTA Å RYGGE: Sommaren 2012 fanga ein lastebilsjåfør denne situasjonen på film. Sjåføren i bubilen nekta og rygge, og trafikken vart hefta i minst eit kvarter.

Foto: privat

Saka frå Vestlandsrevyen

Vegopning på Bergum i Førde kommune