Hopp til innhold

Kva for veg fortener tittelen «Norges verste»?

Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Nordfjord hadde i mange år den uoffisielle tittelen «Norges verste veg». No er den vegen fiksa, men kva for vegstrekning bør arve den lite heldige æra av å vere verst?

Dårlege vegar

  • Nederst i saka kan du nominere den vegstrekninga du meiner er «Norges verste». Legg gjerne med grunngjeving. - Nominasjonen er avslutta.

NRK fekk måndag fleire innspel til kva for vegstrekkjer som fortener å arve den heller tvilsame tittelen frå fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik.

Fylkesveg Olden - Innvik.

KAOS: Før utbetringa var det ofte trafikkork og kaotiske tilstandar på den smale og kronglete fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn.

Foto: Magnar Myklebust

Færre framlegg vart det ikkje då lesarane vart oppmoda om å gjere framlegg til elendige vegstrekker som fortener tittelen «Norges verste vegstrekning». På under eitt døgn fekk NRK over 1.000 innspel frå heile landet.

Pågangen har vore så stor, at det er vanskeleg å få alle framlegga inn i kartet.

I skjemaet under kan også du komme med innspel til kva europa-, riks- og fylkesvegar som er av ein slik standard at dei godt kunne fått stempelet «Norges verste veg».

Legg med grunngjeving i det første spørsmålet.

Pågangen har vore så stor at NRK no jobbar med å sette saman ein jury som skal plukke ut ti kandidatar frå alle innspela som har kome inn. Innsendinga vil vera open til onsdag 14. mars klokka 23:30

I ein tidlegare versjon av denne saka vart det skrive at ville gjennomføre ei avstemming i løpet av veka, men grunna den store pågangen ser vi det naudsynt å bruke litt meir tid.