Ein biltur gjennom Hardanger tek deg til mektig fjordlandskap. Du kjem tett på frukthagar, fjord og fjell. Men idyllen kan raskt snu.
For på den smale og svingete riksveg 13, med flaskehalsar og nesten fråvær av midtstriper, kjem du plutseleg også tett på både turistbussar, vogntog og bubilar. Då blir det kaos.
- STEM:
– Dette er ein «kjerreveg» og eg skal aldri køyre der med bubil igjen, seier Egil Knutsen frå Jæren som har vore på ferietur gjennom Hardanger.
Langs vegen er autovern bøygd og striper av lakk heng igjen. Knuste lys og speglar ligg strødd, og harde bremsespor viser igjen både på asfalten og i grøftekantane.
No er vegstrekninga mellom Bjotveit og Odda, ein av ti som er nominert til «Noregs verste veg».
Endelause køar
Etter at Hardangerbrua kom i 2013, har trafikken på riksvegen langs Sørfjorden auka kraftig. Særleg med Trolltunga som trekkplaster på strekninga, kan høgsesongen bli heftig og håplaus å ferdast på.
Når bilane møtest på dei smale partia, hopar trafikken seg opp og ingen kjem seg verken fram eller tilbake.
Tusenvis av turistar og reisande har stått i endelause køar her om sommaren dei siste åra.
Eit område det er spesielt store problem er mellom Kinsarvik og Bjotveit, ei strekning på 12 kilometer som kan ta opp til fleire timar om ein er uheldig.
Uheldig møte med autovernet
– Vegen er ikkje laga for den massive turisttrafikken. Vi stod i lang kø og det gjekk i rykk og napp. Vi fekk berre nokre få luker og måtte ofte rygge, seier Knutsen.
Bubilen fekk også eit uheldig møte med autovernet. I ein smal sving kom møtande trafikk og for å unngå treff, måtte Knutsen hive bubilen dei siste centimetrane ut av vegen og trefte autovernet.
– Det var skummelt. Eg likte det ikkje, seier Knutsen.
Smal veg med dårleg asfalt. Bremsespor og knuste lys i grøfta på riksveg 13.
Foto: Randi Elisabeth OppedalFastbuande må ta over rattet
Situasjonen har vore så vanskeleg at dei fastbuande må hjelpe redde turistar.
– På dei verste dagane er det fullstendig kaos. Folk i vegen, folk som prøver å dirigera, og folk som er sinte. Er du skikkeleg uheldig, kan du fort bli ståande heilt stille i fleire timar, seier Randi Elisabeth Oppedal.
Ho står bak Facebook-gruppa «Kyrkjenes-Bjotveit: Verre enn kolonnekøyring». Gruppa florerer av frustrasjon og bilete som dokumenterer tilstanden langs den tolv kilometer lange flaskehalsen.
– Vegen er så smal at folk feilbereknar og hamnar i grøfta. Det er fullstendig kaos. Fleire gonger har eg måtta hoppa inn i bilar for å hjelpe sjåførane å rygge og køyre, seier Oppedal.
MÅ TRØ TIL: Fastbuande Randi Elisabeth Oppedal er ein av fleire som må hjelpe redde turistar på den smale vegen.
Foto: Tale Hauso / NRKLysregulert riksveg
Spesielt er Oppedal uroa over konsekvensane om utrykkingskøyretøy må kome seg fram når vegen korkar seg til og ingen kjem seg vidare.
– Skjer det noko på dei verste dagane, så kjem ein seg aldri forbi. Det er ikkje noko kjekt å tenke på, seier ho.
I fjor sette Statens vegvesen inn manuell dirigering og etter kvart lysregulering på to kilometer av det verste stykket – som ei prøveordning. På same flaskehals blir det frå mai 2018 permanent lysregulering som eit forsøk på å hindre noko av trafikkaoset.
– Det er gale når ein riksveg må bli lysregulert, seier Oppedal.
Her er eit utval av vegfrustrasjon og bilete frå Facebook: