NRK Meny
Normal

– Leikanger-protest kan spela vekk statsjobbar

Leikanger-ordføraren protesterer mot tvangssamanslåing. Det kan spolera sjansen for å få behalda Fylkesmannen, åtvarar fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Jenny Følling

UROLEG: Fylkesordførar Jenny Følling vil vinna kampen om å bevara fylkesmannen i Leikanger, men er redd steil lokal haldning mot kommunesamanslåing kan øydeleggja.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Eg er bekymra, fordi det er dei same politikarane som skal vedta den nye kommune- og regionstrukturen, som skal plassera fylkesmannsembeta og flytta ut statlege arbeidsplassar. Då kan ein ikkje vera så kompromisslaus at ein spelar frå seg sjansen til å få leiinga for fylkesmannsembetet, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Folket og kommunestyret i Leikanger sa rungande nei. Tysdag kom likevel meldinga: Leikanger blir slått saman med naboane Balestrand og Sogndal med tvang. Ein avtale mellom Venstre og regjeringspartia Høgre og Frp sikrar fleirtal for ein slik tvangsfusjon når Stortinget skal vedta kommunereforma i juni.

Reaksjonane har vore sterke, og Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) har den siste veka markert seg tydeleg mot samanslåingsprosessen, også i nasjonale medium, som i gårsdagens «Debatten» på NRK1.

Sluttkamp om titals jobbar

Følling meiner det er uheldig for ein vertskommune for fylkesmannen, Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT) og ei rekkje andre statsetatar å gå så hardt ut akkurat no når kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) si avgjerd om fylkesmannsstrukturen er nært føreståande.

Njåstad

TVANG MOT 13 KOMMUNAR: André N. Skjelstad (V), Helge Andre Njåstad (Frp) og kommunalminister Jan Tore Sanner (H) brukar tvang for å få ein storkommune i Sogn.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– I regionforhandlingane kjempa me hardt for å få lagt fylkesmannsleiinga til Sogn og Fjordane, og då er eg oppteken av at me skal vinna den kampen. Då må alle bidra, vertskommunen, Sogn og heile fylket. For dette handlar om arbeidsplassar for heile Sogn og Fjordane, seier Følling.

  • 135 fylkesmannsarbeidsplassar i Leikanger (hovudsetet) og Førde er i spel, fordi Regjeringa vil ha færre fylkesmenn i landet. I intensjonsavtalen for ein ny vestlandsregion fekk Sogn og Fjordane gjennomslag for at Leikanger, og ikkje Bergen, skal behalda leiinga for eit fusjonert fylkesmannsembete.
  • I tillegg er Leikanger og Førde med i sluttkampen for å få fleire titals statlege arbeidsplassar i Fredskorpset, Difi og ein ny nasjonal fellesadministrasjon for fylkesmennene.

For Frp, Høgre og Venstre er ein storkommune i Sogn ein føresetnad for å flytta arbeidsplassar dit, seier leiar i kommunal- og forvaltningskomiteen på Stortinget, Helge Andre Njåstad (Frp):

– Det var ein viktig del av drøftingane kring storkommunen i Sogn at skal staten flytta ytterlegare arbeidsplassar til den kommunen, ønskjer me at kommunen blir ein stor og robust, på same måte som den nye storkommunen i Sunnfjord.

Jon Håkon Odd

VERTSORDFØRAR FOR STATENS HUS: – Leikanger har gode offentlege fagmiljø, som rekrutterer godt, har stor omstillingsevne og som løyser oppgåvene sine på ein særs god måte, seier ordførar Jon Håkon Odd.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Folket i ryggen

I Leikanger sa eit stort fleirtal i folket nei til kommunesamanslåing. Det gjorde òg kommunestyret. Då meiner ordførar Jon Håkon Odd – som har kjempa både for å halda på fylkesmannsembetet, og for å kapra nye statlege arbeidsplassar – at det må vera rom for å reagera på tvangsbruken, utan at kommunen skal bli straffa for det.

– Leikanger er blitt truga med at dei offentlege arbeidsplassane våre stod i fare viss me ikkje frivillig slo oss saman med andre kommunar. Når regjeringa no har valt å bruka tvang, blir eg veldig overraska viss dei straffar Leikanger og dei offentlege arbeidsplassane her, berre fordi ordføraren seier frå om at han ikkje likar prosessen.