Hopp til innhold

Ho er med i sluttracet om 15 statsjobbar

Regjeringa meiner fylkesmennene i Sogn og Fjordane, Innlandet og Agder er dei tre mest aktuelle for å få ein ny nasjonal fellesadministrasjon.

Anne Karin Hamre

5-15 ÅRSVERK: – Eg meiner me har gode sjansar for å få denne nye eininga, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

Foto: Christian Blom

– Dette er både kjekt og ei tillitserklæring at me er trekt fram som eitt av dei fylkesmannsembeta som er mest aktuelle for å få den nye eininga, seier fylkesmann Anne Karin Hamre i Sogn og Fjordane.

I går presenterte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) hovudtrekka i den nye politikken for å flytta ut statlege arbeidsplassar. I dag kom den detaljerte planen frå Regjeringa, og der står det at Sogn og Fjordane kan få den nye nasjonale fellesadministrasjonen for fylkesmennene:

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner under pressekonferansen om regjeringens plan for lokalisering av statlige arbeidsplasser.

NY POLITIKK: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner vil flytta staten ut av Oslo.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix
  • «Det tas sikte på å etablere en sentral enhet bestående av 5–15 personer som lokaliseres sammen med et embete, utenfor Oslo. Vurdering av lokalisering skal bl.a. inkludere plassering i Innlandet, Agder og Sogn og Fjordane.»

Hard kamp

Allereie i januar hadde sju fylkesmenn kasta seg inn i kampen for å kapra desse nye ettertrakta arbeidsplassane: Sogn og Fjordane, Trøndelag, Troms, Møre og Romsdal, Oppland, Agder og Finnmark.

Men no har altså Regjeringa peika seg ut tre embete – Innlandet, Agder og Sogn og Fjordane – som dei mest aktuelle.

Hamre trur IKT-miljøet på Statens hus i Leikanger er den viktigaste grunnen til at Sogn og Fjordane er med i sluttkampen:

John Petter Svedal og Espen Kørra

IKT-MILJØ I SOGN: John Petter Svedal (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, t.v.) og Espen Kørra (Direktoratet for forvaltning og IKT) prøver å få saks- og arkivsystema i offentleg sektor til å snakka saman på tvers av etatsgrensene.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Me har i mange år arbeidd med å digitalisera tenester og utvikla nye løysingar for ein meir effektiv sakshandsaming. Me har ei stor utviklingsavdeling som har ansvar for mange landsdekkande tenester, seier fylkesmannen.

IKT-folka i Leikanger har mellom anna utvikla enkle nettløysingar for å søkja om alt frå partistøtte og fri rettshjelp til separasjon og skilsmål.

Sørlandet mobiliserer

Forslaget om ein ny fellesadministrasjon kom rett over nyttår. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) vil administrera dei 17 fylkesmannsembeta på ein meir effektiv måte:

  • KMD vil samla økonomi, rekneskap, arkiv, personalrådgiving og styringa av IKT, som i dag er spreidd over heile landet
  • KMD vil flytta ut arbeidsoppgåver frå departementet, som innkjøp av fellestenester og ansvar for større utviklingsprosjekt
  • Nokre administrative oppgåver vil framleis bli utført ved det einskilde fylkesmannsembetet

KMD seier til NRK at det ikkje er bestemt kor tid lokaliseringsavgjerda blir teken.

Harald Furre

MOBILISERER: – Arendal har ein robust arbeidsmarknad som greier og rekruttera og halda på dyktige medarbeidarar, seier ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand

Foto: Svein Sundsdal/NRK

På Sørlandet har dei mobilisert for Agder. Ordførar Harald Furre (H) i Kristiansand har tidlegare sagt til NRK at Arendal vil vera eit godt hovudsete:

– Aust- og Vest-Agder skal slåast saman i 2020. Då er det viktig å støtta opp under Arendal som senter for den regionale staten i Agder, sa Furre nyleg.

Lødemel skal kjempa

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) vitja fredag Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Lødemel varslar at han vil kjempa hardt inn mot partifellene i KMD-leiinga for at Leikanger skal vinna kampen mot Arendal og Innlandet:

– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har eit sterkt fagmiljø og nyt stor respekt for utviklingsarbeidet sitt. Så eg kjem til å synleggjera kor godt dette arbeidet kan gjerast frå Sogn og Fjordane.