Hopp til innhold

Fylkesmannen sine 135 arbeidsplassar er i spel

LEIKANGER (NRK): Dagens 17 fylkesmenn kan bli langt færre. Regjeringa skal allereie tidleg neste år vedta nye grenser for fylkesmannsembeta i landet.

Anne Karin Hamre

VIKTIG MED NÆRLEIK TIL KOMMUNANE: Fylkesmann Anne Karin Hamre meiner det er avgjerande å ha eit fylkesmannsembete i Sogn og Fjordane òg i framtida.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Fylkesmannen må vera tett på kommunane og innbyggjarane, spesielt i Sogn og Fjordane, der avstandane er store. Blir fylkesmannen fjern og meir lik eit statleg direktorat, gagnar ikkje det innbyggjarane, seier Anne Karin Hamre, fylkesmann i Sogn og Fjordane.

Regjeringa har starta eit arbeid som kan bety at dagens 17 fylkesmenn blir langt færre. Bakgrunnen er ønsket om færre og sterkare kommunar – og fylkeskommunar. Blir det mange samanslåingar, meiner regjeringa at behovet for rettleiing frå fylkesmennene blir mindre.

Tre fusjonsalternativ

Konkret vurderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet tre samanslåingsalternativ:

Statens hus

STATENS FORLENGA ARM I SOGN OG FJORDANE: Statens hus i Leikanger huser over 100 fylkesmannsarbeidsplassar, som no er i spel.

Foto: Noralv Pedersen / NRK
  • Landsdelsmodell: 4–7 fylkesmenn
  • Regionmodell: 8–13 fylkesmenn
  • Konsolideringsmodell: 14–17 fylkesmenn, altså omtrent som i dag.

Ingenting er bestemt. Eit forslag skal vera klart til høyring 1. juli, med høyringsfrist 14. oktober. Allereie tidleg neste år er det venta eit vedtak i regjeringa.

Framleis mange kommunar

I Sogn og Fjordane har 22 kommunar skrive under på intensjonsavtalar for nye storkommunar, men alle samanslåingane treng ikkje bli ein realitet.

– Me vil truleg framleis ha relativt mange og mindre kommunar samanlikna med andre fylke, som Vestfold, der det kan bli fire kommunar. I slike tilfelle forstår eg at det blir stilt spørsmål ved om det er trong for eigen fylkesmann. Men i Sogn og Fjordane blir biletet annleis, seier Hamre.

Vestlandsfylke

Sterkast innverknad på framtidige fylkesmannsgrenser vil truleg regionreforma ha, og der skjer det mykje:

  • Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland skal det komande halvåret forhandla fram ein intensjonsavtale for ein ny vestlandsregion. Det har fylkestinga bestemt.
  • Medio april skal regjeringa leggja fram forslag til kva oppgåver kommunane og regionane skal ha.
Jenny Følling

ALT TRENG IKKJE LIGGJA I OSLO: – Skal du styrkja kommunane og regionane med oppgåver, må direktoratmakta byggjast ned, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er uroleg for ei sentralisering av fylkesmannsembeta:

– Det kan vera eit nytt bein som blir plukka vekk frå fylket.

Følling og Hamre hadde i går møte om den uavklarte situasjonen. Begge er opptekne av å halda på dei statlege arbeidsplassane i fylket.

Følling krev at regjeringa flyttar ut dei stadig fleire arbeidsplassane i direktorata, som styrer mykje av kvardagen i Kommune-Noreg.

Viktige arbeidsplassar

På gata i Leikanger er folk mest urolege for dei 135 arbeidsplassane til Fylkesmannen, som hovudsakleg ligg i sognekommunen og i Førde.

Jan Magnar Husabø

VIKTIG ARBEIDSPLASS: – Fer Fylkesmannen, misser Leikanger store skatteinntekter, og så er det mange utanom dei vel 100 på Statens hus – ektefeller og andre – som skaffar inntekter til bygda, seier pensjonist Jan Magnar Husabø.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det vil vera eit stor tap, seier Jan Magnar Husabø.

– I dag har me fylkesadministrasjonen og statsetatar, som Difi og Nav. Reiser dei med ein av desse institusjonane, kan det få ringverknader, seier Harry Christensen.

Look to Trøndelag

I Aust- og Vest-Agder er fylkesmannsembeta allereie slått saman. Og i Trøndelag har nord- og sørfylket blitt samde ein intensjonsavtale som legg fylkesmannen og administrasjonen for fylkeskommunen til Steinkjer i Nord-Trøndelag, medan politisk leiing i fylkeskommunen skal sitja i Trondheim.

Ei slik delt løysing har kommunalministeren gitt grønt lys for, noko Hamre har merka seg med interesse:

– I ein eventuell ny vestlandsregion må regionale arbeidsplassar fordelast jamt. Alt må ikkje klumpast saman i éin by. Sogn og Fjordane har vist at me kan handtera viktig regionale oppgåver.