Hopp til innhold

Redde for å ikkje kunne bli gravlagde i heimbygda

NESSANE (NRK): Ei etterlengta kommuneflytting med ein sur bismak for innbyggjarane i Nessane. – Kva om me ikkje får bli gravlagde her?

Sæle kyrkje

SÆLE KYRKJE: Den lokale kyrkja til grendene Sæle, Nessane og Lindane i Balestrand kommune.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bygda Nessane har endeleg fått ynskje sitt oppfylt og skal frå 2020 vera del av Høyanger kommune og ikkje Balestrand. Gleda er likevel delt.

– Me har venta på denne avgjerda lenge, så det kjennest godt. Men kjensla er delt, seier leiar i Nesse grendelag Gunnvor Linde.

Dei får ikkje med seg dei 14 personane frå nabogrendene Lindane og Sæle. I tillegg kan kyrkjelege tenester stå på spel, når dei ikkje lenger deler kommune med si lokale kyrkje.

– Det er jo heilt utruleg. Me må kanskje betale for å bli gravlagt i kyrkja som bygda sjølv har finansiert, seier tidlegare leiar i Nesse grendelag, Norodd Baug.

Dugnadskyrkje

Med ein underskriftskampanje søkte ein i 1890 om å få bygge Sæle kyrkje, men fekk avslag frå sokneråd og kyrkjedepartementet. I 1896 vart bygginga av kyrkja godkjent, etter ei pengeinnsamling frå bygda.

– Blir det slik at me må betale for å gravleggjast her, blir det demonstrasjonstog! seier Baug.

Dyrt med gravferd

Frå 2020 blir også Balestrand kommune ein del av den nye storkommunen Sogndal (Sogndal, Leikanger og Balestrand). Soknegrensene skal følgje kommunegrensene og organiseringa for kyrkja vil dimed også bli påverka av kommunesamanslåingane.

Ifølge gravferdslovas paragraf § 6, er det berre når ein vert gravlagd i heimkommunen at kommunen har det økonomiske ansvaret. Dersom ein vil gravleggjast i ein annan kommune, må ein betale sjølv. Og det kan fort bli dyrt.

Ynskjer å legge til rette for å la Nessane behalde lokalkyrkja

Balestrand sokneråd ynskjer få til ei ordning der innbyggjarane i Nessane får halde fram med å bruke Sæle kyrkje, og sleppe å betale utanbygdsavgift for å gravleggjast der – sjølv om dei ikkje bur i same kommune som kyrkja.

– Me er innstilte på å prøve å få til dette. Det er jo til kyrkja og kyrkjegarden på Sæle dei frå Nessane, Nokken og Lånefjorden kjenner tilknyting, fortel kyrkjeverje i Balestrand, Jostein Risa.

Han legg til at det finst slike ordningar andre plassar, og soknerådet ynskjer å få til ei ordning med gratis vigsel og gravferd i Sæle kyrkje for innbyggarane der, gjennom ein avtale mellom fellesråda i Høyanger og Sogndal.

– Det er litt tidleg å sei kva som vil skje på dette området endå, men uansett er soknerådet innstilt på å legga mest mogleg til rette for at dei som no byter kommune, framleis skal kunne bruke Sæle kyrkje som si lokalkyrkje.

Vil jobbe for å oppfylle ynsket

Balestrand sokn skal ha neste møte 16. januar der saka vil bli diskutert. I samband med kommunesamanslåinga til nye Sogndal er det også sett saman ei kyrkjeleg fellesnemnd.

Også dei ynskjer å la innbyggjarane få behalde Sæle kyrkje som si lokalkyrkje. Dei har neste møte 22. januar, der saka skal takast opp.