Hopp til innhold

Ordførar: «Folk opplever dette som eit tillitsbrot»

Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) møtte kommunalminister Jan Tore Sanner (H) til debatt på NRK 1 i kveld.

Jon Håkon Odd

LEIKANGER: Ordførar Jon Håkon Odd.

Foto: Skjermdump frå «Debatten» / NRK

– Eg håper statsråden følger opp dette. Vi må reise opp att tilliten til folk som deltar i den politiske debatten. Dei må kunne forventa at når dei gjer ein innsats, så blir dei høyrd, sa Odd under «Debatten» torsdag kveld.

Det var det siste oppfordringa frå Leikanger-ordføraren under debatten med kommunalministeren torsdag. Då det vart klart at Leikanger, Balestrand og Sogndal vert slått saman med tvang kalla Odd det for å halde lokalpolitikarar og innbyggjarane for narr.

På landsbasis vart 13 kommunar slått saman med tvang av eit fleirtal på stortinget.

Odd sine sitat er utheva i teksten under.

– Kvifor vart vi ikkje høyrd?

Odd fekk nokre minutt, ein-til-ein i debatt med kommunalministeren. Han innleia med å fortelja ei historie frå då han møtte ei 17 år gammal jente på butikken onsdag.

– Ho hadde fått vite om kommunalreforma, deltatt på folkemøte og gitt si første stemme under folkeavstemminga. Ho var frustrert og spurde meg om kvifor ho og dei andre som stemte ikkje vart høyrd, då ho og fleirtalet stemte nei til samanslåing. Det eg lurer på er, korleis skal vi få tilbake tilliten hennar og frå dei andre innbyggjarane?, spurde Odd.

Sanner svara først ikkje direkte på spørsmålet, men etter press frå programleiar Ingunn Solheim sa han dette.

– Det som er viktig no er at ein går inn i ein positiv prosess i Sogn. Der skal vi også bidra til at det blir gode tenester til innbyggjarane for å skape gode tenester til innbyggjarane. Men det er slik at det er lokalpolitikarane i første omgang og stortinget til sjuande og sist som tar desse avgjerdene, seier Sanner.

– Men du skjønner at vi kjem bakpå med denne samanslåing, då vi bad folk gjere ein jobb og det vart tatt eit standpunkt. Folk opplever dette som eit tillitsbrot. Og så vert det sett strek under at lokalpolitikken har feila, og så ber du oss om å starta på nytt veldig fort, svarte Odd.

– Men i Sogndal var dei for samanslåing. I Balestrand var folkeavstemminga for, medan lokalpolitikarane sa nei. Så du kan jo snu på det, kva med fleirtalet i Balestrand som sa ja, der lokalpolitikarane sa nei. Dette er utruleg krevjande og eg har stor respekt for den jobben du og dei andre lokalpolitikarane har gjort, men stortinget har sagt at i nokre situasjonar er det eit unntak. Det ligg mange spennande mogelegheiter for den nye storkommunen i Sogn til å skapa eit lokalt tyngdepunkt i Sogn, svara Sanner.

Jan Tore Sanner

KOMMUNALMINISTER: Jan Tore Sanner (H).

Foto: Skjermdump frå «Debatten»