Etter ei rådgjevande folkerøysting der ingen av partane fekk 50 prosent av røystene, skal spørsmålet om framtida til «den visuelt mest omstridde» kommunen i landet opp i Kinn kommunestyremøte onsdag formiddag.
Der sit det 39 representantar, og vinnaren er den sida som greier å krysse målstreken på 20 røyster.
Etter kva NRK erfarer er det grunn til å tru at ja-sida (ja til å behalde kommunen) vil greie dette, men med knappast mogleg margin: 21 stemmer.
Oppteljinga legg til grunn null dissidentar i Ap, eit MDG delt på midten (1–1) og fordelinga 2–4 i Høgre.
Den mest usikre faktoren er kor vidt MDG deler seg på midten eller går «all in» for splitting. I så fall vinn ja-sida med 20 i staden for 21 røyster.
Ap har i løpet av valkampen fått ein «overløpar» frå SV (Marie Jensen). Om ho hadde stemt for oppsplitting som resten av SV-gruppa, ville vektskåla tippa andre vegen.
Eit bilete på kor tett løpet har vore.
Så langt har NRK grunn til å tru at røystene fordeler seg slik:
- Pro Kinn: Ap (11), V (4), Frp (2), KrF (1), MDG (1), Høgre (2) = 21
- Pro splitting: Raudt (4), Sp (7), H (4), SV (2), MDG (1) = 18
Kommunalministeren kan framleis involvere seg
Gitt at ingen representantar er sjuke eller av andre grunnar melder fråfall, vil vedtaket om å behalde Kinn kommune omfatte fem ja-røyster frå det som tidlegare var Vågsøy kommune (inkludert to «vara-stemmer»).
Desse omfattar fire Arbeidarparti-røyster og ei Venstre-røyst (Edvard Iversen).
Kommunestyremøtet skal i sin tur gi ei innstilling til Statsforvaltaren i Vestland.
Og med det er siste ord om Kinn sagt? Ikkje så fort.
For uansett utfall i kommunestyremøtet onsdag kan kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) involvere seg og lytte til stemmene frå den nordlege delen av kommunen (Vågsøy).
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp), som er kritisk til Kinn kommune, kan framleis involvere seg. Uansett utfall i kommunestyremøtet.
Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild HjermundrudKongen i Statsråd kan ikkje åleine rokke ved avgjerda til kommunestyret, men regjeringa kan sende ballen til Stortinget.
I Vågsøy-delen røysta 59,2 prosent for å splitte opp kommunen (blanke stemmer unnateke), og valdeltakinga var høgare enn i Flora-delen.
Resonnementet om at «det held at éin part ønskjer skilsmisse» var medverkande då kommunalministeren involverte seg i kommunestriden sør i landet.
Ifylgje regjeringa kan Søgne og Songdalen bli skilt frå Kristiansand kommune dersom folket i dei to tidlegare kommunane ønskjer det.