Hopp til innhold

Dei kan mista 578 arbeidsplassar på ni år

LEIKANGER (NRK): 578 arbeidsplassar i Sogn kan ryka viss fylke og statsetatar blir slått saman, konkluderer ny rapport: – Mange kan bli nøydde til å flytta, seier ordførar.

Jon Håkon Odd, Ivar Kvalen, Jarle Aarvoll

ILLEVARSLANDE: Ordførarar Jon Håkon Odd (Leikanger), Ivar Kvalen (Luster) og Jarle Aarvoll (Sogndal) kan bli dei store taparane viss fylkeskommunale og statlege arbeidsplassar blir sentraliserte vekk frå Sogn og Fjordane.

– Dette er særs alvorleg – for heile Sogn, seier Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap).

Odd blar i ein ny rapport frå konsulentselskapet BDO som viser at 578 arbeidsplassar i indre Sogn kan ryka innan 2025:

  • 156 ved Sogn og Fjordane fylkeskommune (Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland forhandlar om å gå inn i ein ny storregion på Vestlandet)
  • 113 ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i Leikanger (Regjeringa vurderer å slå saman mange av dagens 17 fylkesmannsembete)
  • 30 ved NAV sitt fylkeskontor i Leikanger (Vågeng-utvalet har føreslått å leggja ned fylkeskontora og oppretta regionkontor)
  • 84 administrativ tilsette ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) i Sogndal (HiSF har vedteke å fusjonera med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund)
  • 42 ved Skatteopplysninga i Leikanger (eit kontor som mellom anna svarar på skattefaglege spørsmål frå folk og verksemder, og som BDO difor meiner vil vera utsett på lang sikt på grunn av digitalisering og automatisering)
  • 153 arbeidsplassar hjå underleverandørar og som følgje av mindre etterspurnad etter varer og tenester

Massiv flytting

– Blir framtida slik rapporten seier, er det alvorleg for regionen vår, seier ordførar Ivar Kvalen (Sp) i Luster.

Saman med Sogndal og Leikanger har Luster tinga rapporten for visa kor viktige dei statlege og fylkeskommunale arbeidsplassane er for bu- og arbeidsmarknaden i indre Sogn.

Berre i Luster jobbpendlar 638 personar til Sogndal eller Leikanger (2013-tal).

Forsvinn arbeidsplassane, kan 867 indresogningar koma til å flytta, slår rapporten fast. Det er illevarslande for heile Sogn og Fjordane, meiner Odd:

– I dag veks to område i fylket – rundt Førde og Sogndal. Forsvinn arbeidsplassane i Sogn, står me att med berre eitt vekstområde.

Kjempar for leiarmakt

Ordførarkollegaene i Sogn kjem til å bruka rapporten i kampen om arbeidsplassane viss fylkesmennene og fylkeskommunane endar opp med å bli slått saman.

Redsla til sogneordførarane er at etatssjefane og jobbane skal hopa seg opp i Bergen.

Kravet deira er at arbeidsplassane skal spreiast jamt ut over Vestlandet. Difor står dei skulder ved skulder for å behalda til dømes Fylkesmannen i Leikanger – både jobbane og embetsleiinga:

– Forsvinn leiarnivået ved den eine statlege etaten etter den andre, vil det få store følgjer. For det er der leiarane sit at arbeidsplassane blir utvikla og styrka, seier Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap).

Tore Thorsnes og Anne Karin Hamre

STOR-SOGN: Direktør Tore Thorsnes i Nav Sogn og Fjordane og fylkesmann Anne Karin Hamre tok i fjor til orde for at ein storkommune i Sogn vil verka som ein buffer mot sentralisering av statlege arbeidsplassar.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Stor-Sogn kan tryggja arbeidsplassar

Både Aarvoll og Odd har tilrådd kommunesamanslåing, mellom anna for å tryggja nettopp dei offentlege arbeidsplassane. Det var òg eit sentralt argument då Nav-direktør Tore Thorsnes og fylkesmann Anne Karin Hamre i fjor meinte at ein storkommune ville vera det beste for Sogn.

– Det blir stadig meir krevjande å nå fram med at Leikanger er ein del av ein stor bu- og arbeidsmarknadsregion. Tenkinga sentralt er i større grad slik at det må eit visst folketalsgrunnlag til for å få tilført nye arbeidsplassar, sa Hamre.

Urokkeleg Luster-nei

Fylkesmannen skal om fire veker leggja fram tilrådinga si til ny kommunestruktur i Sogn og Fjordane. Mange er spente på om Hamre går imot folkeviljen i Leikanger og Luster og føreslår ein storkommune på nordsida av Sognefjorden.

Sjølv om den nye rapporten altså seier at mange offentlege arbeidsplassar kan ryka, er ikkje Luster-ordføraren sitt nei-standpunkt til å rikka:

– Me kan vera med på å tryggja – og utvikla nye – offentlege arbeidsplassar like godt som sjølvstendig kommune, som del av ein storkommune, seier Kvalen.