Hopp til innhold

Tre av fire lærte ikkje å svømme på skulen

Dei fleste lærer å svømme andre stader enn på skulen. Livsviktig kunnskap som ikkje bør ha noko med kva familie du veks opp i, meiner Redningsselskapet.

Hele Norge svømmer: Elever i Porsgrunn leker med byggeklosser i bassenget.

Svømmeopplæring i Porsgrunn. Meir enn halvparten av alle foreldre meiner skulen bør vere staden ein lærar seg å svømme, men berre ein av fire gjer det, viser ei undersøking.

Foto: Håkon Eliassen / NRK

Berre 23 prosent av oss lærte å svømme på skulen, viser ei ny undersøking Redningsselskapet og Norges Svømmeforbund har fått gjort. Resten lærte det hovudsakeleg av familie på fritida eller i ferien, av ein instruktør på eit svømmekurs eller av seg sjølv.

Kim Hagen Bertheussen, direktør frivillighet og forebygging i Redningsselskapet

Kim Hagen Bertheussen i Redningsselskapet.

Foto: NRK

– Svømming og livredningskompetanse er livsviktig. Då bør det ikkje spele nokon rolle kva for sosioøkonomisk bakgrunn du har. Alle bør ha like føresetnader, og det trur vi blir gjort best i skulen, seier Kim Hagen Bertheussen, direktør for frivillighet og forebygging i Redningsselskapet.

Meir enn 2000 menneske frå heile landet har svart. Undersøkinga (ekstern lenke) er gjort mellom mai og juni i år. 96 prosent svarer at dei kan svømme utan hjelpemiddel.

Delen som svarer at dei ikkje kan svømme, er litt høgare blant dei eldste, men lågare blant dei yngste.

Samtidig viste ei undersøking frå Svømmeforbundet tidlegare i år at berre fire av ti 10-åringar meiner dei kan svømme over 200 meter.

I ei undersøking frå 2013 var det 53 prosent som kunne svømme over 200 meter.

Fleire døyr i vatn enn på veg

Sjølv om dei fleste nordmenn kan svømme, har om lag 100 personar drukna kvart år i Noreg dei siste åra. Talet har gått ned sidan Redningsselskapet starta å telje i 1988.

I sommar har det likevel vore ei utvikling som gjer dei bekymra: drukningstala i samband med kor mange som blir drepne i trafikken.

Fram til juli har 51 personar drukna, medan 42 er drepne i trafikken. 2021 kan altså bli det første året fleire døyr i vatn enn på vegen.

– I trafikken har ein nullvisjon for omkomne og nasjonal tiltaksplan. Vi ønsker oss det same på drukningsfeltet, seier Bertheussen.

Nye krav til svømming i skulen

Norske barn er dårlegast til å svømme i Norden. I fjor kom ein ny læreplan for kroppsøving. I den blei krava til svømming noko endra.

Mellom anna blei det sett mål for barn heilt ned til 2. trinn, og det blei innført livredningsopplæring ute i naturen.

Livredningskurs for lærere i Hjelmeland og Ingjerd Haarstad, Delfinen svømmeskole

I Hjelmeland i Rogaland går alle lærarar på livredningskurs i haust. Slik er det ikkje i alle kommunar. Kurshaldar Ingjerd Haarstad frå Delfinen svømmeskole nummer to frå venstre.

Foto: Magnus Stokka / NRK

I undersøkinga er ikkje barna sjølve spurte om korleis dei lærte å svømme. Men foreldra deira er. Av dei som har barn som kan svømme, seier 29 prosent av dei at barna lærte det på skulen.

Samstundes meiner heile 54 prosent av dei spurte at skulen bør vere staden barn i hovudsak lærar seg å svømme.

– Veldig mange kompetansemål som er innført i skulen, blir ikkje innfridd. Anten fordi elevane ikkje får nok eller god nok undervisning eller fordi foreldra og dei rundt ikkje kjenner kompetansekrava, og difor ikkje kan stille krav, seier Bertheussen.

Ingjerd H. Haarstad, daglig leder og hovedinstruktør, Delfinen svømmeskole.

Ingjerd Haarstad.

Foto: Marte Skodje / NRK

Ingjerd Haarstad og Delfinen svømmeskole er blant dei som har kurs for lærarar. Hjelmeland kommune i Ryfylke valde å sende alle lærarane sine på det denne veka.

– Elevane fortener same kvalitet i svømming som i andre fag. Det er eit fag ein kan døy av å ikkje kunne. Det er livsviktig kunnskap, seier ho.

Ap: – Fellesskapet må gjere meir

Norges Svømmeforbund og Redningsselskapet har gått gjennom alle partia sine program. Få av dei nemner svømming i det heile. Sosialistisk Venstreparti nemner «meir fysisk aktivitet», men har ikkje konkretisert kva for aktivitet dei meiner.

Senterpartiet vil «sikre alle elevar tilgang til basseng og styrke svømmeundervisninga». Arbeidarpartiet vil stille strengare krav til svømmeundervisninga «slik at barn lærar å svømme».

Torstein Tvedt Solberg

Torstein Tvedt Solberg (Ap).

Foto: Vidar Ruud / NTB

Svømming er ikkje nemnt i dei andre partia sine program. For dårleg, meiner utdanningspolitisk talsperson i Ap, Torstein Tvedt Solberg.

– Det er ganske skremmande at ikkje fleire parti er opptatte av dette. Ikkje minst når ein ser talet på drukningar i sommar. Då må vi som fellesskap gjere meir for at alle lærar seg å svømme, seier han.