Fleire omkomne i drukningsulukker enn trafikkulukker

Så langt i sommarmånadane har 24 menneske mista livet i drukningsulukker. I fjor heldt Aksel Gorman på å bli ein del av den dystre statistikken.

Operastranda i Oslo

På Operastranda i Oslo markerte Noregs Livredningsselskap verdsdagen for drukningsførebygging.

Foto: Ronja Elise Bredholt Schrøder / NRK

På ein solfylt sommardag i fjor sommar var sønene til Anne Gorman, Sander og Aksel, ute i vatnet og fiska krabbar.

Men plutseleg var Aksel borte.

– Det låg ei badebukse i vatnet som eg kjende igjen. Så tenkte eg at den badebuksa skal ikkje liggja slik. Då skjønte eg at han låg og flaut, seier Gorman.

Anne Garmo

Anne Garmo håpar at historia deira kan vera til hjelp.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Då tenkte eg «løp», og så sprang eg, legg ho til

Sander klarte å få Aksel opp på land. På land byrja Anne og gi hjarte og lungeredning.

Til slutt fekk ho liv i den vesle guten.

Fleire omkomne enn i trafikken

Juli 2021 såg lenge ut til å bli ein månad med få drukningsulukker. 15. juli viste drukningsstatistikken at berre to personar hadde drukna i juli.

Men etter den tid drukna fem personar mellom 15. og 19. juli. Søndag kveld drukna også ein mann etter ein kanovelt i Øyangen i Ringerike.

Dermed har totalt 24 personar mista livet i drukningsulukker til no i sommar. I juni og juli i fjor drukna 26 personar i Noreg.

Så langt i år har det vore fleire drukningsulukker enn trafikkulukker. I følgje Redningsselskapet var det fram 14. juli 41 omkomne i drukningsulukker. Mellom 15. - 19. juli drukna det fem personar. Søndag kveld drukna også ein mann. Så langt i år har totalt 47 menneske drukna, medan 29 personar har omkome i trafikken, ifølgje Trygg Trafikk.

Talet på omkomne i trafikken har falle dramatisk frå 1988 til i dag. I 2002 vedtok Stortinget ein nullvisjon – ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i trafikken. Kurva for talet på drukna fell ikkje like bratt.

Verdsdagen for drukningsførebygging

På Operastranda i Oslo søndag markerte Noregs Livredningsselskap verdsdagen for drukningsførebygging.

Her haldt dei kurs med born om kva ein skal gjera om ein oppdagar personar som held på å drukna.

Mange born vil prøva å kasta ut line.

Mange born på Operastranda ville prøva å kasta ut line.

Foto: Ronja Elise Bredholt Schrøder / NRK

– Svømmeferdigheiter er grunnmuren i vår kompetanse, men dei fleste som druknar er faktisk svømmedyktige. Det dei manglar er sjølvbergingskompetanse og livredningskompetanse, seier president Claire Ann Alfonso i Noregs Livredningsselskap.

Ho trur at fleire liv kunne vore spart om fleire i tillegg til svømmeferdigheiter hadde tileigna seg kunnskap om dette.

president Claire Ann Alfonso i Norges Livredningsselskap.

Claire Ann Alfonso, president i Noregs Livredningsselskap.

Foto: Ronja Elise Bredholt Schrøder / NRK

– Dei fleste har kanskje ein førestilling om at ein som druknar ropar høgt og kavar med armane. Slik er det diverre ikkje. Ein som druknar gjer det i det stille fordi dei prøver å ta vare på den siste energien dei har for å pusta, seier ho.

Oppdagar ein nokon som er i ferd med å drukna, råder Alfanso folk til å ringa etter hjelp, og kasta ei line eller bøye for å dra personen på land.

Livreddarar var på plass på Operastranda søndag.

Livreddarar var på plass på Operastranda søndag.

Foto: Ronja Elise Bredholt Schrøder / NRK

Om ein sjølv går ut i vatnet for å redda ein person, seier ho det er viktig å ha med seg ein «forlenga arm». Dette kan vera ei t-skjorte, grein eller noko anna.

– Ein person som held på å drukna vil instinktivt forsøka å ta tak i deg for å klatra opp, seier ho.

Livredning var avgjerande

Heldigvis gjekk det bra for familien på Sørlandet. Og Aksel er framleis glad i å bada.

– Det skulle berre gå bra, seier Anne Garmo.

Ho seier at det var fullstendig avgjerande at ho kunne livredning.

Aksel og mamma Anne.

Aksel heldt i fjor på å bli ein del av den dystre drukningsstatistikken. Mamma Anne seier livredningskunnskap var avgjerande.

Foto: Leif Dalen / NRK

– Eg håpar og trur at vår episode kan hjelpa andre å forstå at alle må følgja med alle. For då kan me redda mange fleire.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger