Hopp til innhold

– Kroppspress skal ikkje endre skulen

Når ungdomsskulen har felles svømming, søkk deltakinga blant jentene dramatisk. Kunnskapsdepartementet er krystallklare på at elevane skal ha felles svømming.

Svømmeundervisning, Eknes ungdomsskole

Helst vil svømmelærar Anita Stensli ha samla svømmeundervising for elevane ved skulen, her representert ved Linus Gulbrandsen og Amila Plecan frå 9. trinn. Men jentene møter ikkje når det er gutar i bassenget.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Kropp og kroppspress tar alt for mykje plass i samfunnet vårt allereie, vi kan ikkje la det endre skulen også. Eg meiner derfor at jenter og gutar i hovudsak bør ha felles svømmeundervising.

Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) er statssekretær i kunnskapsdepartementet.

Kroppspress kan ikkje endre på skulen, meiner statssekretær frå Arbeidarpartiet, Synnøve Mjeldheim Skaar.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

Dette er orda til Synnøve Mjeldheim Skaar som er statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Skular NRK har snakka med fortel at det er vanskeleg å få jenter ned i bassenget viss det er gutar der.

– Sist time var det berre to andre jenter og eg som hadde svømming saman med 20 gutar, fortel Amila Plecan.

Ho er elev ved Eknes ungdomsskule i Krokstadelva.

I fjor hadde Eknes skole eit prøveprosjekt: Separert svømmeundervisning, gutar og jenter kvar for seg i bassenget.

– Da var deltakinga høg, særleg blant jentene. Hos gutane er ho stort sett veldig bra uansett, noterer lærar og svømmelærar Anita Stensli.

Så blei felles svømmeundervisning sett på timeplanen igjen. Da sokk deltakinga til jentene.

Ifølge organisasjonen Flyte døyr nesten like mange i drukningsulykker i Noreg, som i trafikken. Eitt av tiltaka mot drukningsdøden er at fleire lærar seg å svømme.

Kva meiner du? Si di meining nedst i saka.

Kroppsøvingslærerne (og ekteparet) ved Eknes ungdomsskole Anita Stensli og Stig Holanger

Kroppsøvingslærarane (og ekteparet) ved Eknes ungdomsskule Anita Stensli og Stig Holanger.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Jentene fryktar kommentarar om kroppen

Steinsli seier at kjønnsdelt svømmeundervisning kontra samla, er som natt og dag.

– Det skulle ikkje vore sånn, men det er det. I klassen eg har, er det 68 elevar. Sist svømmetime var det 27 jenter som ikkje var med, berre 11 svømte, rapporterer ho.

Burde skulane ha kjønnsdelt svømmeundervisning?

Kunnskapsdepartementet på si side er klar.

Når barn og unge synest det er utrygt, pinleg eller vanskeleg å svømme saman med det motsette kjønn, er skulen sin oppgåve å finne gode løysingar. Barn og unge må også lære å handtere press, sjenanse og vanskelege situasjonar, det lærer dei ikkje ved at skulen gir etter for kroppspresset, seier statssekretæren.

Anita Steinsli har vore lærar i over 20 år, og peikar på ei negativ utvikling: Færre og færre jenter deltar i svømmeundervisning.

Ho meiner årsaka er samansett:

  • Religion
  • Etnisitet
  • Sosiale medium
  • Normer/trendar
  • Generell samfunnsutvikling
  • Kva ein lærer heime

Det koker likevel ned til éin ting.

– Mange jenter er redde for kommentarar, å bli sett på og bli snakka om, seier Stensli.

– Snakkar de med gutane om dette?

– Ja. Vi skal ikkje høyre éin einaste kommentar, for det er superviktig at ein ikkje kommenterer kroppane og utsjånaden til kvarandre.

Stensli skulle helst sett at svømmeundervisninga var blanda, at elevane var trygge nok på seg sjølve og andre. Ikkje minst i betraktning av at det er få svømmetimar i løpet av året.

– Men for skulen sin del, med tanke på deltakinga, så synest eg vi burde hatt skild svømmeundervisning.

Les også Siv Jensen hardt ut mot regjeringen

Bading ved Operastranda i Oslo

Tilpassar undervisninga etter ønske frå elevrådet

Arild Sandvik er rektor ved Harestua skule i Lunner kommune i Akershus.

Han seier at skulen periodevis har kjønnsdelt svømmeundervisning for 9. og 10. trinnog at kroppspress er ein tematikk dei har på dagsorden på fleire arenaer.

Arild Sandvik

– Det store kroppsfokuset er eit generelt problem i samfunnet, og det kan verke som fleire elevar er meir sårbare for blikk nå enn før, seier rektor ved Harestua skule, Arild Sandvik.

Foto: Privat

– Vi veit at dei fleste elevane, blant jentene, ønsker kjønnsdelt undervisning. Dette er noko vi prøver å tilpasse etter ønske frå blant anna elevrådet. Da kan det vere at vi køyrer kjønnsdelt i éin månad av gongen.

Resultatet er som ved Eknes ungdomsskule: Langt fleire jenter deltar gutane ikkje er i bassenget.

– Erfaringane våre er heilt klart positive. Jentene er tryggare, fleire deltar. Årsaka til at jentene ønsker dette, er frykt for kommentarar og kroppspress, seier Sandvik.

Han understrekar at skulen ikkje er kjent med ufine kommentarar retta mot verken gutane eller jentene.

– Det er nok meir frykta for dette skal skje, og at dei synest det er litt ukomfortabelt å bli sett i badetøy.

Garderobe, Eknes ungdomsskole

Kjønnsdelt svømmeundervisning eller samla? Det er spørsmålet.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

Regelen om at elevar vanlegvis ikkje skal grupperast etter kjønn, er lovfesta. Rettleiaren frå Kunnskapsdepartementet seier at denne regelen skal tolkast strengt.

Preben og Stanislaw satte uoffisiell norgesrekord i å svømme under isen.

Preben og Stanislaw sette uoffisiell noregsrekord i å svømme under isen.

– Kommunen som skuleeigar har ansvar

Cathrine Børnes er avdelingsdirektør hos Utdanningsdirektoratet.

Cathrine Børnes

Cathrine Børnes hos Utdanningsdirektoratet.

Foto: Pressefoto/Utdanningsdirektoratet

På spørsmål om det finst retningslinjer for korleis svømmeundervisninga blir organisert og om dette er opp til kvar skule/kommune, svarer ho:

Det er kommunen som er skuleeigar og har ansvar for å følge opp at elevane får opplæringa dei har krav på.

Ho viser til Kunnskapsdepartementet som i 2017 publiserte ein rettleiar om organisering av elevar i grupper.

Skuldar på mensen for å sleppe svømming

Amila Plecan ved Eknes ungdomsskule har ikkje noko imot svømming med gutane, men seier at mange av venninnene kjenner seg utrygge.

– Det kan komme frekke kommentarar frå gutane overfor jentene.

Amila Plecan, Linus Gulbrandsen

Amila Plecan seier at nokre av jentene er redd for kommentarar om kroppen, men at ho sjølv ikkje har opplevd det.

Foto: Henning Rønhovde / NRK

– Kva seier jentene når dei ikkje møter opp til fellessvømming?

– At dei har mensen. Men dei vil ikkje ha svømming med gutane, svarer Plecan.

Klassekamerat Linus Gulbrandsen foreslår at ein kan ha separat svømming i 8. klasse og kanskje byte året etter.

Les også Vil ha slutt på kjønnsdelte toaletter: – En unødvendig oppdeling

Offentlig toalett ved Spikersuppa i Oslo.

– Da er vi litt meir modne og kjenner kvarandre betre òg.

– Kommenterer de på jentekroppen slik at dei høyrer det?

– Eg har ikkje høyrt noko i alle fall, ikkje i garderoben heller. Det er viktig at barn og ungdom er trygge på kven ein er, og er i ein klasse ein kjenner seg trygg.

Viss han kunne velje, er han ikkje i tvil kva som er best.

Eg ville nok hatt alle samla. Men da er det sjølvsagt viktig at alle kjenner seg komfortable, svarer Gulbrandsen.

James Bartosz Roger, Amila Plecan, Linus Gulbrandsen, Ali Sina Ahmedi

Trivst som fisken i vatnet (og på land), frå venstre: James Bartosz Roger, Amila Plecan, Linus Gulbrandsen, Ali Sina Ahmedi.

Foto: Henning Rønhovde / NRK