Hopp til innhold

Vil lokke fastlegar med 400.000 kroner i bonus – framtidas legar er skeptiske

Kampen om fastlegane spissar seg. Ein kommune vil gje nye legar bonus på fleire hundre tusen kroner. Legestudentane meiner det er feil veg å gå.

Ein person med skjegg sit i ein stol med to-tre knappar kneppa opp. Ein lege held eit stetoskop til brystet. Vi ser korkje av dei sitt andlet. I bakgrunnen, ute av fokus, ser vi stolar og utstyr som høyrer til på eit legekontor.

Stadig fleire nordmenn har ikkje ein fast lege å gå til om dei treng det og som skal kjenne deira sjukdomshistorie. Problemet vert stadig verre.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Tal frå Helfo viser at kring 175.000 nordmenn står utan fastlege. Allmennlegeforeininga meiner det er det snakk om heile 235.000, ifølgje TV 2.

Legar vågar ikkje pensjonere seg, for dei fryktar for pasientane sine. Kronisk sjuke mistar legen sin ved loddtrekking då det vert for mange på lista.

Kommunar går i bodkrig med kvarandre for å skaffe vikarar, noko som kan koste dei hundrevis av millionar. Men det er ikkje berekraftig i lengda, og dei ber om hjelp frå staten.

No vil Karmøy dele ut ein bonus på 400.000 kroner til dei som vel å bli fastlege i kommunen.

Men ikkje alle er einige i at slike strakstiltak er vegen å gå.

Les også Kommuner må løse fastlegekrisa selv – våger ikke vente

Legekontor

Ingen ledige plassar

Helse- og omsorgsutvalet i Karmøy vedtok onsdag kveld å gå inn for ei stipendordning for nye legar som får jobb i kommunen.

Karmøy har totalt åtte ledige legestillingar (ekstern lenkje), blant dei seks fastlegeheimlar.

Om du skulle vore på leit etter plass hjå ein av fastlegane som er der, er ingenting ledig og hundrevis står på venteliste.

Nora Olsen-Sund, nærbilde

Nora Olsen-Sund seier det er svært utfordrande å rekruttere fastlegar, men håpar stipendet kan vere til hjelp.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Den nye stipendordninga vil gje nyrekrutterte legar 200.000 kroner i året i to år i «oppstartsstønad». Om utvalet og kommunedirektøren får det som dei vil.

Vi har tru på å rekruttere dyktige fastlegar til Karmøy ved å legge økonomisk betre til rette for den einskilde, skriv Nora Olsen-Sund til NRK i ein e-post.

Ho er kommunalsjef for helse og omsorg i Karmøy.

I alt reknar kommunen med at ordninga vil koste dei kring 8 millionar kroner.

Les også Fastlege våger ikke pensjonere seg – frykter for pasientene sine

Fastlege Svein Gisle Apeland

Fryktar bodkrig og urettferd

I eit brev (ekstern lenkje) frå fastlegane i Karmøy til kommunen skriv dei at lokale tiltak for å betre krisa kan bli kostbare om staten ikkje grip inn for å sikre rettane til innbyggjarane.

«Det gjev ikkje lenger nokon garanti for likeverdige tenester, slik intensjonen var ved innføringa av fastlegeordninga», skriv dei.

Også morgondagens legar tvilar på at lokale bonusar er riktig måte å løyse den nasjonale krisa på, sjølv om dei ikkje er prinsipielt imot lokale tiltak.

– Det her er på ein måte berre løysingar som fiksar problemet her og no. Som kanskje får ein eller to ekstra fastlegar til den gjeldande kommunen, men då tek ein jo kanskje legar frå ein annan kommune, seier Maja Elisabeth Mikkelsen.

Maja Elisabeth Mikkelsen er leder i Norsk medisinstudentforening

Maja Elisabeth Mikkelsen seier ho skjønar kommunar som Karmøy veldig godt som vil teste ulike måtar å løyse krisa på og gje innbyggjarane sine det tilbodet dei har krav på.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Ho er leiar for Norsk medisinstudentforeining og om nokre år ferdig utdanna lege.

– Det vert jo til at ein berre tek legar frå kvarandre, mellom kommunane. Det fører ikkje til at fleire faktisk har lyst til å gå inn i yrket, og det er jo det vi er opptekne av.

Mikkelsen seier mange kommunar brukar mykje pengar på å lokke legar til seg.

– Samstundes so skjønar eg jo at kommunane går inn og tek grep, det er dei jo nøydde til, rett og slett. Men det er jo fordi staten fråskriv seg ansvaret, seier ho.

Les også Vil lokke flere leger til fastlegeordningen – det kan koste milliarder

Medisinstudent Hedda Kristine Ovik.

Kan betre rekrutteringa

Ruth Mariann Hop (Ap) er leiar av utvalet som torsdag vedtok å fremje stipend-forslaget. Ho seier der ikkje var nokon som sa anna enn at forslaget frå kommunedirektøren var eit godt eit.

Når saka har gått gjennom formannskapet og hovudutvalet, er ho ganske sikker på at det vil bli vedteken i kommunestyret når saka skal opp 19. september.

Men vert ikkje dette ein konkurranse mellom kommunar at den som byr høgast får flest legar?

– Jo, slik det er no med desse hurtigtiltaka, so er det klart at det kan vere noko i det. Samstundes trur eg alle kommunane no legg pengar på bordet for å gjere noko med krisa, seier Hop.

Ho seier også at ho trur slike lokale tiltak kan hjelpe på rekrutteringa til yrket – nett det medisinstudentforeininga er uroa for.

– Det at ein gjer det betre og mindre risikabelt for nyutdanna å kome i jobb kan jo betre på rekrutteringa i andre enden, at fastlegeyrket får eit betre omdøme. For det er ikkje tvil om at dei no har ei enorm arbeidsbelasting, seier Hop.

Både Hop, Olsen-Sund og Mikkelsen seier dei håpar og trur på ei statleg, endeleg løysing på fastlegekrisa.

Homofil pasient reagerer på legebesøk: – Legen burde vite bedre