Hopp til innhold

Krev ny plan for plastsøppel frå Rogfast

Fylkesmannen krev nye planar frå Vegvesenet for korleis dei skal takle plastsøppelet frå verdas lengste undersjøiske tunnel, Rogfast.

Plastfibrar frå Ryfast

Plastfibrar frå sprenginga av Ryfasttunnellen.

Foto: Håkon Fossmark / Naturvernforbundet i Rogaland

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Nå er det veldig mykje plast som kjem ut i sjøen. Me tenkjer at Miljødirektoratet og andre overordna organ må sjå på om denne praksisen kan fortsetja.

Assisterande miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland, Marit Sundsvik Bendixen tenkjer høgt. Det handlar om plastsøppelet som kjem til å følge tunnelsteinen frå Rogfast når bygginga startar opp.

– Kanskje denne steinen må lagrast på land eller knusast eller brukast på ein annan måte heller enn å bli fylt ut i sjøen, seier Sundsvik Bendixen.

Rogfast

Rogfast skal bli over 26 kilometer lang.

Foto: Statens vegvesen

Vil ha nytt løyve

– Me kan ikkje garantera at det ikkje kan vera nokre få plastbitar som blir tatt av straumen i sjøen, men problemet blir av ein heilt annan målestokk enn det Ryfastbygginga har ført til, og det blir ikkje synleg på overflata.

Dette seier prosjektleiar for Rogfast, Tor Geir Espedal. Han har fått eit utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Rogaland, men det er under føresetnad av at det ikkje skal koma noko plastsøppel ut i sjøen, og det er for strengt, meiner han.

Tor Geir Espedal

Tor Geir Espedal er prosjektleiar for Rogfast og ønskjer seg eit friare utsleppsløyve for plastsøppel.

Foto: Undi Torstensen, Statens Vegvesen

– Me må setja oss ned rundt eit bord og sjå om me ikkje kan finna ei løysing, som også er akseptabel for miljøstyresmaktene, seier han.

Har sagt nei til meir plast

Hittil har Fylkesmannen vore knallhard i utsleppsløyvet dei har gitt til Statens vegvesen, og det har ein klar årsak.

Dumping av tunnelstein i sjøen frå Ryfast-prosjektet, som har pågått i tre år, har ført med seg mykje plastsøppel i sjøen og på strender og i viker i Ryfylkebassenget.

Plastfiber og skyteledning av plast frå Ryfastsprenging

Plastfiber og skyteledning av plast frå Ryfastsprenging funne ved Jærkysten i Randaberg.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Derfor hjelper det ikkje at Statens vegvesen nå har fjerna plasten i armeringa i sprøytebetongen og skyteledningane har blitt tynnare og tyngre slik at dei nå skal søkke ned til botnen.

Marit Sundsvik Bendixen

Marit Sundsvik Bendixen, assisterande miljøvernsjef i Rogaland, krev nye planar for plastsøppelet frå Rogfast.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me synest ikkje dokumentasjonen Vegvesenet har kome opp med er god nok, seier Sundsvik Bendixen hos Fylkesmannen i Rogaland.

Ho set nå eit klart krav til møtet med Statens vegvesen om denne saka i neste veke.

Det er at Vegvesenet må koma opp med noko heilt nytt og annleis. Enten på korleis sprenginga skal gå føre seg utan at det blir så mykje plastsøppel, eller på korleis lagringa av tunnelmassane skal skje.

Usikkert kor farleg det er

– Kva skjer med plasten som blir lagra i ei sjøfylling? Kor blir det av den? Og kor lang tid tar det før den er heilt borte?

Portrettbilde av Roald Kommedal, 1. amanuensis og forskar på miljøbioteknologi ved UiS

Roald Kommedal, forskar på miljøbioteknologi ved UiS og fryktar konsekvensane av meir plastsøppel i sjøen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Slike spørsmål har ikkje forskarane funne svaret på ennå, seier forskar i miljøbioteknologi ved Universitetet i Stavanger, Roald Kommedal.

– Og så er det ein fare for at levande organismar kan ta opp i seg plast?

– Ja. Me har sett studiar på mikroplast der det er nokre negative konsekvensar, men om det vil skje i denne konkrete utsleppssaka, det veit me jo ikkje, seier Kommedal.