Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) tek ned forventningane til store samferdselsutbyggingar i statsbudsjettet for 2023.
– Det seier seg sjølv at vi som har store budsjett må bidra tungt. Så det vil bli vonbrot, seier han til TV 2.
Han ville ikkje konkretisere kva for utbyggingar som vert sett på vent.
Men det vil budsjettpartnar SV.
I helga oppmoda transportpolitisk talsperson i partiet, Mona Fagerås, regjeringa til å «vri midlane vekk frå svindyre, arealkrevjande og klimafiendtlege motorvegar».
For å «hjelpe regjeringa på veg» sette ho opp ei liste med ni motorvegprosjekt (sjå faktaboks) som bør skrotast, mellom anna det «hårreisande prosjektet» Hordfast.
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) tek ned forventningane til store samferdselsutbyggingar i statsbudsjettet for 2023.
Foto: Heiko Junge / NTB– Svært urovekkjande signal
– Eg reagerer sterkt på SVs liste, seier Kjell Ingolf Ropstad (KrF).
Han viser til at SV vil skalere ned motorvegen mellom Mandal og Lyngdal.
– Dette er ein av dei mest utsette dødsvegane. Då er det svært urovekkjande at denne figurerer på ei kuttliste når budsjettet skal lagast.
Kuttlista vert til gjengjeld positivt motteke i MDG, Raudt og hos Naturvernforbundet (sjå under).
SV feira sist ein «stor samferdselssiger» då dei i forhandlingane om revidert statsbudsjett fekk med seg Arbeidarpartiet og Senterpartiet på ein avtale om motorveg-slanking.
Til BT uttalte miljøpolitisk talsmann i SV, Lars Haltbrekken, at neste steg i «kampen mot motorvegmanien» var å skrinleggje Hordfast.
E39: Nye Veier byggjer firefelts motorveg mellom Kristiansand og Stavanger. Her arbeider dei på ei strekning mellom Kristiansand og Mandal.
Foto: Tor Erik Schrøder / NTB«Ruskete farvatn», høg inflasjon og renteauke
Dei siste signala frå samferdselsministeren er i tråd med «Augustforedraget» til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp), der han med referanse til «ruskete farvatn», høg inflasjon og renteauke varsla tøffe prioriteringar i statsbudsjettet.
– Budsjettarbeidet har endra seg enormt frå januar og februar til no. Eg trur det aldri har endra seg så mykje for ei regjering før, sa han.
Forslaget til statsbudsjett for 2023 blir lagt fram for Stortinget torsdag 6. oktober.
– Dersom regjeringa no utset eller avlyser viktige prosjekt i Vestland vil mange veljarar kjenne seg lurt, seier fylkesleiar i Vestland Høgre, Silja Ekeland Bjørkly.
Ho legg til:
– Regjeringspartia har i løpet av valkampen garantert for prosjekt som Hordfast, Ringveg Aust, Strynefjellstunnelen og Stad Skipstunnel. Eg forventar derfor at dei leverer på desse lovnadene.
Dei siste signala frå samferdselsministeren er i tråd med «Augustforedraget» til finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
Foto: Beate Oma Dahle / NTB– Oslo-arroganse av verste stort
Stad Skipstunnel er kostnadsberekna til 3 milliardar kroner, men prosjektet har ikkje byggjestart før i 2024.
Aftenposten tok tidlegare i september til orde for å skrote tunnelen med tilvising til at det var «ein fiks ide» med gamle svar som «ikkje lèt seg forsvare samfunnsøkonomisk».
– Oslo-arroganse av verste stort, kvitterte stortingsrepresentantane Alfred Bjørlo (V) og Erling Sande (Sp).
– Vi ser at regjeringa ønskjer å skru ned forventningane, men verken vi eller Kystverket har fått signal om at skipstunnel-prosjektet ikkje går som planlagt, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad.
Stad Skipstunnel er kostnadsberekna til 3 milliardar kroner. – Vi har ikkje fått signal om at skipstunnel-prosjektet ikkje går som planlagt, seier prosjektleiar for tunnelen, Randi Humborstad.
Foto: Kystverket/SnøhettaMindre til veg, jernbane og offentlege bygg
Øyvind Halleraker er dagleg leiar i «pådrivarselskapet» Hordfast AS, som arbeider for ferjefri E39.
Han seier til NRK at han søv godt om natta og at han tek kutt-signala frå regjeringa med ro all den tid Hordfast er blant dei «mest lønsame prosjekta i heile landet».
Han viser til «trafikklys-oversikta» som Statens vegvesen la fram i sommar (sjå bilete), der Hordfast er nummer åtte på lista over prioriterte prosjekt.
For første gang har Statens vegvesen laget ein anbefalt rekkefølge av store vegprosjekt på oppdrag frå regjeringa.
Foto: Håvard NyhusPå spørsmål om kvar dei skal bruke mindre pengar, har regjeringa i heila haust svart veg, jernbane og offentlege bygg.
Transportpolitisk talsperson i Frp, Frank Sve, seier til NRK at han ikkje aksepterer premissen om at kutt i vegsektoren er nødvendig.
– Her blir transport- og anleggsbransjen ofra utan at det er godt nok grunngjeve.