Hopp til innhold

– Ryfast-søppel heilt til Suldal og Vindafjord

Det er framleis forsøpling av plastfiber og skyteleidningar i Ryfylkebassenget etter Ryfast-arbeidet – eit drygt år etter at det blei slutt på bruk av plastfiber i det gigantiske tunnelprosjektet. Nå har Vegvesenet fått eit nytt pålegg frå Fylkesmannen om å rydda opp.

Hans Olav Sandvoll

Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd er bekymra over forsøplinga etter Ryfast-arbeidet. Her har han funne plastfiber og skyteleidningar på Fjellsholmen utanfor Jørpeland.

Foto: Magnus Stokka

– Her ser me det klassiske. Skytestreng og fiber. Det er veldig mykje småplast som ligg rundt omkring, fortel dagleg leiar Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd.

Han tar oss med til Jørpelandsholmen, eit steinkast frå stålverket på fastlandet på Jørpeland. I dette området finn friluftsrådet stadig forsøpling frå arbeidet med det undersjøiske tunnelprosjektet Ryfast, som går føre seg like ved.

– Det er sjølvsagt blitt mindre av søppelet fordi både me og Vegvesenet har samla inn betydelege mengder. Men me blir aldri heilt kvitt det. Me finn litt her og litt der, seier Sandvoll, og løftar opp noko av det han finn blant tang og tare.

Fiber på ville vegar


Det er plastfiber som tidlegare blei brukt som armering i betongen for å sikra Ryfast-tunnelane for ras som er problemet, i tillegg til skyteleidningar. Delar av dette har hamna i sprengingsmassane som er dumpa i sjøen. Resultatet viser igjen langt frå sjølve Ryfast-arbeidet, ifølge Sandvoll.

– Me har funne fiber nord i Vindafjord, i Suldal og i innløpet til Lysefjorden, sjølv om ein del av dette kjem frå Lysebotn 2-prosjektet til Lyse. Det er snakk om ein kombinasjon av sprengleidningar og armeringsfiber.

Hans Olav Sandvoll

Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd meiner oppryddinga av Ryfast-forsøplinga tok til for seint og med for lite ressursar.

Foto: Magnus Stokka

Nytt pålegg

Fylkesmannen har nå gitt Statens vegvesen eit nytt pålegg om å rydda opp plastfiber og skyteleidningar med bakgrunn i bekymringsmeldingar og opplysningar frå Vegvesenet. Dette trass i at det er eit drygt år sidan det blei slutt på bruk av plastfiber i prosjektet.

– Dette er eit miljøproblem og skulle ikkje skjedd. Pålegget blir gitt på grunn av frykt for skader på fugl og fisk og andre levande organismar i sjø- og strandsona, seier Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd.

– Finn lite søppel

Gunnar Eiterjord

Ryfast-sjef Gunnar Eiterjord seier det blir funne langt mindre forsøpling frå Ryfast nå enn tidlegare.

Foto: Anders Fehn / NRK

Prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord, seier eit båtfirma ein gong i veka ryddar Ryfast-søppel rundt om i Ryfylke. Men nå finn dei så lite at dei berre skal rydda annakvar veke.

– I tillegg tar me sjølv stikkprøvar. Dette er ei oppfølging me tidlegare har avklart med Fylkesmannen.

Ryfast-sjefen beklagar forsøplinga og lovar at det skal bli rydda opp så langt det lar seg gjera.

– Det er framleis klager frå folk, ifølge Fylkesmannen. Blir det rydda nok?

Ryfast-utslipp

Vegvesenet har brukt millionbeløp på å rydda opp plastfiber som har blitt med sprengingsmassen frå Ryfast og ut i sjøen.

Foto: Erik Thoring / Naturvernforbundet i Rogaland

– Resultata viser at det nå blir funne lite søppel, men folk flest som ferdast i skjergarden har nok blitt merksame på forsøpling i naturen gjennom denne saka. Det synst me er bra. Eg trur me skal klara å rydda opp på ein rimeleg god måte.

– For sein opprydding

I fjæresteinane på Fjellsholmen, som er naboholmen til Jørpelandsholmen, finn Hans Olav Sandvoll i Ryfylke Friluftsråd meir plastfiber og skyteleidningar. Han trur oppryddinga starta for seint og med for lite ressursar.

– Hadde ein kome sterkare i gang tidlegare, trur eg ikkje dette hadde vandra så mykje i Ryfylke.