Hopp til innhold

Historisk vedtak: Her må elbilane betala 70 prosent

Halv takst med elbil er skrota. No blir Ryfast det første bompengeprosjektet i landet kor elbilane må betala meir enn 50 prosent. – Det er for tidleg å fase ut fordelane, meiner Elbilforeningen.

Fjellhallene i Ryfast i Ukrainas farger

Ryfast, verdas lengste undersjøiske tunnel, går mellom Stavanger og Strand kommune. Nå blir det landets første bompengeprosjekt kor elbilane må betala 70 prosent av vanleg takst.

Foto: Bård Asle Nordbø / Statens Vegvesen

– Eg vil nok vurdera om det er andre måtar eg kan koma meg til jobb på, til ein lågare kostnad, seier Jan-Arild Skappel.

Han er elbileigar og pendlar frå Strand i Ryfylke, via den undersjøiske tunnelen Ryfast, til jobb i Stavanger.

Skappel estimerer at hans familie i dag har mellom 3000–4000 kroner i bompengeutgifter i månaden. Men nå kan det bli endå meir.

Jan Arild Skappel har hatt elbil i ti år.

Jan-Arild Skappel har hatt elbil i ti år. No vil han vurdere å finne seg ein annan måte å pendle til jobben i Stavanger på.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Første prosjekt i landet

Eit fleirtal i fylkestinget i Rogaland har nemleg gått inn for at elbilistane må betala 70 prosent av den ordinære taksten, for å køyra gjennom det som er verdas lengste undersjøiske tunnel.

Fram til nå har elbileigarane betalt halv pris.

Les også Innfører økte bompengesatser for elbil: – Tidenes dårligste elbilbudsjett

Jan Arild Skappel har hatt elbil i ti år

Det var før jul at Stortinget opna for at Samferdselsdepartementet kan, dersom det er vedteke av lokale styresmakter, fastsetta ein takst for lette nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 på inntil 70 prosent av ordinær takst i eksisterande og framtidige bompengeprosjekt.

Ryfast er det første vegprosjektet der lokale politikarar nyttar seg av moglegheita.

Vegdirektoratet seier til NRK at dei ikkje har fått inn søknadar frå andre om at elbilar skal betala 70 prosent og har heller ikkje høyrt om andre som har vedtatt det lokalt.

Kritisk til å fjerna fordelar

– Det er for tidleg å fase ut fordelane, seier styreleiar i Elbilforeningen i Rogaland, Erik DePasquale.

Han viser til at sjølv om 80 prosent av nybilsalet i Noreg i fjor var elbilar, så er framleis 80 prosent av bilparken i Noreg fossilbilar.

Les også Bråbrems for salget av nybiler

Lars Ola Solstad, daglig leder Motor Forum Stavanger.

Difor meiner han at det er viktig å framleis ha insentiv for å fleire til å gå over til nullutsleppskøyretøy. Og at det framleis burde låge fast at elbilar skal ha 50 prosent bompengerabatt.

– Me ønsker at det er ein synleg skilnad. Det er viktig å synleggjera at det skal lønna seg å køyra utsleppsfritt, seier DePasquale.

Meiner elbilar må likestillast

– Me hadde valet mellom å auka dei ordinære takstane med 15 prosent eller å gjera ei justering på rabatten på elbil, seier fylkesvaraordførar frå Sp, Arne Bergsvåg.

Det har vore bompengeinnkrevjing i Ryfast i eitt år. Vegdirektoratet har vurdert økonomien i prosjektet og konkludert med at inntektene er for låge.

Dei kom difor med ei anbefaling til bomselskapet Ferde om å auka takstane.

Bergsvåg var blant dei som konkluderte med at det var rett å auka prisen for dei som køyrer elbil, i staden for at det skulle bli dyrare for alle.

– Me er nok komne så langt med andel elbilar at me må begynna å likestilla elbilar og fossilbilar. Og så er det framleis mange økonomisk insentiv for å velja elbil, seier fylkesvaraordføraren.

Les også Så mykje dyrare blir dei populære elbilane

Biler i Karmsundgata i Haugesund

Over 30 kroner dyrare

Med vedtaket om 70 prosent for elbilar, kjem også ei auke på 10 prosent av taksten for ordinære køyretøy.

Det betyr at elbilar med bombrikke framover må betala 91,84 kroner per passering gjennom Ryfast, mot 59,6 kroner tidlegare. Det er ei auke på 32,24 kroner per passering.

Og sjølv om det er eit tak på 40 passeringar kvar månad, blir det mykje dyrare for pendlarane.

For pendlar Jan-Arild Skappel blir det no enten buss eller eit fartøy med tre hjul når han skal på jobb.

– Det er buss, men det vil dobla tida mi til jobb frå ein halvtime til ein time. Og i ein travel kvardag så betyr det faktisk litt. Men du har også desse trehjulingane som ein ikkje betalar noko for. Eg har ikkje avgjort noko endå, men eg kjem i alle fall til å vurdera eitt av dei to alternativa, seier Skappel.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg