Hopp til innhold

Bompengeselskapa taper stort: – Bilistar må førebu seg på å betala meir i bomringane

Ein stadig aukande andel elbilar førar til at bompengeselskapa taper store inntekter. Rekninga for det kan hamne hos både elbilistane sjølv og dei som køyrer fossilbil, meiner ekspert.

Bomstasjon Haugalandspakken Spannevegen

BOMPENGAR: I dag betalar bensin- og dieselbilar dobbelt så mykje i bompengar som elbilar. Snart kan det bli dyrare for begge.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– I dag betalar elbilistane halvparten så mykje i bompengar som dei som køyrer fossile bilar. Ein mykje høgare andel elbilar vil kunne gi store inntektstap for bompengeselskapa, seier Kjell Werner Johansen, assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt.

I fleire bomringar i landet er elbilandelen nå om lag 30 prosent, viser tal frå bompengeselskapa. Johansen fortel at elbilandelen kan auke til både 60 og 70 prosent om nokre år.

Det kan bety mindre pengar inn for bompengeselskapa.

Ei av løysingane på dette er ifølge Johansen at ikkje berre elbileigarane sjølv, men også dei som køyrer fossilbil, må betala meir i bompengar.

Kjell Werner Johansen

Assisterande direktør i Transportøkonomisk institutt, Kjell Werner Johansen.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– Ein kan sjå føre seg at ein aukar takstane for dei som køyrer bensin og diesel, og at elbilane betalar halvparten av det. Dersom det skal monne med ein så stor andel elbilar, kan takstane for dei andre bli ganske høge, seier Johansen.

Inntektsfall i bomringane

I Oslo i 2025 reknar ein med ein reduksjon i bompengeinntektene på 450 millionar kroner samanlikna med i år.

I bomringen i Bodø er inntektstapet på 9 millionar kroner. For å dekke tapet må dei halde bomstasjonen oppe i om lag eitt år ekstra, dersom veksten i elbiltrafikken held same tempo.

Ryfast

RYFASTTUNNELEN: Innkrevjinga på Ryfast starta 1. februar 2021. I dag er trafikkveksten så stor at den vegar opp for dagens elbil-andel.

Foto: Magnus Stokka

Bompengeselskapet Ferde har over 20 bomprosjekt på Sør- og Vestlandet. Dei er blant anna ansvarlege for Ryfast, verdas lengste og djupaste undersjøiske tunnel, som bind saman Ryfylke og Nord-Jæren. I desember var 27 prosent av bilane som køyrde gjennom han elbilar.

– Med ein aukande elbilandel kan det bli ei utfordring for prosjektøkonomien at elbilane betalar mindre. Likevel er det viktig å vere klar over at det er ei lang innkrevjingstid, opptil 20 år, på prosjekt som dette. Viss trafikken aukar òg, kan det vege opp for dei låge prisane elbilane betalar, seier Marit Husa, kommunikasjonssjef i Ferde.

Marit Husa, Ferde

Marit Husa, kommunikasjonssjef i Ferde.

Foto: Ferde

Ynskjer framleis elbil-fordelar

Lars Nehru Sand er politisk kommentator i NRK. Han seier at det framleis er politisk vilje til å behalda elbilfordelane.

– Ein ynskjer framleis å behalde fordelane for dei som kjøper og køyrer elbil, seier han.

Innan 2025 skal alle nye bilar vere nullutsleppskøyretøy. Seks av ti bilar som vart selde i fjor var elbilar, ifølge tal frå Norsk Elbilforening.

Lars Nehru Sand

Lars Nehru Sand, politisk kommentator i NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

Sand fortel at statens inntekter frå bilavgifter går raskt nedover.

– Foreløpig er ein villig til å seie at dette er omstillingskostnadar som fylgjer med det grøne skiftet. Eg trur det vil vare i alle fall ut denne stortingsperioden, men ein må nok sjå på det på nytt fram mot 2030. Det er ei målkonflikt mellom at ein vil ha fleire elbilar, men samtidig treng inntektene frå bompengar og avgifter, seier han.